Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Samtalane på tur blir annleis om ikkje mobilen er framme, fortel studentane. Om ein av dei tek den opp, blir dei andre påverka til å gjere det same.(Foto: Thomas Vold)
Studentar vil logge av mobilen på tur
Korleis påverkar smarttelefonen friluftslivet? Ny forsking viser at studentane sett pris på å vere utanfor dekning i naturen.
Det kan
vere vanskeleg å finne rom der det er mogleg å kople heilt av frå
smarttelefonen i 2024. På tur i naturen kan vere eit slikt sjeldan rom.
Kanskje er det berre langt til skogs eller på høgfjellet du kan vere heilt utan dekning.
– Mange av studentane fortalte at dei merka ein stor forskjell i gruppa om dei hadde mobildekning eller ikkje, seier Imre van Kraalingen. Ho er forskar ved Institutt for lærarutdanning og friluftsliv på Norges idrettshøgskole (NIH).
Kjente
på press på å dele på sosiale medium
Dei siste
åra har ho undersøkt korleis smarttelefonen påverkar lærarar og studentar på
friluftsliv på fleire høgskular rundt om i landet.
Funna
hennar viser at lærarane har fått nye moglegheiter i undervisninga med nye
verktøy for informasjon, navigasjon og planlegging.
Men mange
meiner også at det har påverka korleis dei er til stades i naturen og korleis
gruppa fungerer saman på tur.
– Dei framheva at det å ha tilgang på mobil
og 4G/5G på tur påverka både det sosiale i gruppa og turopplevinga. Viss dei såg noko vakkert, var det
stor forskjell på den fyrste reaksjonen. Med dekning tok dei opp mobilen for å
lage ein video. Utan kunne dei berre vere til stades i augeblikket og nyte
det saman, fortel forskaren.
Nokre av
dei unge friluftsglade fortalte også at dei nærmast kjente
på eit press på å skulle legge ut bilde og innhald frå turane dei var på.
Den
fyrste tanken når dei opplevde noko nytt, var ofte: «Kva kunne eg ha skrive om
dette bildet på Instagram».
– Nokre
av dei fortalte at dei kjente på eit sosialt press på å poste ting på sosiale
medium. Når dei er ute på tur og opplever kule ting, kjente dei på «åh, eg må
vise folk at eg gjer dette», seier van Kraalingen. Ho trur dette har mykje med
populariteten til friluftsliv å gjere.
Vil ha
fleire opplevingar utan mobil
Friluftsliv
har verkeleg blitt trendy på sosiale medium dei siste åra. Det er kult å vise fram at ein
er på tur. Eigne friluftslivstrendar har også vakse fram på plattformar som
Instagram, forklarar forskaren.
– Kor
mange sov i hengekøye eller laga kanelbollar av ferdig pizzadeig for ti år
sidan? spør
forskaren når ho nemner to av trendane som mange nok har sett
på Instagram fyrst.
Men sjølv
om mange av dei er glade å vise fram friluftsinteressa si på kanalar som
Instagram, set dei også stor pris på å vere avkopla på tur.
–
Studentane fortel at dei sett veldig pris på tida dei er avkopla. Dei fortel at
dei er interesserte i å ha fleire opplevingar utan mobilteknologi. Dei har ein
vane med å ta opp mobilen sin. Så snart nokre andre gjer det, blir det lett
å gjere det same. Da føler dei at dei forsvinn ned i mobilen og scrollinga,
fortel van Kraalingen.
Kan
også vere positivt å dele bilde
Det treng
ikkje nødvendigvis vere negativt å ville dele glimt frå turopplevingar med
andre. Forskaren meiner det handlar om tidspunktet dei gjer det på.
Annonse
– Eg trur
det å dele bilde frå tur, også kan gje meining til opplevingane du har på tur.
Det kan skape ei meir meiningsfull læringsoppleving for studentane, seier ho og
legg til:
– Fleire av studentane sa dette: Dei
ventar til etter turen med å dele bilde. Problemet er når dei er kopla på
nettet når dei framleis er utandørs. Da blir det ein distraksjon, og dei er
ikkje verkeleg til stades i det naturlege miljøet og i samhandlingane sine.
Like
relevant for deg som turgåar
van Kraalingen seier at den
største utfordringa som lærarar og studentar i friluftsliv bør kjenne til, er
nok like relevant for deg om du er ein heilt vanleg turgåar med smarttelefon i
lomma.
Konstant
tilkopling til mobilt nettverk kan forstyrre heilskapen i friluftsopplevingar ved at det svekker den sanselege opplevinga av naturen rundt.
Ho meiner det også kan hindre studentane i å engasjere seg sosialt med dei andre på turen og slik skape
felles opplevingar.
–
Studentane var ikkje bekymra for om mobilbruken øydela for at dei ikkje lærte
dei nødvendige ferdigheitene. Som at bruk av Google Maps ikkje gjer at dei
lærer seg kart og kompass, som nokre av lærarane var uroa for, seier
ho og legg til:
– Det
dei veldig sterkt framheva, var korleis mobilbruken påverka samhandlingane i
gruppa og dynamikken når dei hadde tilgang på mobilen.
Reflekter
rundt når mobilen skal vere framme
For kva
skjer eigentleg med samtalane våre rundt bålet eller på ein fjelltopp om ein av
oss plukkar opp mobilen for å «snappe» opplevinga til vennene heime?
Både
forskaren og studentane ho intervjua, meiner det påverkar dynamikken i
gruppa.
Van
Kraalingen har klare råd til deg som har med ei gruppe på tur. Anten det
er ei skuleklasse, turgruppe eller familien der du tenkjer at mobilbruk kan
vere ei utfordring.
Annonse
– Finn
ein balanse og reflekter over når mobilen skal vere i bruk og ikkje.
Studentane fortel at dei sett pris på at lærarane oppmodar dei til å reflektere
rundt mobilbruken. Dei ville også at dei skulle diskutere i etterkant kva som
var positivt eller negativt med å bruke mobilen på tur.
Imre van Kraalingen disputerer for doktorgraden på
NIH 24.oktober.
Referanse:
Imre van Kraalingen: Nærvær og (dis)kobling: Undervisning og læring med mobilteknologi i høyere friluftsstudieprogrammer. Doktorgradsavhandling ved Norges idrettshøgskole, 2024. (Nettside på NIH om avhandlingen)