Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Forskar kritisk til ski-VM: – Kan ikkje villeie publikum
VM i Trondheim har gått høgt ut og seier dei skal vere det mest berekraftige gjennom tidene. Forskar Josephine Traberg er kritisk til korleis dei kan måle det i ettertid.
Det ser ut til å bli ein ny folkefest i Granåsen i Trondheim, 28 år etter at dei hadde VM på ski sist. Men kor berekraftig blir arrangementet?(Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB)
Det nærmar seg eit nytt VM på ski i Noreg, og det
som ser ut til å bli ein ny folkefest i Trondheim med over 200.000 langs
løypene.
Meisterskapet skal også bli det mest
berekraftige VM på ski gjennom tidene og vere eit inspirerande kraftsenter for berekraftig
utvikling, ifølgje arrangørane.
Forskar på berekraft og idrett
Josephine Traberg på Norges idrettshøgskole (NIH) forskar
på korleis store idrettsarrangement og organisasjonar kommuniserer om
berekraft.
– Det å kome med ein såpass stor lovnad som
tidenes mest miljøvenlege eller berekraftige ski-VM, stiller eg meg kritisk til.
Det er vanskeleg å måle. Me har heller ikkje nødvendigvis data å samanlikne med
frå tidlegare VM på ski. Derfor kan måla vere vanskelege å innfri, seier
Traberg.
Podcast: Om ski-VM og berekraft
I denne episoden av podcasten frå NIH kan du høyre forskar Josephine Traberg saman med stevnedirektør i Bislett Games, Steinar Hoen i samtale.
Ho fortel om eit nytt direktiv som blir innført i
2026. Det skal gjere det ulovleg for organisasjonar å fremje seg eller
produkta sine som meir grøne eller miljøvenlege enn dei faktisk er.
Derfor kan desse utsegna vere ulovlege og gje
bøter om dei hadde kome med desse neste år.
Josephine Traberg forskar på berekraft og kommunikasjon i internasjonal idrett.(Foto: NIH)
Traberg nemner fotball-VM i Qatar 2022 og OL i
Paris sist sommar som andre meisterskap som lova meir enn det dei har kunne
vist til i etterkant.
– Qatar-VM skulle vere klimanøytralt og
utsleppsfritt. Det er absolutt ikkje fysisk mogleg å få til eit heilt
klimanøytralt meisterskap, seier Traberg.
Spent på kva Trondheim-VM vil vise i etterkant
Ho håpar at forskinga hennar på berekraft og
kommunikasjon i internasjonal idrett kan vere med på å gje kunnskap til
publikum om kva som er grønvasking og kva som er reelle og gode tiltak for å få
ned klimagassutslepp.
Traberg er spent på kva slags tal Trondheim-VM kan
vise til i etterkant av meisterskapet.
– Kva slags data har dei og kva har dei fått
målt og har oversikt over? Det er veldig fint at dei har sett fokus og søkjelys
på berekraft. Det applauderer eg dei verkeleg for. Men me kan heller ikkje
villeie publikum, seier Traberg.
Frå oljestemne til grønt førebilete
Det årlege friidrettsstemnet Diamond League i Oslo har fått
stor anerkjenning for dei mange grøne tiltaka som er gjennomført dei siste
åra.
Bislett Games gjekk frå å vere sponsa av
oljegiganten Exxon Mobile til å bli det fyrste idrettsarrangementet i Noreg
som blei sertifisert etter standarden for klimarekneskap (ISO 14064).
– I 2017 tok me eit aktivt val og sa at me aldri
meir skulle gjere oss avhengig av ein stor partner. Me tok all den reklameflata
Exxon hadde hatt, og spurde: Kva for samarbeidspartnarar treng me for å gjere vårt
grøne skiftet?
Annonse
Det seier stemnedirektør i Bislett Games, Steinar Hoen.
Han fortel at dei deretter gjekk ut og snakka med
Norsk gjenvinning, Hafslund, Ruter, Flytoget og SJ. Dei spurde ikkje direkte
etter pengar eller om dei ville kjøpe reklameplakatar.
Spørsmålet var: Korleis kunne dei hjelpe Bislett
Games med å få ned utsleppa sine?
Bislett har kutta utslepp med 39 prosent
– Motivasjonen vår var ekstra stor etter 29
år med Exxon. Me skulda samfunnet å rydde opp litt etter oss. Og skulle me få
til eit skifte, måtte tre ting vere til stades for at dette skal vere haldbart
over tid. Det er nøydd til å vere betre for både brukarane, klimaet og
lommeboka, seier Hoen.
Steinar Hoen og Bislett Games blir nå invitert rundt i heile verda for å fortelje om den grøne reisa arrangementet har hatt sidan oljeselskapet Exxon trakk seg ut i 2016.(Foto: NIH)
I dag har Bislettalliansen redusert
reisebudsjettet til utøvarane med nesten 40 prosent, klimagassutsleppet med 39
prosent og kjeldesorteringsgraden har gått opp med over 50 prosent (standard.no).
Dei har solcellepanel på taket, all energi kjem
frå fornybare energikjelder og utøvarane reiser kollektivt.
Kalenderen er lagt slik at Diamond League held
fram i Stockholm same langhelg som Bislett Games. Dit reiser alle deltakarane
med tog.
– Dermed slepp utøvarane å fly på kryss og tvers
over heile verda. Samtidig blir det billegare for oss fordi me slepp å betale
for tur-retur billett, seier Hoen.
Han viser til at Stockholm betalar 50 prosent
og Bislett den andre halvparten om dei flyg utøvarar inn frå for eksempel
Jamaica.
Lite informasjon på nettsider
Ifølgje forskar Traberg har VM på ski andre utfordringar
enn Bislett Games.
Annonse
Dei er for det fyrste avhengige av snø og
snøproduksjon.
VM går over 12 dagar ei mil utanfor Trondheim by og forventar over 200.000 tilskodarar. Bislett Games har ein kveld, midt
i sentrum av Oslo, med plass til dryge 15.000 på arenaen.
– På nettsidene deira er det ikkje veldig mykje
informasjon. Det står litt om kva dei skal gjere, men det er ikkje noko link
til for eksempel verktøyet for klimarekneskap Green Producers Tool. Det er også
veldig lite informasjon på engelsk. Det er bekymringsverdig. Internasjonale
interesserte må kunne finne ut av og forstå kvifor dette skal vere tidenes mest
berekraftige ski-VM, meiner Traberg.
NRK
har også skrive om kritikk frå miljøorganisasjonar for dei store lovnadane (nrk.no). Slik svarar
berekraftsansvarleg i Trondheim-VM, Ola Rønning, på spørsmåla.
– Me lagar eit klimarekneskap på dei utsleppa me
kan kontrollere her i Trondheim og VM-regionen. Det er mange flyreiser knytt til eit ski-VM. Me har ein heilskapleg tanke knytt til berekraft og ikkje
berre klima og miljø, seier Rønning til NRK.
– Ski-VM i Trondheim reddar ikkje verda aleine,
men me gjer så godt me kan. Ved å måle alt me gjer, blir me betre, og
framtidige meisterskap enda betre enn oss, seier Rønning.
Høyr meir om korleis Bislett Games har gjennomført
sine grøne tiltak i
NIH-podden under her: