Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Denne forskaren har no ansvar for barnefotballen i Vålerenga
Halvard Grendstad ville at forskingsfunna hans skulle få betydning for barne- og ungdomsidretten.
Intility arena, heimebane for Vålerenga, blei Halvard Grendstads nye arbeidsplass i januar. Her får han bruke kunnskapen frå forskinga på vekst og modning i praksis.(Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø)
– Eg måtte ut av
komfortsonen. Det var ubehageleg å selje seg sjølv inn, men eg kjente at eg
måtte gjere det.
Halvard Grendstad fortel om tankane som kom til han i siste del av doktorgradsarbeidet, med utsikt over Vålerengas relativt nye og snødekte storstove.
Da hadde han begynt å forstå at kunnskapen han tileigna seg gjennom forskingsprosjektet sitt kunne få ei betydning i idretten.
Fekk kompetanse få andre
hadde
I tillegg innsåg
Grendstad at nålauget for å jobbe vidare innanfor akademia er trongt. Å bli professor var
heller ingen draum.
– Eg fekk jo mykje
kunnskap gjennom perioden som stipendiat og såg ganske raskt at dette var noko
som mangla i praksis. Etter kvart følte eg at eg hadde ein kompetanse som få
andre hadde. Da blei det naturleg å ynskje å bruke det eg kan for å gjere idretten
betre for barn.
Iført blå treningsgenser
med VIF-logoen på brystet har han tatt i mot oss i øvste etasje over tribunen
på Intility arena.
Eit vanskeleg plagg å
ikle seg for nokre bergensarar, men for Grendstad var klubben langt oppe på
lista over attraktive arbeidsgjevarar.
Langrenn slit som mange andre idrettar med fråfall i ungdomsskulealder. Forskinga til Grendstad viser at ein ikkje treng å starte med systematisk hardtrening i denne alderen. Det kan bety at ein klarer å behalde fleire lenger i idretten.
I siste del av forskningsperioden bestemte han seg for å tenkje strategisk for å ruste seg
best mogleg til livet etter doktorgraden. Korleis kunne han vise
fram kunnskapen sin og knytte viktige kontaktar?
Sjølv om det var unge
langrennsløparar han hadde forska på, forstod han at vekst og modning var eit
tema mange i idretten var interesserte i.
Han prøvde seg fram og
tok kontakt med mange som jobba med idrett og ungdom i forskjellige idrettar.
Det blei fleire avslag,
men det opna seg også moglegheiter. Mellom anna eit prosjekt
i Norges fotballforbund og ei deltidsstilling i fotballklubben Hasle/Løren.
– Det er ubehageleg å
stikke hovudet fram såpass mykje, men viss eg verkeleg ville jobbe med det eg
forska på, måtte eg berre prøve.
Trefte tidsanda på
LinkedIn
Etter at han begynte å
publisere forskingsartiklar, blei LinkedIn ein viktig kanal.
Grendstad fortel at
engasjementet blei større og at han nådde fleire, etter kvart som han også
torde å ha personlege meiningar basert på forskingsfunna sine.
Forskingsfunna hans
handlar mellom anna at puberteten er den viktigaste faktoren for utvikling av
kondisjon i ungdomsåra.
Samstundes med at
puberteten også har stor påverknad på fysisk prestasjon i idrett for både guter
og jenter.
Annonse
Grendstad argumenterte
dermed med at idretten bør legge opp til meir variert og leikbasert aktivitet
lenger, og unngå tidleg spesialisering.
Vålerenga vil ikkje vere ein klubb der ein er nøydd til å spesialisere og profesjonalisere tidleg. Klubben for alle er visjonen til laget frå Oslo aust.
Der trefte nok
stipendiaten den berømte tidsanda.
– Mange synest det har
blitt for mykje spissing for tidleg i norsk idrett dei siste åra. Eg fekk
utelukkande positive tilbakemeldingar.
I tillegg til LinkedIn,
blei det artiklar på nih.no, forskning.no og i media. Det resulterte i mange
føredragsoppdrag for ulike særforbund som ynskte å høyre meir om
forskinga.
– Funna våre passar
eigentleg veldig godt med slik mange særforbund ynskjer at ungdomsidretten skal
vere og den norske idrettsmodellen. Men dei fortel at det er vanskeleg å nå
gjennom til dei på treningsfeltet.
Vålerenga ville endre
måten dei jobba på
Like før avhandlinga
skulle leverast i fjor sommar kom han i kontakt med Vålerenga. Dei var også opptekne av
trenden om tidleg spesialisering og spissing.
På Oslos austkant var
ikkje det noko dei ynskte for dei yngste i klubben.
