Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - les mer.

Mange er òg opptekne av kva jordbrukslandskapet tyder for rekreasjon og friluftsliv.

Ny undersøking: Nordmenn verdset jordbrukslandskapet

Dei fleste verdset utsyn over åker, eng og beite, men det er skilnader mellom landsdelar og aldersgrupper.

Publisert

Ipsos Norsk Monitor er ei omfattande samfunns- og marknadsundersøking som blir gjennomført av det globale marknadsundersøkingsfirmaet Ipsos. 

Undersøkinga gir innsikt i nordmenns verdiar, haldningar, livsstil og forbrukaråtferd. Ho har vorte gjennomført regelmessig sidan 1985. Målet er å kartleggja langsiktige trendar i det norske samfunnet.

Gjennom tre spørsmål i denne undersøkinga fylgjer forskarar ved NIBIO særleg med på kva haldningar folk flest har til jordbrukslandskapet. Forskarane Ulrike Bayr og Sebastian Eiter har analysert nokre av dei innsamla svara.

– Sjølv om Noreg har lite jordbruksareal, ligg mykje av arealet kring byar og tettstadar. Det tyder at mange har jordbrukslandskapet tett på der dei bur. Korleis folk oppfattar dette landskapet, vil påverka korleis dei brukar og endrar det. Difor er denne undersøkinga viktig, seier Eiter.

Ei blomerik slåtteeng frå Lyngdal i Flesberg i Buskerud fylke. Enga er til glede båe for forbipasserande og for insekt.

Han fortel vidare at svar frå båe 2019 og 2021 tyder på at folk flest er nøgde med jordbrukslandskapet i heimkommunen sin. 

På spørsmål om dei meiner at det er pent, svarar dei fleste at det stemmer heilt eller nokså godt.

Mange er og opptekne av verdien jordbrukslandskapet har for mangfald av plante- og dyreliv, stadkjensle, kulturminne og rekreasjon.

Meir merksemd omkring matsikkerheit

Dei som svarar på spørjeskjemaa, skal ta stilling til mange ulike eigenskapar ved landskapet. Til dømes kor vidt det er eigna til rekreasjon, er variert eller prega av utbygging. 

Dernest skal dei vurdera kva jordbrukslandskapet tyder for ulike funksjonar. Det kan vere funksjonar som matproduksjon eller rekreasjon. 

Svara vert oppgitt på ein skala frå 1 til 4, og undersøkinga vert gjennomført annakvart år.

Dei to spørsmåla om jordbrukslandskapet har vore med i undersøkinga i 2019 og 2021. Det er variasjon mellom år, aldersgrupper og regionar.

Slått på Henrikgarden, Stårheim i Nordfjord. Typisk jordbrukslandskap frå Vestlandet.

– Undersøkinga viser tydelege skilnader mellom regionar. Til dømes ved kor mykje landskapet er prega av gjengroing. Folk i Nord-Noreg og på Vestlandet opplev dette i mykje større grad enn folk i andre landsdelar, trekk Eiter fram.

– For kva jordbrukslandskapet er viktig, svarar dei fleste at det er veldig viktig for matproduksjon. Berre frå 2019 til 2021 auka dette talet med 7,7 prosent.

Auka bekymringar for miljø

Spørjeundersøkinga tek òg for seg grad av bekymring for miljøproblem. Her har forskarane tal tilbake til 2003. Ein kan sjå korleis haldningar og meiningar har endra seg over tid. 

Tala tyder på at folk har vorte noko meir bekymra og at folk i ulik alder ikkje bekymrar seg like mykje for det same.

– Det er ein tydeleg auke i bekymring for nedbygging av dyrka mark frå 2003 til 2021. Rangeringa av denne bekymringa har auka frå 2,4 til 2,75 på skalaen. Ei mogleg årsak er at merksemda rundt jordvern auka mykje i samfunnet i heile perioden.

I 2021 var folk noko meir opptekne av jordbrukslandskapet sin funksjon for matproduksjon enn i 2019. Biletet syner sortering av potet på Røis gard i Frogn i Akershus.

– Dei som er yngre enn 40 år, bekymrar seg meir for klimaendringar og tap av artsmangfald enn dei som er eldre. Rangeringa her har lege på mellom 2,5 og 3 med toppar i 2007 og 2019, seier Eiter. 

Han fortel at dei over 60 år er meir bekymra for tap av kulturminne, nedbygging og gjengroing av jordbruksareal enn den yngre generasjonen.

Interessante tal for framtida

Forskarane har som mål å nytta tala frå undersøkinga i fleire samanhengar framover.

– Me ynskjer å få meir innsikt i årsaka til haldningsendringar. 

Eiter seier at dei ynskjer òg å sette tala i samanheng med resultat frå ei anna undersøking, 3Q-undersøkinga. Der har dei overvakt endringar i det norske jordbrukslandskapet sidan 1998. 

Helst hadde forskarane sett at tala blei ein del av overvakingsprogrammet slik dei har gjort det i Sveits.

– Me lurar mellom anna på kor vidt det er samsvar mellom dei endringane forskarar kartlegg og det befolkninga oppfattar? Kanskje kan me og få ein peikepinn på om me forskarar når godt nok ut med resultata våre, seier forskaren.

– Til sist ville det vore interessant å samanlikna Noreg med andre land. Skil Noreg seg ut eller finst det kanskje utfordringar som me kan jobba saman for å løysa? seier Eiter.

Dei fleste nordmenn gir jordbrukslandskapet ein høg karakter for å vere pent og godt eigna for rekreasjon. Svara er gjeve på ein skala frå ein til fire.
Fleire meinte at jordbrukslandskapet varr særs viktig for matproduksjon i 2021 enn i 2019.

Referanse:

Ulrike Bayr og Sebastian Eiter: Folks oppfatninger rundt jordbrukslandskapet: Om mulig bruk av data fra Norsk Monitor i 3Q-overvåkingsprogrammet. NIBIO Rapport, 2024.

Om undersøkinga

Undersøkinga har vore gjennomført annakvart år sidan 1985 og byr på verdifulle tidsseriedata. Om lag 3.800 personar svarar på om lag 3.000 spørsmål. Utvalet er representativt for innbyggjarar i Noreg over 15 år. Verktøyet bidreg til å beskriva og forklara endringar i samfunnet og korleis verdiar påverkar haldningar og åtferd.

Powered by Labrador CMS