Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Å kome i gang igjen med tung styrketrening, som for eksempel knebøy, ser ut til å vere ein god strategi for å kome tilbake på banen.(Foto: Emil Sollie)
Ny forsking om korsbandsskadar: Tung trening gir betre resultat
Eit behandlingsopplegg med intens trening før pasienten tar valet om operasjon eller ikkje, gir færre problem med kneet ti år etter, viser ny forsking.
– Nokre gonger føler
eg at fysioterapeutar er litt redde og for forsiktige, seier Anouk Urhausen.
Ho er ei av
forskarane som har undersøkt nærmare 300 personar med ein tidlegare
korsbandsskade, ti år etter.
Dreiv med handball
og fotball
Deltakarane var unge
aktive personar mellom 13 og 60 år. Gjennomsnittsalder på dei var 26,5 år. Alle dreiv
med idrett der ein er utsett for vriding minst to gonger i veka. Dei fleste
dreiv med ballidrettar som handball og fotball.
Ei gruppe fylgde ein
spesiell behandlingsplan kalla Delaware-Oslo ACL Cohort-behandlingsalgoritme. Han bestod mellom anna av tung styrketrening før valet om behandling.
– Dei rapporterte
om færre symptom, betre knefunksjon og var meir nøgde enn dei som fekk
vanleg behandling ti år etter operasjon, fortel forskar Anouk Urhausen ved Institutt for
idrettsmedisinske fag på Norges idrettshøgskole (NIH).
Operasjon eller
ikkje?
Om du skadar det
fremste korsbandet, står du ovanfor valet om å bli operert eller bli behandla
utan operasjon.
I denne studien
samanlikna forskarane tre grupper: Dei som hadde operert tidleg, dei som hadde operert på
eit seinare tidspunkt og dei som berre hadde hatt rehabilitering.
Dei såg på kva
deltakarane sjølv rapporterte, kor sterke musklane var, korleis dei hoppa, om
dei er framleis var aktive og om dei hadde andre plager i kneet.
– Vi såg at dei
fleste som gjennomførte behandlingsplanen vår, hadde like sterk muskelstyrke i
begge bein, deltok framleis i sport og fekk sjeldan kneartrose, som
korsbandsskadde er spesielt utsett for, seier Urhausen og legg til:
– Vi såg også at deltakarar utan operasjon gjorde det like bra som dei som
hadde vald tidleg operasjon. Men dei som hadde seinare operasjon, presterte litt
dårlegare på nokre av resultata enn de to andre gruppene.
Deltakarane i
prosjektet fekk sjølv velje om dei ville gå for operasjon eller rehabilitering
i samråd med kirurg og fysioterapeut.
– Dei blei ikkje
fortalt kva dei burde gjere, men dei fekk god pasientopplæring og blei fylgd
opp tett.
Urhausen fortel at
det var større sjanse for at operasjon blei anbefalt viss dei ville
tilbake til idrettane der ein er mest utsett for vriding, som for eksempel handball og
fotball. Sjansen var også større viss dei hadde problem med instabilitet etter rehabiliteringa.
Dei som berre gjekk
gjennom rehabilitering, var eldre, dreiv med idrettar med mindre grad av vriding
og hadde mindre tilleggsskadar på menisk enn dei som gjennomgjekk tidleg eller
sein operasjon.
Blir fylgd opp
tett
Men kva går eigentleg
denne behandlingsplanen ut på? Kva kan du lære av han om du eller nokon du
kjenner, skal trene deg opp etter korsbandsskade?
Annonse
– Det som er spesielt
med han, er at alle fekk fysioterapi like etter at dei blei skada og før dei
valde behandlinga. Dei blei fylgd opp tett og fekk tidleg ein ganske intens
treningsplan over fem veker. Dei trena minst to gonger i veka med tung
styrketrening, seier Urhausen.
Ho kjem med eitt eksempel på øving:
– Det kunne vere
seks til åtte repetisjonar av ei øving for lårmuskulaturen. Viss dei klarte to
repetisjonar til på siste sett, måtte dei legge til litt meir vekt. Målet var å
trene muskelen med tung styrketrening, forklarer Urhausen.
Må legge ned stor
innsats i treninga
Ho meiner du kan få
mykje igjen av å gjennomføre denne treninga før du tek valet om kva slags
behandling du ynskjer. Vi veit at nesten halvparten av deltakarane med eit
instabilt kne blei betre av programmet. Dei hadde større sjanse for å klare seg
utan operasjon.
Men ein må vere
villig til å legge ned stor innsats.
– Dette er sjølvsagt
veldig individuelt. Pasienten må forstå kva som er ulempene med å velje ein
behandlingsstrategi. Ein må trene skikkeleg for å kunne bli betre, og det krev
også mykje innsats om ein ikkje vel operasjon. Ikkje alle lykkast utan operasjon,
men alle som vil unngå operasjon, burde iallfall få sjansen å prøve seg på det.
– Er ein
avhengig av fysioterapeut for å gjennomføre programmet?
– Eg trur nok ein
må bli forklart korleis øvingane fungerer og kor hardt det må vere. Treninga
kan ein etter kvart gjere aleine, men det hjelper å bli fylgd tett opp av ein
fysioterapeut for å tilpasse øvingar.
Urhausen trur også
oppfylginga er viktig for å halde motivasjonen oppe til å gjennomføre treninga
regelmessig.
For opptrening etter ein slik korsbandsskade er ikkje gjort på eit
par månader, spesielt etter operasjon.
– Det må skje over
lang tid. Det er viktig med individualisering, og det er framleis ein del vi
ikkje veit. Det er derfor det er viktig å bli fylgd opp ganske lenge, ni
månader til eitt år etter skaden. Motivasjon for styrketrening er viktig, og det
hjelper for pasientane å sjå og bli fortalt at styrken deira aukar.