Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Fotball er stort i Ghana og blir ofte prioritert lokalt. Det går utover satsinga på likestillinga, viser studien til Derrick Charway.(Foto: Ghana Football Association)
Dette hindrar kvinner i Ghana frå å delta i fotball
Mange organisasjonar blir målt på om dei klarer å oppnå FNs berekraftsmål. Dette er verdas felles arbeidsplan for å møte dagens behov utan å øydeleggje moglegheitene for at kommande generasjonar skal få dekka sine behov.
I fleire utviklingsland blir også idrett brukt som eit verktøy for å oppnå mange av desse måla.
Men kor godt fungerer dei eigentleg?
Positive konsekvensar er
overdrivne
Derrick
Charway, stipendiat ved Norges idrettshøgskole, fann mange utfordringar da han reiste rundt i Ghana for å sjå korleis
tiltaka blei utført i praksis.
– Eg trur mange har meint
at dei positive følgjene med idrett i land som Ghana er overdrivne. Og det er
nok også sant, seier Charway.
Sunn livsstil,
kjønnslikestilling og styrking av kvinners og jenters posisjon og rettigheiter
til personar med nedsett funksjonsevne blei vald ut.
Desse måla var også
sentrale i planane til dei ghanesiske myndigheitene.
Måla har stor støtte
Charway reiste rundt i
heimlandet sitt og gjorde kvalitative intervju med høgtståande personar som har
ansvar for å sette politikken til regjeringa ut i livet.
Det var representantar
frå myndigheitene, regionale idrettsdirektørar, idrettsorganisasjonar,
nasjonale idrettsforbund og organisasjonar for utvikling og fred.
Han gjorde intervju med
52 personar.
Funna hans viser at det
er ikkje noko å seie på støtta og villigheita til å bruke idrett som eit ledd
for likestilling og styrka rettar.
Politikken er tydeleg og
har brei støtte hos myndigheitene. Slik er det også i Zambia og andre nasjonar,
fortel Charway.
Fotball blir prioritert
Likevel viser studien at
idretten ikkje klarer å vere inkluderande for kvinner og personar med nedsett
funksjonsevne som måla tilseier.
– Sjølv om dei vil at
fleire kvinner skal delta i idrett, er det kulturelle krav, spesielt ute i
distrikta i Ghana som vil at jenter skal hjelpe til heime. I tillegg er det
religiøse krav, der ein har nokre muslimske samfunn og Jehovas vitne som ikkje tillèt
jentene å delta i idrett, fortel Charway.
Det er også svært få kvinner i desse leiarposisjonane som blei intervjua.
Annonse
Charway intervjua tre som
faktisk hadde fått ei leiande stilling. Dei fortalde om store utfordringar og
harde kampar for å få posisjonen dei hadde.
– Når eg snakkar med dei,
erkjenner dei at, ja, ei kvinne kan delta i idrett, men realiteten er at mange
lever under kulturelle reglar som får dei til å tru at idretten er for brutal
eller tøff for kvinner til å få slike posisjonar. Det er slike sosiale strukturproblem
som gjer at det kan vere utfordrande å bruke idrett som verktøy for å oppnå
berekraftsmål i land som Ghana, meiner Charway.
Ghana har i mange år vore
ein stor fotballnasjon og kom heilt til kvartfinalen i VM i 2010.
Men den store
populariteten til fotball går også utover oppfyllinga av berekraftsmåla.
– Det er ein klar skeiv
fordeling av midlar, der fotball svært ofte blir prioritert. Når ikkje kvinnene
slepp til på fotballbanen er det negativt for arbeidet for likestilling gjennom
idretten, forklarer Charway.
Fire hovudfunn
Det er eitt av fire
hovudfunn Charway peikar på i avhandlinga.
Politiske avgjerder som mellom anna skeiv fordeling av midlar, der fotball blir prioritert.
Sosiokulturell dynamikk som den ghanesiske patriarkalske kultur (eit mannsstyrt samfunn). Der den religiøse trua står sterk og med det også haldningar og fastlåste kjønnsroller.
Mangel på ressursar og kvalifiserte idrettsleiarar og kvinner i leiarroller.
Dei institusjonelle rammene. Som at det er få klare retningslinjer for å sette i gang politiske tiltak, dei politiske prosessane er ikkje inkluderande og organisasjonar som jobbar for berekraftsmåla har avgrensa legitimitet og tillit i befolkninga.
Derick Charvay
konkluderer på denne måten.
– Alt dette gjer det
vanskeleg å bruke idrett som eit verktøy for berekraftig utvikling i Ghana. For
å klare nå måla, må ein gjennomføre grundig vurdering av lokale behov og
rådføre seg med statlege og ikkje-statlege aktørar, seier stipendiaten.
Han har sjølv utdanna seg i både Ghana, Sør-Afrika og Sør-Korea før han kom til
Noreg for å ta doktorgraden.
Hit kom han også med
arbeidserfaring innan sport og samfunnsutvikling frå internasjonale
organisasjonar i Storbritannia og Sør-Korea.
Studiet «Idrett kultur og samfunn» på NIH er eit eksempel på korleis ein brukar idrett for å jobbe for å oppnå berekraftsmål i utviklingsland. Studiet er eit samarbeid mellom NIH og Norges idrettsforbund.