Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Som niåring blei Camilla ofte tatt med på skitur, men ho ganske fort ut at det var dansing ho ville bruke tida si på.

Dei som var mest aktive som barn og ungdom, var ikkje mest aktive som vaksne

Dei fekk likevel dei største helsegevinstane.

Publisert

Camilla Sandhaug Johnsen var ei aktiv niåring. Ho ville prøve mange forskjellige idrettar og familien drog ho med på tur, sommar som vinter. 

Camilla var ikkje motvillig, men fann ganske fort ut at ho aller helst ville danse. 

Da forma og aktivitetsnivået hennar igjen blei testa som 15-åring, hadde aktivitetsnivået gått drastisk opp. Da var det minst 5 treningar i veka med klassisk ballett.

– Da fekk nok aktivitetsmålaren køyrd seg, fortel Oslo-jenta. 

Camilla Sandhaug Johnsen satsa på dans og blei etter kvart profesjonell dansar. Da ho var 24 år hadde ho begynt å trappe ned og aktivitetsnivået hadde gått ned.

Over 700 niåringar var med frå starten

Ho er ei av 731 9-åringar som var med på starten av UngKan-studien tilbake i 2005. 6 år seinare blei dei testa igjen som 15-åringar. 

Over 250 av dei kom tilbake for nye testar av fysisk form og aktivitetsnivå som unge vaksne 24-åringar.

Anders Husøy disputerer på NIH 9.oktober. Disputasen er open for publikum.

Kva hadde skjedd med aktivitetsnivået i overgangen barn til ungdom og ungdom til vaksen? 

Og kor mykje har det å seie for helsa vår at vi var aktive som barn og ungdom?

Ein ny studie på Norges idrettshøgskole (NIH) gir mange svar.

– Vi ser jo at dei barna som har vore mest aktive, også har størst helsegevinst i ung vaksen alder, fortel forskar ved Institutt for idrettsmedisinske fag, Anders Husøy.

Mange gevinstar av å vere aktiv som ung

I studien undersøkte han trendar og samanhengar mellom fysisk aktivitet, kondisjon og risiko for hjarte- og karsjukdommar hos unge menneske.

Forskarane undersøkte korleis aktivitetsnivået og stillesittande tid utviklinga seg frå barndom til voksen alder og korleis dette påverka risikoen for hjarte- og karsjukdommar.

– Det som var overraskande var at dei som var mest aktive som 9-åringar, ikkje nødvendigvis var dei som var mest aktive som 24-åringar, seier Husøy.

Slik gjennomførte dei testinga

Ved alle tre aldrar var dei gjennom fysiske testar og test av aktivitetsnivå. Barna fekk på seg ein aktivitetsmålar i sju samanhengande dagar, og det blei tatt mål av høgde, vekt, midjemål og dei svarte på spørjeskjema.

I tillegg målte forskarane kroppssamansetning, blodtrykk, gripestyrke, tok ulike blodprøver og testa kondisjonen.

Barna og ungdommane hadde eit akselerometer som dette rundt livet i sju samanhengande dagar for å måle aktiviteten gjennom dagen.

Likevel såg forskarane mange fordelar ved å vere aktiv og ha god kondisjon som barn og ungdom.

  • Meir tid med moderat til intensiv fysisk aktivitet i ungdomsåra heng ikkje overraskande saman med høgare maksimalt oksygenopptak i vaksen alder.
  • Meir intensiv fysisk aktivitet hang saman med mindre bukfedme, lågare insulinnivå og ein meir gunstig samla risikoskår for utvikling av hjarte- og karsjukdommar. Bukfedme er feittet som ligg rundt organa i magen.
  • Meir stillesittande tid i ungdomsåra hang saman med ugunstige endringar i maksimalt oksygenopptak som 24-åringar. 

Bør få inn fysisk aktivitet i skulen kvar dag

Forskaren meiner at desse funna viser at debatten om å få inn ein ekstra time fysisk aktivitet i skulen kvar dag er viktig. 

