Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Skadar gjorde at sesongen 2023 blei på sidelinja for Tonje Erikstein. Å ikkje få bidra for laget og gjere det ein elskar er vanskeleg, fortel Erikstein.

1 av 5 ute med skade kvar veke: – Mange kunne vore unngått

Kvinnelege fotballspelarar får fleire kneskadar og ein annan type hamstringsskadar enn menn, viser ny NIH-forsking. LSK-spelar Tonje Erikstein er ein av mange som har fått sesongen øydelagt av skade.

– Å vere ute så lenge har vore ganske forferdeleg, eigentleg. Reint personleg. Men så har du i tillegg det det har å seie for laget sportsleg. 

Endeleg kan Tonje Erikstein bidra på trening for LSK igjen. Sist sesong var ho langt meir på sidelinja enn på banen.

– Du er heldig viss du unngår kneskadar

Skaden tok ho med seg frå oppkøyringa og inn i sesongen. Håpet om comeback blei aldri meir enn eit håp. Det blei aldri sesongopning for midtbanespelaren med åtte sesongar bak seg i Toppserien for LSK og Kolbotn.

Den opplevinga deler ho med svært mange av kollegaene.

– Kjensla er at veldig mange ender opp med korsbandsskadar. Du er nesten heldig viss du går gjennom ein heil karriere utan å ha fått kneskadar. Eg har fleire venninner som har enda opp med å slutte fordi dei må tenkje på framtida, seier Erikstein og legg til:

– Dei vil ha ein kropp som kan gå på fjellet og gjere ting dei har lyst til.

Tonje Erikstein (tidlegare Pedersen) har spelt i Toppserien sidan 2014 for Grand Bodø, Kolbotn og LSK Kvinner.

Fleire skadar på grunn av betre nivå

Dei siste åra har doktorgradsstipendiat Roar Amundsen kartlagt skadar og sjukdom i Toppserien for kvinner. 

Kvinnefotballen har tatt store steg det siste tiåret, både med tanke på interesse, profesjonalitet og nivå.

Har det gjort at spelarane også blir oftare skada? 

– Ja, me ser at tempoet har blitt høgare, og spelarane tar fleire sprintar og høghastigheitsløp i løpet av ein kamp. Det veit me kan føre til fleire muskelskadar, og det har vore det største problemet i herrefotballen lenge. Studien vår stadfestar at det også er slik i kvinnefotballen nå, fortel Amundsen.

– Eg merkar også på treningsmengda at me trenar meir og hardare enn det me gjorde før, legg Erikstein til.

Gjennom dei siste sesongane har Tonje og dei andre eliteseriespelarane kvar veke tatt i bruk ein app for å registrere om skader eller sjukdom har hindra dei frå å trene og spele kampar med laget.

Tala er oppsiktsvekkande høge. 

I sesongane 2020 og 2021 hadde i gjennomsnitt 22 prosent av spelarane kvar veke ein skade eller sjukdom som gjorde at dei ikkje kunne delta på treningsfeltet. 

Lite forsking på fotballkvinner 

Det har blitt gjort lite forsking på skadar i kvinnefotball før nå, men eit par oversiktsstudiar frå tidleg 2000-tal viser at det da var mest vanleg med overtråkk, ankelskadar og kneskadar. 

Nå er det derimot ein annan type skadar som peiker seg ut som spesielt vanlege.

– Alle dei mest vanlege skadane nå er muskelskadar. Musklane på baksida (hamstrings), framsida (quadriceps) og innsida (adduktor) av låret er dei som er mest vanlege, seier Amundsen.

Korsbandsskadane som Tonje og kollegaene hennar fryktar aller mest, er likevel den mest alvorlege skaden og den som gir mest fråvær frå trening og konkurranse. 

Roar Amundsen legg fram avhandlinga si på NIH 14.februar.

Sjølv om me ikkje har samanliknbare studiar frå Eliteserien for menn, er det tydeleg at fotballkvinnene får fleire korsbandsskadar enn menn.

Kvinner får andre typar hamstringsskadar

Om lag 12 prosent av skadane var hamstringsskadar, viste denne studien.

Dei kvinnelege fotballspelarane får dei ikkje oftare enn mannlege, men dei får ein annan type og kan vere plaga over lang tid.

Dei mannlege spelarane får dei akutt, ofte etter sprintar.

