Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
1 av 20 barn har blitt utsett for seksuelle overgrep i Noreg. Vi veit at dette også skjer på idrettsarenaer rundt om i landet.(Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB)
– Vi må erkjenne at idretten er ein risikoarena for overgrep
Forskarar har undersøkt kor godt eit kurs om seksuelle overgrep i idretten har fungert. Redd Barna er bekymra for at kurset ikkje har nådd godt nok ut til klubbane.
1 av 20 barn har
blitt utsett for seksuelle overgrep i Noreg, og vi veit at overgrep og vald skjer
på idrettsarenaer rundt om i landet.
Etter initiativ frå klubbar utvikla derfor Redd Barna eit kurs for å gje meir kunnskap til vaksne i idretten. Det gjorde dei saman med Nok. Bergen, som er eit hjelpetilbod til alle som har vore utsett for seksuelle overgrep og dei pårørande deira.
– Eit viktig
tiltak er at dei vaksne må få kunnskap om kva vald og overgrep er. Dei må vite kva dei kan gjere for å førebygge. Trygge vaksne gir også trygge barn,
seier Monica Sydgård, leiar for Redd Barnas Norgesprogram.
For få har tatt
kurset
For tre år sidan var
kurset Trygg på trening i gang. Heile vegen har forskarar frå
Forskingssenter for barne- og ungdomsidrett fylgd prosjektet.
Målet var at objektive forskarar skulle sjå prosjektet utanfrå. Dei skulle evaluere om kurset når måla dei har sett seg.
Forskargruppa har gjort deltakande observasjon og fokusgruppeintervju. Dei har intervjua både kursdeltakarar, kurshaldarar, ansvarlege i særforbund, Norges idrettsforbund (NIF), idrettskrinsar og Redd Barna.
Nyleg var det tid for
å konkludere på Redd Barna-huset på Løren i Oslo.
– Fleirtalet av
kursdeltakarane har fått ny kunnskap som dei ikkje har vore bevisste på før. Likevel tvilar dei på at dei har fått meir handlingskompetanse, fortel forskar Hanne
Sogn på framlegginga av rapporten.
Det positive er at
kursdeltakarane er nøgde med innhaldet og har fått ny kunnskap. Dei meiner
det viktigaste er at temaet faktisk blir sett på agendaen.
På den andre sida ser
forskarane at det er for få som har fått moglegheita til å ta
kurset.
Planen var at klubbane skulle få tilgang
til kursmateriell og sjølv halde kurset for dei andre tilsette og frivillige i
klubben.
Det har ikkje
skjedd.
– Det har vore ei utfordring med å engasjere klubbane. Vi etterlyser at Norges idrettsforbund tar
eit overordna ansvar. Også særforbund og idrettskretsar må sjå si rolle i
dette, seier Sogn.
Berre 11 av 55
særforbund
Det er berre 11 av 55
særforbund som har vore involvert.
Forskarane såg også
at NIF tok lite ansvar for å spreie informasjon i startfasen. Det var dessutan få
ressursar som var sett av til prosjektet.
Det kan ha fått
konsekvensar for korleis kurset har verka på klubbnivå. Til trass for dette,
fortalte klubbane som har vore involvert, at kurset var svært nyttig.
Annonse
Både innhald og
struktur fekk toppkarakter.
Anbefaler å føre kurset vidare
I den ferske
rapporten kjem forskarane med ei rekkje anbefalingar til idretten og til Redd Barna, som står bak kurset, for å nå ut til fleire med den viktige kunnskapen
framover.
– Vi anbefaler å føre kurset vidare basert på tilbakemeldingane vi har fått frå aktørane. Temaet
må på agendaen til trass for at klubbane påpeikar at dei manglar tid. Det
verkar som om prosjektet har sett i gang nokre prosessar i NIF og i idretten
generelt. Det gjer dei meir bevisste på problemstillinga, seier Sogn.
Forskargruppa tilrår
også at Redd Barna held fram med å vere til stades i idretten og påverke til
at det blir halde fleire kurs. Dei meiner at ein moglegheit kan vere å legge kurset
inn i allereie etablerte utdanningsløp i idretten, som trenarattesten.
Må ikkje vere
naive
Monica Sydgård i Redd
Barna er glad for å høyre at idretten har fått meir kunnskap og blitt meir
bevisste.
– Det er litt av
bakgrunnen for at vi sette i gang prosjektet. Vi veit at meir kompetanse om
vald og overgrep blant vaksne kan vere med og førebygge, seier
Sydgård.
Samtidig er ho
bekymra over at kurset ikkje har nådd tilstrekkeleg ut i klubbane.
– Det er vondt å
seie det, men vi må erkjenne at idretten er ein risikoarena. Dei som gjer
overgrep mot barn, søkjer seg til plassar der dei får tilgang på barn. Vi må ha
tillit, men vi kan ikkje vere naive. Vi må tenkje annleis om tryggleik, seier
Sydgård.
Ho håpar idretten vil
ta dette vidare, jobbe med å inkludere kurset i trenarattesten og lage eit
register over kven som har gjennomført kurset.
Assisterande
generalsekretær i Norges idrettsforbund Else-Marthe Sørlie Lybekk takkar for
rapporten og initiativet frå Redd Barna. Ho understrekar at NIF vil jobbe vidare med
Trygg på trening basert på resultat frå følgeforskinga.
Annonse
– Idretten skal
vere ein trygg stad å høyre til. NIF vil ta kapteinsansvar, sette retninga og
gå framfor, seier Lybekk.
Gjensidige-stiftinga
har finansiert store delar av følgeforsking-prosjektet.