Kva er eigentleg
plantevernmiddel? Her får du ein oversikt.
Kjemiske
plantevernmiddel blir brukt på 91 prosent av arealet i Noreg som blir brukt til å
dyrke korn, grønsaker og potet (Statistisk sentralbyrå, 2022).
I landbruket
blir plantevernmiddel brukt for å sikre gode og friske avlingar.
Ugras kan gjere stor skade
Kulturplantene våre har mange fiendar, som anten kan konkurrere med plantene om ressursar, ete plantene eller gjere dei sjuke.
I Nord-Europa kan ugras og
planteskadegjerarar kan gi eit potensielt avlingstap på opp mot 60 prosent.
Med plantevernmiddel kan norske bønder hindre eit så
stort avlingstap.
Det blir brukt klart flest middel mot ugras, heile 64 prosent av alle
kjemiske plantevernmiddel. 20 prosent blir brukt mot sopp og 2 prosent mot skadedyr.
Insektmiddel er mest skadeleg
Om
plantevernmiddel er farlege eller ikkje, avheng av kva type middel det er snakk
om, fortel Birgitte Henriksen, avdelingsleiar i NIBIOs avdeling for soppsjukdommar i skog, - jord, - og hagebruk.
Som oftast handler det om kjemiske
plantevernmiddel.
– Den negative
effekten kjemiske plantevernmiddel kan ha på menneske, avheng mellom anna av kva
type organismar middelet er meint mot.
Ho fortel at det ofte er slik at desto likare oss
menneske desse organismane er, desto meir skadeleg er middelet for oss.
– Difor
er ugrasmiddel generelt minst skadeleg for menneske, etterfølgd av soppmiddel
og til sist insektmiddel, som generelt sett er mest skadeleg for menneske,
utdjupar Henriksen.
Definisjon på plantevernmiddel
Plantevernmidler brukes til å verne planter og såvare (frø) mot skadedyr, soppsykdommer og ugress.
Kilde: Mattilsynet
Tore Bonge-Hansen leiar for NIBIOs avdeling for pesticidar og naturstoffkjemi. Han seier at plantevernmiddel kan være skadeleg for det biologiske mangfaldet
– Plantevernmiddel
kan ikkje berre utgjere ein risiko for menneske, men vil påverke livet i lokale
miljø i jord og vatn. Dessverre er
det mykje vi ikkje veit om korleis slike plantevernmiddel påverkar miljøet.
Derfor arbeider vi med overvaking av både jord og vatn knytt til
landbruksareal, seier han.
Overvakinga hjelper forskarene å forstå korleis plantevernmiddel blir
transportert i miljøet og korleis dei påverkar livet i vatn, i jorda og på
land.
Jakt på alternative metodar
Annonse
For å redusere
risikoen for helse og miljø blir dei midla som blir brukt i Noreg nøye testa og
vurdert. Bruken er strengt regulert av Mattilsynet.
Mange kjemiske
plantevernmiddel er utvikla for spesifikt å virke mot visse skadeorganismar,
nettopp for å gjere dei mindre risikofylte. Det blir arbeida hardt for å halde
bruken så låg som mogleg.
Alle som bruker yrkespreparat
av plantevernmiddel, er plikta å følgje prinsippa for integrert plantevern.
Integrert plantevern handlar om å vurdera alle tiltak som finst for å hindre
utviklinga av skadegjerarproblem.
Førebyggande tiltak, som å bruke friskt
plantemateriale og ha eit godt vekstskifte, er viktig. Det finst også fleire
alternativ til tradisjonelle plantevernmiddel.
Marianne Stenrød er direktør for NIBIOs divisjon
for bioteknologi og plantehelse. Ho summerer opp noko av forskinga NIBIO gjer på
alternative metodar:
Vatn i ulike former kan redusere presset frå
skadeorganismar. Vassdamp ved ulike temperaturar på jord eller
plantemateriale viser seg å vere eit effektivt tiltak mot mellom anna skadedyret potetål, en rundorm i røtter av potet og tomat.
Vassdamp har også effekt mot fleire sjukdommar og skadedyr i jordbær.
– Me har også eit
prosjekt som undersøker om det er mogleg å behandle unge granplanter med eit
luktstoff som skal stimulere planta sitt eige immunforsvar, og dermed gjere den
meir motstandsdyktig mot sjukdommar, seier Stenrød.
Trass i
førebyggjande tiltak og alternative metodar er det ofte naudsynt å bruke tradisjonelle plantevernmiddel.
Forskarar ved NIBIO arbeider med
nye teknologiske løysingar som i slike tilfelle skal gjere bruken av midla meir
presis.
Annonse
Maskinlæring og bildegjenkjenning gjer det mogleg
å utvikle åkersprøyter som kjenner att ugras, og berre sprøyter sjølve ugraset.
Forskarane utviklar sensorar som skal kunne oppdage
planteskadegjerarar i felt, mellom anna ved bruk av lukt. Dette skal sikre ein
meir presis bruk av plantevernmiddel.
Mindre bruk
av plantevernmiddel er gunstig for alle parter, trekk Birgitte Henriksen frem.
– Det er mindre belastande både for menneske og miljø. I tillegg
kostar bruk av plantevernmiddel både tid og pengar. Enno viktigare er det at
ved redusert bruk kan vi oppretthalde effekten av midla betre. Det er nemleg
med plantevernmiddel som med antibiotika. Bruker du det for mykje blir
skadeorganismane motstandsdyktige. Ved å unngå
unødvendig bruk bevarer vi effekten av midla inntil når vi verkeleg treng å
bruke dei for å sikre trygg matproduksjon, seier ho.
Øl og eddik er plantevern fra kjøkkenskapet
Kategorien «alternative plantevernmiddel» har låg helse- og miljørisiko, men har ofte ein lågare effekt enn tradisjonelle middel.
Det er godt mogleg at du allereie har ting i kjøkkenskapet som kan fungera som eit alternativt plantevernmiddel. Det finst ei rekke slike basistoff, som primært blir brukt til anna enn plantevern.
På Mattilsynets liste over basisstoff finn vi kjende produkt som eddik, natron, solsikkeolje og øl.