Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - les mer.

SIFO-forskerne Live Bøyum og Hanna Seglem Tangen.
SIFO-forskerne Live Bøyum og Hanna Seglem Tangen har kartlagt bruken av handlenett til daglegvarehandel.

Vi har minst 27 millionar handlenett heime. Gjer dei matinnkjøpa meir miljøvennlege?

Forskarane spør: Kan handlenetta hjelpe oss å redusere bruken av plastposar?

Etter at prisen på plastposar blei satt opp i fjor haust har salet av posar gått nedover. I 2023 kjøpte vi i gjennomsnitt 104 posar per person, ein klar nedgang frå 132 i året før, visar tal frå Handelens miljøfond.

Likevel er det eit stykke att til vi når målet om 40 posar per person i året i gjennomsnitt, slik EU-kommisjonen har forplikta oss til. Kan bruken av handlenett erstatte plastposane slik at vi når målet? Og kva er eigentleg best for miljøet?

På oppdrag for Handelens miljøfond har SIFO kartlagt bruken av handlenett til daglegvarehandel i Noreg. 

Forskarane har mellom anna spurt eit breitt utval om kva slags handlenett dei har, kva dei brukar dei til og ikkje minst kor mange dei har heime. (Sjå liste nederst i artikkelen)

Vi har meir enn ti handlenett kvar

Basert på kor mange hushald som seier at dei eig handlenett, og gonga med kor mange dei seier at dei eig av dei ulike typane, har forskarane komme fram til at det finst minst 27,5 millionar handlenett i norske heimar.

– Dette er basert på sjølvrapporterte tal, altså kva folk trur dei sjølv har. Vi trur det finst endå fleire, seier Live Bøyum, som har gjort studien saman med kollega Hanna Seglem Tangen.

Vi har i gjennomsnitt meir enn ti handlenett kvar, og det har blitt vanleg å bruke netta til daglegvarehandel.

– Det er ikkje i seg sjølv eit problem at vi har så mange handlenett, men det viser at ein bør bruke det ein har heime. Dei fleste har tilgang til nok handlenett, seier ho.

Plastposar er dyrt nok, meiner folk

Det er handlenetta i mjuk plast, gjerne med logo frå ein daglegvarekjede, som blir mest brukt.

– Fleirtalet i undersøkinga vår synast at plastposar er dyrt, og det bidreg nok til at fleire går over til handlenett. Handlenetta har også blitt meir tilgjengelege, seier Bøyum.

Det er dei som har planlagd handleturen, dei som handlar mykje og dei som brukar bil som oftast brukar handlenett. Bruken heng altså saman med vanane våre.

Plastpose som søppelpose

Den viktigaste grunnen til at folk vel å kjøpe plastposar er at dei gløymte å ta med seg nett eller pose heimanfrå. Grunn nummer to er at dei treng nye plastposar til restavfall heime. Plastposar til restavfallet er vanleg, og mange av oss tenkjer at plastposar og avfallsposar på rull er like miljøvennleg.

Er dette ein vane vi bør skrote?

– Ei anna undersøking frå Noreg viser at handlenett til å frakte varar er det mest miljøvennlege alternativet til plastposen. Vi kan bruke eit handlenett i plast berre åtte gongar før det er betre for miljøet enn ein plastpose, seier Bøyum.

– Det mest miljøvennlege valet er å bruke handlenett og kaste søpla i avfallsposar frå rull.

Det er atter vanane våre som avgjer korleis vi tenkjer. Dei som brukte avfallsposar på rull brukte oftast handlenett, medan dei som synest det er god tilgang på plastposar brukte færre handlenett.

Forby plastposar?

For å nå målet om 40 plastposar per innbyggjar i året må handlevanane våre endrast, og da kan meir bruk av handlenett vere ei løysing.

– Bruk av handlenett har auka, og vi kjøper færre plastposar. Det tydar på at pris har hatt ein effekt, seier Bøyum.

– Men alle synest plastposar har blitt for dyre, og veldig få er villige til å betale meir for dei.

Prisauke og haldningskampanjar er tiltak retta mot enkeltindivid, men kva tiltak kan nyttast på meir systemisk nivå? Ei løysing kan vere å forby plastposar, men det trur forskaren vil møte for stor motstand. Dei har nokre andre forslag i staden.

– Vi foreslår ei panteordning for handlenett. Da kan du få med deg handlenett frå butikken sjølv om du har gløymt det heime, og levere det tilbake neste gong du handlar.

– Funna våre viser at jo betre tilgang det er på plastposar i butikken, jo mindre sannsynleg er det at folk brukar handlenett.

Bruk av plastposer i Norge

I 2023 blei det brukt 574 229 086 millionar plastposar i Noreg, viser tal frå Handelens miljøfond. Det er eit gjennomsnitt på 104 posar per innbyggjar.EU er i ferd med å fastsette eit mål om at medlemslanda skal ned i 40 posar per innbyggjar innan slutten av 2025. Dette vil gjelde også i Norge.  Rapporten frå SIFO er skrive på oppdrag for Handelens miljøfond.

Alternativ til avfallposar

Forskarane meiner og at butikkane kan gjere fleire tiltak. Butikkane kan til dømes gjere avfallsposar på rull meir synlege ved kassa, gjerne kombinert med informasjon om miljøgevinst og pris. 

Eit anna forslag er at kommunen deler ut avfallsposar på rull saman med posane vi allereie plukkar opp til plast og matavfall.

– Det er også viktig at handlenetta har ei utforming folk liker. Mange trekk fram at dei bør vere større enn plastposane, seier Bøyum.

Utforminga er også viktig for levetida til handlenetta, altså at vi vel å bruke dei om att. For med over 27 millionar handlenett i norske heimar burde det vere nok å ta av.

Ulike typar handlenett. Kva har du heime?

  • Handlenett frå daglegvarekjede i mjuk plast (72 prosent har dette).
  • Handlenett frå daglegvarekjede i stivare plast (47 prosent).
  • Handlenett i mjuk plast ikkje frå matbutikk (32 prosent).
  • Handlenett i stivare plast ikkje frå matbutikk (til dømes Ikea-bag) (46 prosent).
  • Handlenett i ikkje-vevd polypropylen (til dømes pose frå Normal) (18 prosent).
  • Handlenett i bomull (54 prosent).
  • Heimelaga handlenett (10 prosent).

Kva brukar vi handlenetta til?

  • Til daglegvarehandel brukar vi nett i mjuk plast.
  • Netta i stivare plast blir mest brukt til oppbevaring og frakt.
  • Bomullsnetta blir brukte til alle slags formål.
  • Dei ikkje-vevde netta (som posen frå Normal) kastar vi oftast, for dei går lett i sund. Dessutan syns folk dei er upraktiske og har for dårleg kvalitet.

Referanse: 

Live Bøyum og Hanna Seglem Tangen: Kartlegging bruk av handlenett. SIFO-rapport nr. 2-2024

Powered by Labrador CMS