Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Trine Stensrud testar lungefunksjonane til ein av deltakarane dagen før start i Eidfjord i 2023.

Er det helseskadeleg å gjennomføre Norseman? – Desse gruppene bør ikkje starte

Kvart år forskar dei på deltakarane i verdas hardaste triatlon. Spesielt eitt funn overraskar forskarane.

Publisert

– Eg trur ikkje det er sunt. I dei seks gongene eg har vore med, har eg aldri følt meg veldig sprek på målstreken, seier Stig Carlsson. 

Han er ein av 250 deltakarar som stod klar for å kaste seg ut i Eidfjorden for å svømme 3,8 kilometer, sykle 180 kilometer og springe 42,2 kilometer. 

Og ein av deltakarane som har sagt seg villig til å bli forska på.

Kvart år sender Norges idrettshøgskole (NIH) ei forskingsgruppe til Norseman for å teste deltakarane rett før start og etter målgang. 

Podcast: Forsking på Norseman-deltakarar

– Unikt innblikk i kroppen

Dei har mellom anna testa lungefunksjon, kroppssamansetning og korleis kroppen reagerer på det kalde vatnet. Mange av dei blir også testa nokre veker før start.

– Norseman er ein utruleg fin setting for å undersøke korleis kroppen reagerer når me gjennomfører ekstrem fysisk aktivitet. Noko me mest sannsynleg ikkje hadde fått lov til å gjennomføre i eit laboratorium, seier professor Jonny Hisdal og legg til: 

Jonny Hisdal er til dagleg professor ved Institutt for klinisk medisin ved Universitet i Oslo.

– Dette er ei skattekiste for forskarar. Det gjev oss eit unikt innblikk i korleis kroppen vår reagerer på ei sånn ekstrem påkjenning.

Redusert lungefunksjon

Dei har forska på eit utval av deltakarane kvart år sidan 2016. 

Eit av funna er at lungefunksjonen blir mellom anna kraftig redusert hos dei aller fleste deltakarar.

– 45 prosent av dei me har testa, har ein reduksjon på 10 prosent eller meir etter målgang. Det er det me kan definere som å ha anstrengelsesutløyst astma. 30 prosent har denne reduserte lungefunksjonen også dagen etter, fortel professor Trine Stensrud. 

Men det forskarane har blitt aller mest overraska over, er verdiane til dei ulike biomarkørane dei testar. Ein biomarkør er eit stoff eller molekyl som kan målast i ein kropp.

– Enkelte biomarkørar er skyhøge. Det har overraska oss litt, fortel Hisdal som sjølv har gjennomført konkurransen fleire gonger, og også er ein del av arrangørstaben.

Dei har vore interessert i korleis ekstrem uthaldenheit som å gjennomføre Norseman påverkar ulike biomarkørar i kroppen. 

Trine Stensrud instruerer deltakarane i ein av fleire testar som målar lungefunksjonen til deltakarane.

– Vi har vore opptatt av å finne ut kva som eigentleg er normalt nivå på desse biomarkørane når deltakarane kjem i mål. Viss for eksempel ein deltakar veltar under Norseman og hamnar på sjukehus, kan det få store konsekvensar om testane legane tek har høge verdiar. Det kan til og med vere undersøkingar som har ein viss risiko for pasienten, forklarer Hisdal.

Kan få praktisk betydning for helsevesenet

Han fortel at rett etter målgang har 99 prosent av deltakarane dei har testa, ein såkalla proBNP. Det tilseier at dei har fått hjartesvikt. 

proBNP er eit forstadium til hormonet BNP. BNP skilst ut i blodet ved blant anna hjartesvikt.

– Viss dei hadde tatt med den prøva til ein doktor så hadde han sagt: «Oi, denne pasienten har hjartesvikt. Og det er berre eitt eksempel, det er mange biomarkørar som er veldig høge, seier Hisdal.

Nå er målet å finne kva som er normale referansar for dei gjennomfører slike ekstreme uthaldenheitskonkurransar, for å skilje dei frå dei som faktisk har hjartesvikt eller hjarteinfarkt. 

Stig Carlsson fortel at han har følt seg sliten i tre-fire veker etter å ha gjennomført Norseman.

