Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Andrea Modin Engesæth er i noregstoppen på langdistanse. Ho snakkar om energimangel i idretten, ein tilstand som fagfolk kallar REDs.(Foto: Samuel Hafsahl)
Skadeleg lite inntak av mat og drikke: Idrettsutøvar oppfordrar trenar eller forelder til å tore å ta praten om energimangel
Mellom- og langdistanseløpar Andrea Modin Engesæth har sjølv kjent på problemet. Ho er glad for at det har kome nye retningslinjer for å førebygge.
– Det har jo heilt klart vore vanskeleg til tider. Når du er yngre, så tenker du kanskje ikkje at det er så viktig og har ikkje like bra vaner og rutinar på ting.
Andrea Modin Engesæth satsar hardt på løping og kan skilte med to NM-gull på 3000 meter hinder og i terrengløp.
Podcast: Energimangel blant idrettsutøvere
Mellom-og langdistanseløper Andrea Modin Engesæth forteller om hvordan det er å gå gjennom en helseattest hvert år,og hvordan hun har kjent på utfordringen ved å få i seg nok energi.
Jorunn Sundgot Borgen og Anne Marte Pensgaard er eksperter på spiseforstyrrelser og idrettspsykologi. De forteller hva du bør se etter, hvem som er mest utsatt og gir deg sine best tips til hvordan du kan hjelpe.
Programledere for denne episoden av podcasten NIH-podden er Christina Gjestvang og Gjermund Erikstein-Midtbø. Redigerer er Eskil Byrkjeland. Du finner episoden nederst i artikkelen.
Var vanskeleg på
vidaregåande
22-åringen fortel at ho nå føler at ho har fått til ein god balanse mellom
toppidretten, kosthald, restitusjon og studia på NIH.
Ho er ærleg på at det var
vanskelegare da ho gjekk på vidaregåande.
– Det er jo ei tid som er prega av mykje
stress, da kunne det vere utfordrande å få i seg nok. Men nå som eg har blitt
eldre og vore gjennom ein periode der eg var litt dårleg på det, så ser eg at
det er sånne ting ein ikkje skal tulle med. Det er viktig å ha sånne
ting på plass, slik at ein kan få mest mogleg ut av treninga, seier løparen frå
Sandefjord og legg til:
– Det kjem jo også eit
liv etter karrieren, og på sikt vil ein kanskje ha barn. Da er det viktig at
kroppen fungerer som han skal, seier Engesæth.
Hun studerer til bachelorgrad i sport management ved sidan av satsinga på friidretten.
– Når
ein står i det sjølv, så er det kanskje lett å få litt tunnelsyn.
Retningslinjer for idretten
Energimangel er også kjent som REDs. Det er
ein tilstand som rammar idrettsutøvarar som ikkje får i seg den energien dei
treng over tid.
– Det er så enkelt som at
du har ikkje nok energi til å vakse og utvikle deg, til å fungere optimalt, og
ikkje minst til å få til det du ynskjer på trening og restituere deg slik at du
er klar til neste økt, seier Jorunn Sundgot-Borgen. Ho har vore ein del av ekspertgruppa som IOC har laga om REDs.
Jorunn
Sundgot-Borgen er professor ved Institutt for idrettsmedisinske fag på NIH og
har forska mykje på eteforstyrringar blant idrettsutøvarar.
Ho er glad for at ein
utøvar som Andrea fortel om korleis ho har opplevd utfordringane, og håpar alle
utøvarar høyrer det ho fortel.
– Det er nettopp det ho
seier, at det er ulike grunnar til at ein kjem i den situasjonen og får i seg
for lite energi. Nokre kjem i ein slik situasjon utan at dei er klare over det.
Dei har litt for lite tid, er ikkje så gode til å planlegge, og det er mykje som
skjer elles i livet. Det er ganske enkelt å ta tak i den problematikken, meiner
Sundgot-Borgen.
Kan få alvorlege
konsekvensar
For konsekvensane kan øydelegge ein idrettskarriere
og også påverke livet etter.
– Viss dette her går over
lang tid, så er det alvorlege konsekvensar. Da tenkjer me på ting som for
eksempel går utover immunforsvaret ditt, det går utover beinhelsa og skjelettet
ditt. Og det kan også gå utover moglegheita til å få barn.
Annonse
Professor i
idrettspsykologi Anne Marte Pensgaard har også vore med i ekspertgruppa. Ho er
klar på at det kan vere vanskeleg å stoppe utøvarar som har stor motivasjon og
vil gjere alt dei kan for å bli best.
– Nokre av desse fasane
er ikkje sunne, iallfall ikkje over tid. Da må det vere vaksne, trygge folk
rundt utøvarane til å ta avgjerder og stoppe når ting ikkje er bra. Det er eit
stort ansvar, men det må ein vere villig til å ta når ein er i dei situasjonane,
seier Pensgaard.
Anne Marte Pensgaard
har jobba mykje med mental trening blant dei beste utøvarane våre. Mellom anna
fotball- og handballandslaga.
Ho legg vekt på at
utøvarane må få god kunnskap og informasjon.
– Vi må vere gode til å
heile tida utdanne og informere utøvarane så dei har moglegheit til å vurdere
nokre situasjonar. Sjølv om dei ikkje nødvendigvis alltid klarer å ta det beste
valet der og da, aleine. For det er nettopp det at dei tenkjer litt meir
kortsiktig, og ikkje klarer å sjå dei langsiktige konsekvensane, fortel
Pensgaard som i tillegg til å vere professor på NIH, også jobbar med
topputøvarar på Olympiatoppen.
Kan ha REDs utan å ha ei eteforstyrring
Det at ein kan få positiv
effekt ved å gå i ned vekt i nokre idrettar, kan vere ei stor utfordring,
meiner ho.
– Kanskje får ein ei auke
i prestasjonen på starten av ei slik ferd. Og i tillegg positive
tilbakemeldingar på kropp og utsjånad. Det kan vere vanskeleg å endre på noko
du har fått positiv feedback på, som du kanskje har lyst til å oppretthalde. Så
det er absolutt komplekst, forklarer Pensgaard.
Ekspertane understrekar
at REDs ikkje er noko som berre råkar kvinnelege utøvarar. Sundgot-Borgen er
kjent som ein av dei fremste ekspertane på eteforstyrringar.
Det er skilnad mellom
utøvarar som slit med relativ energimangel og eteforstyrringar.
– Det som er viktig å
seie, er at du kan ha låg energitilgjengelegheit og REDs utan å ha ei
eteforstyrring. Men mange av dei som har eteforstyrringar, vil også ha dette
REDs-syndromet. Når det begynner å bli slik at det som betyr mest for deg er
mat, kropp og vekt, og det er det som opptar deg 24 timar i døgnet. Og det også
blir viktigare enn for eksempel å prestere i idretten. Da beveger du deg godt
inn i det vi kallar forstyrra eteåtferd eller klinisk eteforstyrring, forklarer
Sundgot-Borgen.
Snakk om sjokomjølk etter
trening
Annonse
Andrea Modin Engesæth
råder deg som er trenar eller forelder til å tore å ta praten, sjølv om det
temaet kan vere vanskeleg.
– Veldig mange synest det
er vanskeleg å snakke om, kanskje spesielt mannlege trenarar. Men ein treng
ikkje å tenke for stort på det. Det skal vere ei sjølvfølge at ein får i seg
nok mat rett etter trening. Snakke om å få i seg sjokomjølk og ha gode rutinar.
Som trenar og vaksen bør ein ta ekstra grep for dei yngre. For dei ser det
kanskje ikkje sjølv, seier 22-åringen.