– Vi ser at dei 25 prosent minst aktive barna også er dei minst aktive som 24-åringar. I tillegg har dei fleire av dei største risikofaktorane for å få hjarte- og karsjukdommar – som overvekt, lavt maksimalt oksygenopptak, høyt kolesterol– alt frå 9-årsalderen. Dette viser kor viktig det er å sette inn tiltak tidleg, meiner Husøy.

Han meiner samfunnet kan tene mykje på å sette inn tiltak for den yngste aldersgruppa. 

– Funna våre viser at det er gruppa med lågast fysisk form og høgast BMI som har dei største helsefordelane ved å auke aktivitetsnivået. Korleis kan vi få dei meir aktive? Da er skulen den viktigaste arenaen, men ein kan jo ikkje ta desse gruppene ut av eit klasserom.

Husøy trur derfor ein times dagleg aktivitet i skulen er det klart beste tiltaket som vil treffe best. Han meiner samfunnet ville spart svært mange pengar og ressursar på det i det lange løp.

– Det er eg hundre prosent overbevist om. Skulen er definitivt den mest sannsynlege arenaen der ein faktisk kan nå desse gruppene utan å forskjellsbehandle. Men ein må vere villig til å gjere den innsatsen som krevjast for å få det til. 

Overgangsfase mellom ungdom og vaksen

Ein kan nok trygt seie at Camilla frå Disen i Oslo er ei av dei som får glede av desse gevinstane. Ho valde å satse på dansen og blei etter kvart profesjonell dansar. 

Men da ho blei kalla inn til ei ny testrunde på Norges idrettshøgskole som 24-åring, hadde ho ganske nyleg lagt danseskoa på hylla. Ho var i gang med ein ny kvardag som student. 

– Da var det ein liten overgang og aktivitetsnivået gjekk ein del ned. Eg vil nok seie at eg var ganske aktiv, men var gått meir over til normal trening på treningssenter og ikkje så mykje organisert, fortel Camilla. 

Studien viser at aktivitetsnivået fell ganske kraftig frå 9 til 15 år. Forskarane trudde at det også kom til å falle frå 15 til 24 år, men der fann dei ikkje endring i det heile tatt. 

– Aktivitetsnivået var stabilt. Kor mykje tid dei var i ro i løpet av ei veke, var også stort sett uendra. Kanskje er overgangsfasen mellom ungdom og ung vaksen viktigare og meir formativ for kor fysisk aktiv ein kjem til å vere tidleg i vaksenlivet, spekulerer Husøy.

Trur ein blir meir aktiv i slutten av 20-åra

Camilla har nå blitt 29 år, har fast jobb og er framleis glad i å trene. Ho trur mange blir meir aktive utover i 20-åra. 

– Det trur eg er veldig naturleg. Det er ein overgang når ein begynner å studere. Ein flyttar heimafrå og skal finne seg ein ny kvardag. Eg har trua på at ein finn litt tilbake til treninga utover i vaksenlivet når ein er meir etablert. 

Om du som forelder er bekymra for stillesitting eller at ungdomen din er for lite aktiv, viser også funna at det fort kan snu til vaksen alder. 

– Det er ikkje nødvendigvis slik at viss du er lite glad i gym og idrett, så er du dømt til å bli ein inaktiv vaksen. Det er faktisk ingen trendar i data våre som seier at aktivitetsnivået ditt som 9 og 15-åring har så mykje å seie for kor aktiv du er som 24-åring, konkluderer Husøy.

Referanse:

Anders Husøy: Fysisk aktivitet, kardiorespiratorisk form og kardiometabolske risikofaktorer fra barndom til ung voksen alder. Doktorgradsavhandling ved Norges idrettshøgskole, 2024. (Nettside på NIH om avhandlingen)

 

Powered by Labrador CMS