– Målet vart er rett og slett at dette skal få praktisk betydning. Draumen er at det blir utarbeida nye referanselinjer for dei som gjennomfører eller driv med ekstrem fysisk aktivitet. Når legar skal sjå på verdiane på biomarkørane, så har dei ein eigen referanselinje for dei som har gjennomført for eksempel Norseman og dei som ikkje har. 

Deltakarane i forskingsprosjektet svarar også kvart år på spørjeskjema. Derfor veit forskarteamet nå mykje om kven desse 250 deltakarane er som kvart år er heldige og får tak i startnummer.

Helene Melsom Tungesvik er lege og forskar. I 2023 fullførte ho sjølv Norseman og stilte i tillegg som deltakar i forskingsprosjektet.

Dette er nokre av funna:

  • 53 prosent har belastningsskade som går over lang tid.
  • Dei trenar frå 5 til 25 timar i veka. Gjennomsnittsdeltakaren trenar 12–13 timar. 
  • Deltakarane trenar mest sykling. Symjing er berre 4–5 prosent av treningstida.
  • Mange av deltakarane har testa sitt maksimale oksygenopptak i forkant. Resultata er frå 45 ml/kg/min til 70. Gjennomsnittet er på 57.

Kroppstemperatur på 33 grader

Arrangørane har også gjort grep med gjennomføringa ettersom forskingsresultata har kome. 

I mange år har dei målt kroppstemperaturen til enkelte av deltakarane ved hjelp av ei temperaturpille. 

Vasstemperaturen i Eidfjorden var heilt nede i ti grader i 2015. 

– Me har funne ut at det ikkje er forsvarleg å symje i så kaldt vatn, sjølv med triatlondrakt. Om dei hadde svømt full distanse i 2015, ville 25 prosent sannsynlegvis blitt kraftig nedkjølt og hatt ein kroppstemperatur under 35 grader, seier Hisdal om året da svømmedistansen blei korta ned.

Når deltakarane hentar startnummeret i Eidfjord sentrum står også forskarane klare til å teste dei.

Forskarane har funne ut at tida ein er i kaldt vatn er den faktoren som betyr mest. 

I 2018 var det 18 grader i vatnet. Likevel hadde ein kvinneleg deltakar 33 grader i kroppstemperatur. Ho brukte godt over to timar på distansen.

– Det å vere lenge ute i kaldt vatn kan vere farleg. Og sjølvsagt er det sånn at jo tynnare ein er, jo mindre toler ein det kalde vatnet. Våtdrakta har også stor betydning. Viss ho ikkje passar godt og ein ikkje er godt nok beskytta i ho, så vil du nok også bli raskare nedkjølt.

Lite som tyder på permanente skadar

Men er det helseskadeleg å gjennomføre Norseman? Får deltakarane varige plagar av å ha krige seg gjennom ein kald vestlandsfjord, tråkka seg over Hardangervidda og sprunge opp til Telemarks tak?

– Det er veldig lite som tydar på at ein får permanent skade av å gjennomføre Norseman. Deltakarane går tilbake til normalverdiane sine innan 14 dagar. Det kjem an på kor godt trena ein er og kor raskt ein restituerer. Dei som er dårlegast trena, brukar kanskje tre veker på å kome fullt tilbake, seier Hisdal.

Deltakar i forskingsprosjektet, Stig Carlsson seier sjølv at han har følt seg sliten i tre–fire veker etter å ha fullført Norseman.

– Men det er noko magisk ved å drive med dette her, seier han mellom dei forskjellige testane like ved utdelinga av startnummer på hotellet.

Hisdal meiner det er nokre grupper han ikkje vil anbefale å melde seg på.

– Eg vil nok ikkje anbefale om du er dårleg trent. Da er det nødvendigvis ikkje bra for kroppen eller ei god oppleving. Så lenge du har eit visst fysisk nivå vil eg anbefale det. Viss du har hjartesjukdom eller rytmeforstyrring eller andre ting som gjer at du ikkje bør presse deg så hardt, så synest eg ikkje me kan anbefale det. 

Forskarkollega Trine Stensrud oppsummerer:

– Det er meir skadeleg for kroppen å ikkje trene enn å gjennomføre Norseman.

Høyr heile episoden her:

 

Powered by Labrador CMS