Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Gjennom Ungdata Junior har over 100.000 barn svart på spørsmål om trening og om dei held på med idrett på fritida.

Nye tal: Svært mange norske barn trenar kvar veke, men idretten fangar ikkje opp dei som treng det mest

Tre av fire 10- til 12-åringar trenar og er med i idretten. Tala må likevel sjåast som eit varsko om at idretten ikkje klarer å fange opp dei som treng han aller mest, meiner professor.

Publisert

Norsk idrett er kjent for at svært mange er innom i løpet av barneåra. Nå har forskarar fått bekrefta dette gjennom tal og data ved å spørre barn i aldersgruppa frå 10-12 år.

I ei fersk rapport frå Ungdatasenteret ved OsloMet og Forskningssenteret for barne- og ungdomsidrett på Norges idrettshøgskole (NIH) har forskarar gjort desse hovudfunna:

  • Over 100.000 barn har svart på spørsmål om trening og deltaking i idretten gjennom Ungdata Junior.
  • 75 prosent svarar at dei trenar ein eller fleire gonger i løpet av veka.
  • 66 prosent svarar at dei driv med idrett som fast fritidsaktivitet ein gong eller fleire i løpet av veka.
  • 14 prosent svarar at dei aldri trenar.
– Den sosiale ulikskapen er tydeleg, seier professor Åse Strandbu. Ho har skrive rapporten saman med ungdomsforskar Anders Bakken.

– Desse tala seier oss at idrett har ein veldig stor betydning i veldig mange folks liv og at idrettens posisjon er sterk i Noreg. Det er veldig mange barn i dag som er opptatt av å trene og synest det er viktig å ha eit tilbod i idrettslag eller andre treningstilbod, seier ungdomsforskar Anders Bakken ved OsloMet.

Podcast: Hva er status for barneidretten i Norge?

Målet er idrettsglede for alle, men ein ny rapport viser at idretten har utfordringar med å få med alle sosiale lag i befolkninga. Anders Bakken ved OsloMet og Åse Strandbu ved NIH står bak rapporten og er gjester i NIH-podden. 

Få alle tal og analysar i NIH-podden med programleiarane Christina Gjestvang og Gjermund Erikstein-Midtbø. 

Høyr heile episoden her. 

Oppnår ikkje idrettsglede for alle

Likevel viser rapporten at idretten har utfordringar med å nå sitt eige mål om idrettsglede for alle. 

Barna som deltok i rapporten, blei delt inn i fem grupper etter kva slags sosioøkonomisk bakgrunn dei kom frå. 

75 prosent av dei med flest ressursar i heimen hadde idrett som fritidsaktivitet, mot 53 prosent av dei med færrast ressursar. 

– Denne studien viser det me har sett tidlegare i ungdomsidretten. Det er mange barn med lågare sosioøkonomisk status som er med, men den sosiale ulikskapen er tydeleg. Det er tydeleg sosial ulikskap i idrettsdeltaking blant barn i Norge, konkluderer professor og leiar for Forskingssenteret for barne og ungdomsidrett, Åse Strandbu.

– Desse funna kan også vere eit varsko til idretten, seier Anders Bakken. Han er sosiolog og har forska på ungdom sidan starten av 1990-talet.

Mest aktive i byen

Kvar er det barn er mest aktive? På bygda eller i byen? Rapporten viser klare skilnadar. 

– Me finn at det er meir aktivitet til meir sentralt kommunane ligg. Altså i Oslo og dei store byane, enn på landsbygda, seier Bakken og legg til:

– Samtidig ser me også at det er ein del variasjon mellom dei 16 største kommunane. Kommunane som hadde lågast deltaking, låg omtrent på nivå med kommunane i bygda. 

Forskarane såg også at dei barna som veks opp i dei største byane, deltek oftare i idretten når dei fyrst er med.

Unge er ikkje mindre aktive enn før

Påverkar den stadig aukande skjermtida trening og idrettsdeltakinga til dei eldste barna på barneskulen?

Sjølv om ein ikkje har liknande tal å samanlikne med for denne aldersgruppa, tyder andre studiar at aktiviteten er stabil.

– Det er interessant, for det er jo mykje snakk om stor skjermbruk i dag. Ein skulle da kanskje tru at barn og ungdom i dag er mindre fysisk aktive. Me kan ikkje bruke vår studie til å kommentere det, men me gjer også ein gjennomgang av andre studiar som går bakover i tid. Det viser at det faktisk er veldig liten endring i fysisk aktivitet, seier Strandbu. 

Idrettsbarna har høg trivsel

Gjennom svara til dei over 100.000 femte-, sjette- og sjuandeklassingane ser ein også klare samanhengar mellom dei som er med i idretten og trivsel i livet. 

– Når vi samanliknar dei barna som er aktive i idrett, og dei som ikkje er det, så er det fleire som svarar at livskvaliteten er høg blant dei som driv med idrett. Dei fortel mellom anna at dei har fleire vener, seier Bakken.

Han trur det er fleire årsaker til dette. 

– Noko av dette kan nok også skuldast at dei som kanskje ikkje har det så bra, kan ha større sjanse for å slutte med idrett. Eller kanskje dei ikkje startar med idrett i det heile tatt. 

Strandbu meiner dette er viktig for idretten å ta til seg.

– Desse funna kan også vere eit varsko til idretten om at idretten ikkje klarer å få med dei som kanskje hadde trengt idretten spesielt. Det er ikkje slik at ein skal tolke desse tala berre i retning av at idretten er ein stor suksess for å betre livskvaliteten, seier Strandbu. 

Høyr heile episoden her:

Referanse:

Åse Strandbu og  Anders Bakken: Barna og idretten, Organisering, verdier og sosial ulikhet. NIH, Oslomet, Rapport 2/2024, 2024.

Powered by Labrador CMS