Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Dialektisk åtferdsterapi (DBT) blir nytta i behandling av personar med kronisk suicidalitet, sjølvskading og emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring.(Foto: Pablo Varela, Unsplash)
Denne behandlingsmetoden kan hjelpe unge som skadar seg sjølve
No undersøker forskarar om effekten av behandlinga kan vare heilt inn i vaksenlivet.
Å klare å
regulere kjenslene sine er viktig for å ha eit godt liv. Det hjelper oss både
i utdanning, i jobb og i relasjonar til andre menneske. Men for mange er
kjensleregulering vanskeleg.
– Strevar ein mykje med dette, er ein særleg sårbar for å utvikle ei rekke psykiske plagar. Hos nokon unge fører det til at dei skadar seg sjølve over tid, seier Iselin Solerød Dibaj, forskar ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF).
Ho har studert kva effekt dialektisk åtferdsterapi (DBT) har på unge som skadar seg sjølve og korleis dei har det fleire år etterpå.
DBT er ein variant av kognitiv åtferdsterapi der ein prøver å oppnå åtferdsendring samtidig som aksept og validering av kjensler står sentralt.
Metoden blir nytta i behandling av personar med kronisk suicidalitet, sjølvskading og emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring.
Første studie globalt med kontrollgruppe
Då 77 norske
ungdomar vart rekrutterte til å delta i ein langtidsstudie av DBT i perioden
2008-2012, var norske forskarar tidleg ute.
Globalt var dette første såkalla randomiserte kontrollerte studien av DBT-A, altså dialektisk åtferdsterapi for
ungdom.
Halvparten av
ungdomane fekk standard oppfølging i barne- og ungdomspsykiatrien med
individuell behandling og familieterapi. Den andre halvparten fekk DBT-A med
individuell behandling og ferdigheitstrening. Der øvde dei på regulering av
kjensler og åtferd saman med foreldra. Mengda behandling var omtrent lik for
begge gruppene.
Alle som
deltok i studien, var pasientar i barne- og ungdomspsykiatrien.
Det var eit
kriterium at dei hadde skada seg sjølve over tid, altså utført repetert villa
eigenskade. Dette er eitt av fleire kriterium for å få diagnosen emosjonelt
ustabil personlegdomsforstyrring, som på engelsk heiter borderline.
Ungdomane
måtte i tillegg oppfylle to andre kriterium som trengst for å få denne
diagnosen. Nokon hadde diagnosen, andre ikkje.
Frå
omdiskutert til stuerein diagnose
– På denne
tida var det omdiskutert å diagnostisere unge med emosjonelt ustabil
personlegdomsforstyrring. Det vart hevda at dei kunne bli stigmatiserte. I
tillegg opplevde mange fagfolk det vanskeleg å setje ein slik diagnose i ein
periode av livet der emosjonell ustabilitet er relativt vanleg, seier
Dibaj.
I dag er ein samde i at denne diagnosen kan bli gitt også
til unge, påpeikar ho. Iallfall i forskingsmiljø. Dei det gjeld, kan oppleve upassande sinne, impulsivitet
og hyppige humørsvingingar.
– Ungdomar
som får dette, strevar. Det går ut over både skule, relasjonar og
familieliv. Nokon prøver også å ta livet sitt. Gjev vi rett diagnose, kan vi
også gje rett behandling.
Varig god effekt på sjølvskading
Den norske studien har vore viktige for behandlingstilbodet. Dei første resultata kom i 2014. Dei tyda på at DBT-A hadde betre effekt enn
standardbehandling for sjølvskading, depresjonssymptom og
sjølvmordstankar gjennom den 19 veker lange behandlingsperioden.
Annonse
For dei andre
parametrane – symptom på personlegdomsforstyrring og ei oppleving av
håplausheit – målte forskarane like stor betring hos begge grupper.
Tre år etter behandling vart pasientane følgde opp
på nytt
gjennom intervju og spørjeskjema, slik det var blitt gjort også tidlegare.
Resultata var dei same som etter eitt år: DBT-A hadde ein betre effekt, men
berre på sjølvskading.
Har blitt ein
vanleg praksis
Dei norske
funna samsvarer med funn gjort av Elizabeth McCauley og kollegaer i USA i 2018. Dei tyda på at DBT-A er effektiv
behandling mot sjølvskading og også sjølvmordsforsøk i unge
pasientgrupper.
I dag er
DBT-A blitt vanleg praksis i behandling av norske ungdomar. Men det ein
framleis veit lite om, er kva effekt behandlinga har på lang sikt.
Dibaj har no gjennomført alle intervju med studiedeltakarane frå 2008-2012, som
i dag er 25-30 år. I tre timar har ho snakka med kvar enkelt og gjort grundige
diagnostiske vurderingar, i tillegg til at dei har svart på spørjeskjema.
– Dei fleste
har vore positive til å delta. Mange seier at det opplevast meiningsfullt og
viktig å kome attende, seier ho.
Har fått sjå svara sine i kakediagram
Etter
intervjua har deltakarane fått tilgang til ein mobil-app som stiller spørsmål
på tilfeldige tidspunkt fleire gonger dagleg gjennom ei veke.
Dei har blitt spurte
om mellom anna trong til sjølvskading og sjølvmordstankar. Dei har også fått
spørsmål om ei rekke ulike kjensler – både positive og negative – og om kva dei
har gjort for å handtere kjenslene og tankane sine.
Deltakarane
har fått tilbod om å få sjå sine eigne svar i etterkant.
Annonse
– Mange
synest at det er moro og motiverande å sjå sine eigne opp- og nedturar
skisserte i kakediagram og fargekart, seier Dibaj.
Målet er eit
godt liv
Sjølv veit ho
ikkje kva behandling den enkelte ho har intervjua, har fått. Og ho kan ikkje
seie noko om resultata førebels. Dataa blir analyserte i desse dagar og
vil bli publiserte vitskapeleg fortløpande.
Eitt spørsmål
er om den betringa som vart registrert dei første tre åra etter behandlinga,
har vart ved. Eit anna spørsmål er om pasientane i dag regulerer kjenslene sine
på ein betre måte enn før – og om det her er skilnad på dei to gruppene.
–
Forhåpentleg er det ikkje berre slik at dei skadar seg sjølve mindre enn før.
Kanskje har dei også blitt betre til å møte problem, snakke med menneske rundt
seg og handtere kjenslene sine. Målet er jo ikkje berre at ein skal fjerne det
vanskelege, men også at ein skal byggje eit godt liv, seier Iselin Solerød
Dibaj.
Lars Mehlum mfl.: Long term effectiveness
of dialectical behavior therapy versus enhanced usual care for adolescents with
self-harming and suicidal behavior. J Am Acad Child Adolesc Psychiatry, 2019. (Sammendrag) Doi.org/10.1111/jcpp.13077