Ambisiøs idrettsungdom er villige til å gå langt for å nå toppen i sin idrett. Men kva skjer når dei går så langt at det går utover helsa deira?
Forskar Jan Åge Kristensen har mellom anna sett spesielt på unge ishockeyspelarar som trassar skadar og sjukdom for å gje alt på isen.
Mange spelarar opplevde eit sosialt press frå for eksempel trenar, lagkameratar eller foreldre til å gå på isen sjølv om dei ikkje er skadefrie.
Skal ignorere smerte
– Vi merkar at det er eit sosialt press i ein idrett som ishockey, som seier at ein skal ignorere smerter og trene og konkurrere til trass for skadar. Det gjer utøvarane meir sårbare til å gjere det same, fortel Kristensen.
186 ishockeyspelarar på høgt juniornivå i Noreg var med på undersøkinga. Spelarane hadde vore innom U18 og U20-landslag.
– Trenden var at dei spelarane som opplevde press frå miljøet til å trene sjølv om dei var skada, rapporterte også meir positive haldningar til skadar. Dei hadde ei tru på at det ville vere fleire positive konsekvensar enn negative av å trene og konkurrere med skade, seier forskaren som også sjølv har bakgrunn frå ishockey.
Undersøkinga viser at idrettslege miljø som er prestasjonsorientert og er prega av sosialt press, også har høgare del av utøvarar som tar usunne helseval.
Eitt av dei kan vere å vurdere og bruke dopingmidlar. Som Kristensen også har sett på i forskinga si.
Blir oppmoda til å vere krigar
Ishockey er ein skadeutsett idrett. Andre studiar har vist at rundt 46 prosent av spelarane er skada til kvar tid.
Grunnen til at dette forskingsprosjektet såg spesielt på ishockey, er at det er ein idrett som blir sett på som røff, kraftkrevjande og har mykje fysisk kontakt.
– Dei idrettane eg har vore interessert i, har nokre stereotypiske haldningar rundt seg. Ein blir oppmoda litt til å vere ein krigar, ignorere smerte og presse kroppen litt over grensa.
Det kan få uheldige konsekvensar både på kort og lang sikt.
– Det kan få fatale følgjer for korleis dei løyser problema når dei fyrst får dei, seier Kristensen. Han peikar på at fleire norske idrettsprofilar er bekymra for bruken av smertestillande.
Gro Hammerseng-Edin er ei av dei som har fortalt i media at ho brukte det smertestillande legemiddelet Voltaren kvar dag for å handtere kvardagen som ein av verdas beste handballspelarar.
Ho er bekymra for den aukande bruken av smertestillande midlar i ungdomsidretten.
Hyppig bruk av kosttilskot = meir positiv til doping
Annonse
Kristensen har også sett på bruken av kosttilskot blant ambisiøse utøvarar i fleire forskjellige idrettar på toppidrettsgymnas.
Korleis kan det påverke villigheita til å vurdere dopingmidlar?
Om lag 600 elevar ved åtte forskjellige toppidrettsgymnas og offentlege toppidrettsskular deltok i to forskjellige studiar.
Funna viser at till større aksept utøvarane viste til å bruke kosttilskot for å forbetre prestasjonen, desto meir sårbare var dei også for å gå over streken å bruke ulovlege prestasjonsfremmande midlar.
– Trendane vi så, var at jo hyppigare bruken av kosttilskot var, jo høgare var aksepten for å bruke tilskot. I tillegg hadde dei også meir positive haldningar til doping.
Kristensen understrekar at det absolutt ikkje treng å vere ein samanheng mellom bruk av kosttilskot og det å vurdere å bruke dopingmidlar.
– Det er ein sårbarheitsfaktor det å bruke tilskot. Ikkje i form av at det å bruke er fyfy, men det sett i gang nokre psykologisk effektar. Det gjer at dei er enda meir sårbare for å gå over grensa, forklarar han.
Han fortel at om utøvarane oppfattar idrettsmiljøet som resultatorientert med stort press om å vinne og utkonkurrere lagkameratar, rapporterer dei også at freistinga til å bruke doping er større.
Slike idrettsmiljø bidreg også til å styrke trua utøvarane har om at doping vil kunne leie til fleire positive enn negative konsekvensar.
– Utøvarar som har høge verdiar av perfeksjonistisk bekymring, som er bekymra for å ikkje prestere godt nok, ser også ut til å vere særleg sårbare for bruk av doping, legg Kristensen til.
Råd til foreldre og trenarar
Men kva skal idretten og dei rundt desse unge ambisiøse utøvarane gjere? Kristensen jobbar sjølv med førebygging i idretten og vil bruke desse funna aktivt.
Annonse
– Trenarar, foreldre og andre som betyr mykje for utøvarane, må vere bevisst kva slags betydning dei kan ha. Trenarane bør legge til rette for eit idrettsmiljø som reduserer det sosiale presset og prøvar å justere ned viktigheita av å vinne, seier Kristensen.
Han vil råde trenarar til å minne om grunnverdiane i idretten: idrettsglede, fellesskap, ærlegheit og god helse.
– La dei unge utøvarar få meir fri til å dyrke idretten utan å føle press om å jage prestasjon og sportslege resultat. Utøvarar må bli minte om viktigheita av å respektere smerter og skadar, og at dei ser på helse i langtidsperspektiv, at det er noko ein skal ha med seg resten av livet, ikkje berre idrettskarrieren.
Han meiner dei større antidopingorganisasjonane som ADNO og WADA også må jobbe enda meir førebygging blant utøvarar.
– Arbeid retta mot skadar og forbode prestasjonsfremmande midlar kan ha stor betydning. Det vil kunne hjelpe utøvarar til å ta dei gode vala og ikkje risikere eigen helse i jakta på prestasjon.
Referanse:
Jan Åge Kristensen: Den mørke siden av ungdomsidretten: Usunne helsevalg blant unge utøvere. Doktorgradsavhandling ved Norges idrettshøgskole, 2024. (Nettside på NIH om avhandlingen)
Om prosjektet
Forskingsprosjektet er støtta av Antidoping Norge (ADNO) og Norges Ishockeyforbund. Ein stor takk rettast også til Norges toppidrettsgymnas, toppidrettsskulane og Ishockey-Norge for deltaking i prosjektet.