Hamstringsmuskelen består av tre musklar, og det er nesten i alle tilfelle den ytste av hamstringsmuskelen som blir skada hos menn, fortel Amundsen. 

– I studien vår ser me at det er meir på grunn av belastning at kvinnene får hamstringsskadar. Det er ikkje nødvendigvis at det nappar til etter ein spurt. Det kjem meir gradvis og plagar dei over lengre tid. Hos kvinnene er det dei indre musklane som blir skada. Dei er kanskje ikkje heilt ute i seks veker som menn, men det plagar dei over lengre tid, seier Amundsen.

Kan redusere hamstringskadar med 50 prosent

Amundsen og gruppa hans såg også på førebyggjande trening av hamstring i ein delstudie.

Frå tidlegare forsking visste dei at å trene etter eit spesifikt hamstringprogram med øvinga «Nordic hamstring» kan redusere hamstringsskadar med 50 prosent.

Men det er få klubbar som gjennomfører programmet, kanskje fordi det tar for mykje tid. 

I denne studien samanlikna forskarane dermed dette omfattande programmet med eit anna program der dei også brukte Nordic hamstring-øvinga, men med færre repetisjonar og økter.

Resultata kan vere oppløftande for deg som fotballspelar. Dei som køyrde det enkle programmet, fekk den same styrkeeffekten.

– Det viser at spelarane kanskje ikkje treng å trene så mykje. Du må ikkje nødvendigvis ha tre økter i veka, men så lenge du får til noko, kan du få god effekt av ei økt i veka også, fortel Amundsen.

Er LSK-spelar på heiltid

Profesjonaliseringa har tatt kvinnefotballen mange skritt framover dei siste åra.

Tonje Erikstein er ei av dei som har gått frå å jobbe og studere ved sidan av, til å vere fotballspelar på heiltid. 

Ho merkar at mykje rundt fotballen har blitt betre medan ho har heldt på.

Likevel trur ho at mange av skadane på laget hennar kunne ha vore unngått. 

– Eg sit med ei kjensle av at mange av skadane som har vore i LSK i år, kunne ha vore unngått. Anten det er strekkskadar eller hamstring. 

– Korleis tenkjer du det kunne ha vore unngått?

– Det går kanskje mest på belastning. Folk kjem kanskje med ei kjenning på trening og pushar for hardt. I staden for å ta det alvorleg, så spelar dei kamp i helga, så skjer det noko der, og så er du ute i to–tre veker. Sånne små skadar kan fort bli lange avbrekk viss du ikkje tar det alvorleg frå starten av, meiner Erikstein.

LSK-spelaren er veldig glad for at dette blir forska på og jobba med. 

– Det er heilt essensielt for kvinnefotballen, eller eigentleg all kvinneidrett. For det er gjort så lite forsking på det. Me veit jo at biologisk er kvinner forskjellige frå menn, så det må jo forsking til for å kunne seie noko om kva som er utfordringane våre og korleis vi kan jobbe for å endre det. 

Må sette skadeførebygging i system

Forskar Amundsen meiner det er eit stort fokus på skadeførebygging nå.

Han merkar at fotballforbundet vil bruke desse forskingsfunna og jobbar godt med Idrettens helsesenter der alle toppseriespelarane er innom før kvar sesong. 

Dei har saman gått inn med ressursar til fysioterapeut i alle toppserieklubbane. 

– Det kan ha mykje å seie. Spelarstallen til klubbane i Toppserien er tynnare enn hos herrane, og ressursane rundt laga er mindre. Om klubbane set skadeførebygging i system, kan det absolutt hjelpe, seier Amundsen og legg til:

– Det skjer mykje positivt nå. Fleire kvinner spelar fotball på heiltid nå enn tidlegare, som gir betre moglegheiter til å restituere skikkeleg. 

Prosjektet med skaderapportering i Toppserien går også føre segnå og skal etter planen halde på i sesongane framover.

I samband med prosjektet skal klubbane ha fleire samlingar før neste sesong der alle skal jobbe med å sette skadeførebygging i system i laget sitt.

Slik har undersøkinga blitt utført

I to sesongar har alle spelarar på dei ti laga i Toppserien registrert skader og sjukdom i ein app. Kvar søndag har dei fått tilsendt eit spørjeskjema der dei svarer på om dei har hatt problem den siste veka.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS