Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Forskar Halvard Grendstad meiner at hard kondisjonstrening ikkje er det viktigaste i dei tidlege ungdomsåra.

Trening i puberteten: – Leik meir og vent med kondisjonstrening 

Barne- og ungdomsidretten bør ha mest fokus på idrettsspesifikk- og motorisk trening, meiner forskar. 

– Eg synest det er litt skremmande at ein ting skal vere altoppslukande i tidleg alder., seier stipendiat Halvard Grendstad.

Har du fått med deg forskinga som viste at 12-åringar som trena tradisjonell intervalltrening over ein periode på åtte veker, ikkje forbetra kondisjonen meir enn dei som leika?

Da studien til forskar Halvard Grendstad blei kjent i haust, fekk den mykje merksemd på nih.noforskning.no og i mellom anna Aftenposten.

Podcast: Om trening i puberteten

I NIH-podden fortel Halvard Grendstad meir om bakgrunnen for forskinga og om nye funn om jenter i puberteten. Langrennstrenar Håkon Stuge Bånerud gjestar også episoden. Du finn episoden nedst i denne artikkelen.

Østberg Amundsen: – Viktig å behalde leiken

Mange i idrettsmiljøet kommenterte at dei blei glade for å sjå at forsking viste at ein trygt kunne bevare leiken lengre i barne- ungdomsidretten.

Landslagsløparane i langrenn blei også engasjerte.

Mellom anna verdscupleiar og årets Tour de ski-vinnar, Harald Østberg Amundsen.

– Det er noko med å behalde leiken i idretten. Så lenge ein er i aktivitet, blir ein betre trent. Om du begynner med intervalltrening når du er tolv, og gjer det to gonger i veka, kan du brenne lyset litt fort, sa han til Aftenposten.

– Funna våre tyder på at effekten av puberteten er større på kondisjonen enn det som kan gjerast gjennom trening i denne perioden, seier Grendstad.

Håkon Stuge Bånerud har vore trenar i Heming, Koll og på NTG Lillehammer. Nå er han trenar i Lyn.

Skremmande med profesjonalisering

Sjølv om han har forska på langrennsløparar, meiner han funna kan brukast generelt i dei fleste idrettar.

For eksempel meiner han at unge fotballspelarar ikkje treng å ha reine løpsøkter i tillegg til fotballtrening.

– Typisk kondisjonstrening kan vente. Me må ha fokus på idrettsspesifikk trening og motorisk trening i den alderen. Ny forsking støttar dette, seier Grendstad.

Mangeåring langrennstrenar Håkon Stuge Bånerud er nå trenar og sportsleiar i Lyn Ski. 

Gjennom trenararbeid i klubbar som Heming, Koll og på NTG Lillehammer har han reflektert rundt at barne- og ungdomsidretten har blitt for tidleg profesjonalisert.

– Eg synest det er litt skremmande at ein ting skal vere altoppslukande i tidleg alder. Ta fotballen som eit eksempel. Inntrykket mitt er at mange trur og meiner at ein må trene fotball kvar dag heile året i ein alder av 12-13 år for å bli verdas beste på sikt. Eg tenkjer at allsidig trening er viktig, og at ein skal kunne drive fleire idrettar i den alderen.

Han trur vektlegging av leik og mindre hardtrening i ung alder, kan ha noko å seie for fråfallet.

– Det å rette langrennstreningar enda meir spesifikt mot å ha det gøy og oppleve meistring ville jo vore veldig ideelt.

Høyr meir om korleis funna kan overførast til andre idrettar, profesjonalisering og korleis Bånerud meiner skisporten kan lære av funna til Grendstad i NIH-podden.

Powered by Labrador CMS