Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
– Uteområde har mykje å seie for borns utvikling, helse og trivsel, seier ein av forskarane bak rapporten.
(Illustrasjonsfoto: Colourbox)
Over halvparten av norske barn har for liten skulegard
I byar er det berre 13 prosent av grunnskulane som oppfyller minimumsnorma.
Det viser den nye rapporten som har blitt laga på bakgrunn av
ei omfattande kartlegging av 372 representative grunnskular over heile landet.
Det er fyrste gong ein har fått tal på kor
stor plass norske elevar har til å vere aktive i skuletida.
Den gjeldande minimumsnorma er at kvar
elev skal ha 50 kvadratmeter kvar.
– Uteområde har mykje å seie for borns
utvikling, helse og trivsel, seier Emma Charlott A. Nordbø (NMBU), ein av
forskarane bak rapporten.
– Norma viser kommunane viktigheita av å
prioritere nok plass til elevar, men til no har det vore uklart kor mange
skular som faktisk oppfyller tilrådinga.
Rapporten er laga på oppdrag frå
Helsedirektoratet, og blir grunnlaget i vidare arbeid med retningslinjer.
350.000 elevar har for lite uteområde
Funna frå forskarar frå NINA, NIH og NMBU
viser at norske elevar i gjennomsnitt har 67 kvadratmeter per elev.
Men det er store skilnadar mellom skular,
og mange skular har svært små uteområde, særleg i byane.
Berre 13 prosent av grunnskulane i urbane
strøk har stort nok uteområde. Det vil seie at over 350.000 norske elevar kvar
dag har for liten plass i friminutta, seier prosjektleiar Zander Venter, forskar i Norsk institutt for
naturforskning (NINA).
Skeivfordeling forsterkar sosiale skilnader
Forskarane har også sett på kva type
uteområde skulane har, og kva slags grøntareal som finst i nærleiken av skulen.
Det vil seie i ein radius på 200 meter frå skulens eigedom.
Her kjem byskulane dårleg ut på begge
hald.
Skulane som har dei minste uteareala, har
også mindre natur og naturlege element som gras, tre og sand/stein, og meir
menneskapte overflater som asfalt, betong, gummifelt og kunstgras.
– Det gir grunn til bekymring
når vi ser at dei elevane som i utgangspunktet har minst tilgang til natur,
også har dei dårlegaste skulegardane. Dette kan forsterke sosiale skille og
sementere allereie eksisterande forskjellar i barns oppvekstvilkår, seier Venter.
Uteareal er avgjerande for helse og læring
Rapporten peikar også på andre
konsekvensar for elevar på skular med små uteområde i urbane strøk.
Lite natur kan påverke elevanes helse,
trivsel og læring.
– Når skulegardane blir mindre
går det ofte utover tilgang til natur viser undersøkinga vår. Kvifor skal vi
bry oss om det? Jo, fordi vi veit frå tidlegare forsking at tilgang på natur og
grøntareal mellom anna gir betre læring, seier Vidar Ulset, førsteamanuensis
ved Institutt for lærerutdanning og friluftslivsstudier på NIH.
Tidlegare forsking har vist at det å ha
natur rundt seg gir betre konsentrasjon, kan dempe ADHD-symptom og har mange
positive helseutfall.
Ulset meiner derfor at elevar på urbane
skular har ei klar ulempe, og fortener meir tilgang på natur i skulekvardagen.
– Kanskje vi burde tenkt heilt
motsett? At elevar i tettbygde strøk burde bli kompensert for at dei bur og går
på skule i by, og dermed fått tilgang til større uteområde og natur i
skulegarden?
Referanse:
Emma Charlott Nordbø mfl.: Nasjonal kartlegging av uteområder i norske grunnskoler. NINA rapport, 2025.
Les også disse sakene fra Norges idrettshøgskole:
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER