Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Er kroppen like sterk etter sju dagar med faste? Funna overraska forskarar

Forskingsprosjektet er det fyrste der ein har sett på korleis musklane blir påverka etter ein lang periode med fasting.

Louise Skak har sprunge heile livet og var interessert i å vite korleis kroppen ville reagere på faste og trening.
Publisert

– For meg er det viktig å vere mental sterk og ha gjennomføringsevne under trening. Det var ein av grunnane til at eg ville vere med og stå i dette.

Louise Skak driv med ultraløping. Ho var ei av dei 13 deltakarane som melde seg frivillig til å faste over sju dagar i eit forskingsprosjekt på Norges idrettshøgskole (NIH).

Sprang til og frå jobb

For å forstå meir om korleis kroppen tilpassar seg svolt, skulle deltakarane faste gjennom ei heil veke. Dei var sju menn og seks kvinner.

Vatn var det einaste dei tok til seg. 

– Funna våre viser at du kan oppretthalde styrken i beinmusklane i løpet av ei veke med fasting, seier professor Jørgen Jensen.

Før perioden var dei gjennom grundige testar av styrke. Dei testa også det maksimale oksygenopptaket. 

Undervegs i fasteperioden levde dei normale liv med skule og jobb. Alle forsøkte å trene så langt det gjekk. 

– Eg prøvde å oppretthalde treninga med mellom anna transportløping til og frå jobb. Det gjekk bra, men det gjekk saktare enn vanleg. Eg var også meir kald og trøytt enn elles, fortel Skak. 

På dag seks med faste testa dei igjen styrke og kondisjon. 

Det gav to heilt forskjellige svar. 

Fyrste gong beinstyrke har blitt testa etter fasting

– Dette er utruleg spennande. Funna våre viser faktisk at du kan oppretthalde styrken i beinmusklane i løpet av ei veke med fasting. Uthaldenheiten går derimot betydeleg ned, seier professor Jørgen Jensen. 

Han er ein av forskarane bak studien.

Studien er den mest omfattande undersøkinga av korleis ei vekes fasting påverkar fysisk prestasjon.

Andre har undersøkt gripestyrke, men det er også fyrste gong ein har testa beinstyrke etter sju dagars faste.

I løpet av fasteperioden på sju dagar mista deltakarane i gjennomsnitt 5,7 kilo og 1,4 kilo feitt.

Den maksimale muskelstyrken i beina klarte likevel deltakarane å behalde etter fastinga til trass for tapet av kroppsmasse.

Sukkerlagra i musklane blei halvert, medan proteina som hjelper cellene med å produsere energi, endra seg ikkje. 

– Det betyr at kroppen har ein mekanisme som gjer at me kan spare karbohydrat. Og viss du sparar sukkerlagra, sparar du også muskelen, forklarar Jensen.

Hjernen treng sukker

Kvar morgon var deltakarane i prosjektet innom NIH. Der tok dei mellom anna blodprøver og blei vege.

Dei gjekk med glukose-måling kontinuerleg heile veka og samla faktisk all urin og gav til forskarane.

Det gjorde det mogleg for forskarane å berekne kor mykje protein som blir brote ned i kroppen.

Den einaste måten kroppen kan lage karbohydrat på, er å bryte ned protein. Vanlegvis har vi eit lager på 500 karbohydrat i kroppen.

Det blir fort brukt opp når ein ikkje får i seg mat. I løpet av ein dag brukar vi rundt 300 karbohydrat om dagen og hjernen brukar 120 av dei.

– I studien fann vi ein mekanisme for at musklane ikkje brukar karbohydrat under trening. Hjernen treng sukker, og det er viktig at musklane ikkje brukar karbohydrat som hjernen treng, seier Jensen.

Fall i maksimalt oksygenopptak

Derimot auka eit bestemt enzym som bremsar karbohydrat heile 13 gonger. Det førte til at deltakarane forbrann færre karbohydrat og fekk dårlegare uthaldenheit ved trening på høg intensitet.

Deltakarane var gjennom testar av maksimalt oksygenopptak før fasteperioden og på dag seks med fasting. Resultata viste eit markant fall.

Louise Skak er ein erfaren ultraløpar som har konkurrert i lange løp i mange år. Nå bur den danske kvinna i Folldal i Østerdalen.

Det maksimale oksygenopptaket til deltakarane blei redusert med 13 prosent.

Deltakarane rapporterte også at det var svært vanskeleg å gjennomføre høgintensive økter. Effekten av desse blir også mindre. 

Det viste at dei store kroppslege endringane fyrst skjedde etter tre dagar utan mat. Det tyder på at kortare fasteperiodar ikkje gir dei same effektane. 

Kroppen klarer å oppretthalde blodsukkeret

Fastinga påverka ikkje aktiviteten til eit anna enzym som ein tidlegare trudde var viktig for muskelnedbryting.

Funna av bevart styrke under fasting står i sterk kontrast til ei veke med sengeleie. Der har ein tidlegare sett nedgang på 5–10 prosent i styrke sjølv utan stort tap av mager kroppsmasse.

Mager kroppsmasse vil seie bein, musklar, indre organ, vatn og andre ting som ikkje er feitt.

– I eit overlevingsperspektiv er dette veldig spennande og nytt. Det viser at kroppen kan klare å oppretthalde blodsukkeret og spare karbohydrat. Vi såg også at deltakarane kom seg raskt etter fastinga, seier Jensen. 

Funna viste at deltakarane beheldt nesten 50 prosent av glykogenet i musklane. 

Treng fleire dagar med faste 

Han understrekar at desse funna ikkje kan relaterast til periodisk faste. Der et ein ikkje i løpet av eit tidsvindauge på for eksempel åtte til ti timar eller to dagar i veka. 

– Det blir noko heilt anna. Da får du ikkje den auken i ketonlegemer i blodet som personar som fastar gjer. Hos dei skjedde det kjempestore tilpassingar i kroppen utover i veka, forklarer Jensen. 

Ketonlegemer

Ketonlegemer er ufullstendige nedbrytningsprodukter av fett. Det dannes normalt en del ketonlegemer i leveren under oksidasjonen av fettsyrer, og de utnyttes som energikilde i musklene og andre organer. 

Kjelde: SNL

Styrketrening og låg intensitet er mogleg å kombinere med faste

Men kva kan ein vanleg mosjonist som spekulerer på om faste kan ha noko for seg ta med seg frå forskinga? 

Professor Jensen seier det absolutt er forsvarleg å gjennomføre ein slik periode for friske personar. Men du må nok droppe dei høgintensive øktene.

Skak gjennomførte roleg trening og sprang faktisk maraton to dagar etter fasteperioden.

– Det gav mental styrke og viste meg at eg kan få til det eg vil. Kroppen toler meir enn eg trur. Etter dag fire blei kjensla av svolt borte og gav ei form for lette i kroppen, seier Skak.

Deltakarane rapporterte også at det var mogleg å gjennomføre roleg trening og styrketrening under fasteperioden. 

Deltakarane i prosjektet var alle i normal fysisk form og var vant til trening frå før. 

For å samanfatte: Deltakarane beheldt muskelstyrken og energiproduserande enzym under fasta, men evna til å forbrenne karbohydrat og prestere på høg intensitet blei redusert. 

Referanse:

Kristoffer Kolnes mfl.: Effects of seven days’ fasting on physical performance and metabolic adaptation during exercise in humansNature Communications, 2025. Doi.org/10.1038/s41467-024-55418-0

Powered by Labrador CMS