– Me har vald å gå for
ein annan retning i treningskvardagen til barn og ungdom, fordi me ser at måten
ein jobbar på i andre klubbar er ekskluderande og legg til rette for tidleg
fråfall, fortel utviklingsansvarleg Eline Kulstad-Torneus, som har vore med å
tilsetje Grendstad.
Dei ville endre måten dei
jobba på, og trong fagleg tyngde som kunne bidra til denne endringa. Då passa NIH-stipendiaten
perfekt inn.
– Halvard var interessant
for vår del, rett og slett fordi han sit med ein kompetanse få andre har.
Kompetansen hans treff også eit alderssegment som er vanskeleg å å fylgje opp
godt nok i ein travel klubbkvardag, seier Kulstad-Torneus.
Vålerengas perspektiv er
at dei skal vere klubben for alle. Alle skal ha moglegheiten til å bli gode og
bli sett.
Annonse
Sjølv om mange barn drøymer om å bli proffspelar i Vålerenga, vil Oslo-klubben vere ein klubb for alle og ikkje spesialisere tidleg. Det skal også vere rom for å drive med andre idrettar, fortel Grendstad.
Utover hausten blei kontakten formalisert, og
Grendstad fekk sjansen til å vere med å påverke sin eigen stilling. I januar gjekk
bergansaren inn dørene på Valle med VIF-logoen på brystet for fyrste gong.
No er han leiar for
vekst, modning og fysisk utvikling, og har hovudansvar for utviklingsavdelinga
10-12 år.
Halvparten av stillinga handlar om den fysiske treninga til Vålerengas jenter frå 10
til 16 år.
Grendstad skal lage
planer for korleis klubben skal jobbe med spelarane i den alderen med tanke på
trening og kampbelastning.
– Me skal ta omsyn til
vekst, alder og modning. Sidan me veit at veksten kan ha betydning for
skaderisiko og kva slags trening som er best for denne aldersgruppa, fortel
Grendstad.
Kull med 100 barn på
trening samtidig
I den andre halvparten
skal han jobba med aldersgruppa 10-12 år som er overgangsperioden frå
barnefotball til ungdomsfotball.
Der skal Vålerenga gjere
ei stor endring.
Framover skal ikkje
gutter 11 år berre trene saman med sitt eige lag som dei spelar kampar i serien
med.
No skal heile kullet på
over 100 barn vere på trening samstundes.
– Målet er å
differensiere treninga ut frå ulike ting. Som ferdigheitsnivå, vekst, modning,
sosiale faktorar og tekniske ferdigheiter, fortel Grendstad.
Slik vil dei hindre at
det blir A og B-lag. Dei vil at alle skal vere samla på trening og at barna
skal bli utfordra der dei er i utviklinga no.
Annonse
– Me vil utfordre dei på
forskjellige ting. Viss ein er best i kullet sitt, kan det i nokre treningar
vere fornuftig å sette dei beste saman. Andre gonger kan det vere lurt å sette
ein av dei med best ferdigheiter med dei som har mindre erfaring, for at dei
beste skal få lære seg ei leiarrolle. Andre gonger kan det vere fornuftig å
dele opp på vekst og modning, seier Grendstad og legg til:
– Me veit at det å ha
kome lengst i puberteten har betydning for den fysiske prestasjonen. Ved å dele
opp etter vekst og modning tar ein eigentleg vekk det fysiske aspektet ved
spelet, slik at dei blir utfordra på andre ting.
Vålerengas
utviklingsansvarleg er glad for at han kjem inn med kunnskap om jenter
spesielt.
– Halvard kjem inn med
kunnskap om jenter som er nytt for mange av oss. Me ynskjer ikkje å trene
jenter som gutar, og det kan me betre legge til rette for når me veit meir om
kva jenter går gjennom når det kjem til vekst, modning og trening i puberteten,
seier Kulstad-Torneus.
Halvard Grendstad meiner det å jobbe med eit doktorgradsprosjekt over fleire år kan samanliknast med å vere prosjektleiar. Han tar nå eit deltidsstudie i prosjektleiing.(Foto: Colourbox)
Bevisstgjere trenarar og
foreldre
Han er spent på kva
endringa vil bringe med seg.
Det er lett å finne
negative stemmer, men Vålerenga har bestemt seg for at dei vil gå i bresjen og
at dette kan få betydning utover klubben.
Ein stor del av jobben
handlar om å bevisstgjere og utdanne dei mange trenarane i klubben.
– Det er viktig å
formidle at dette er bygd på kunnskap. Me er tydelege på at dette ikkje er
synsing, men noko me veit ut frå forsking og mykje erfaring om kva som er lurt
å gjere i denne alderen, seier han og legg til:
– Det er ikkje fornuftig
å spisse fotballag i tidleg alder.