Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

I denne boka frå 1846 av forleggar Prahl i Bergen viste teikningar av dei unge sirkusartistane.

Karl August (10) var sirkusbarn:
– Det fyrste teiknet på barneidrett

Visste du at barneidretten i Noreg starta med barn som var hovudpersonar på sirkus? Idrettshistorikarar tar deg med på ei reise i barneidrettens historie over 200 år.

Publisert

Ein tiåring som viser fram linedans på slapp ståltråd medan han sjonglerer to sitronar. 

Det gir deg kanskje ikkje assosiasjonar til den barneidretten du kjenner i dag, med gutar og jenter springande rundt i neonfarga vestar medan foreldra observerer på sidelinja.

Annonserte i Morgenbladet

Gudmund Skjeldal er forskar og forfattar. Han skriv nå ei bok om barneidrettens historie.

Men i 1824 var det akkurat det baksida av Morgenbladet lova. Far til ti år gamle Karl August hadde sett inn annonsen som også lova at sonen skulle ha ein kårde på nasen og ein tallerken oppå kården igjen.

– Det er definitivt fysiske prestasjonar som tangerer det som blir seinare kalla sirkusførestillingar. Dette er tidleg, stor toppidrett gjort av barn, fortel Gudmund Skjeldal.

Han er idéhistorikar og skriv i desse dagar ei bok om barneidrettens historie. I arbeidet der han har gått gjennom mellom anna avisarkiv og bøker, har annonsar der sirkusbarn skal lokke publikum med store prestasjonar, vist seg som dei fyrste teikna til idrettsaktive barn. 

I tida mellom 1810 og 1850 blei det skrive om mange slike førestillingar der barn er hovudpersonane og er viktige for å trekke publikum. 

I kraft av at dei var små og uvanleg dyktige.

– Det var sjonglering, linedans, men også ved at dei var flinke til å ri hest og kanskje til og med gode gjøglarar og klovnar, fortel Skjeldal.

Podcast: Om barneidrett

Saman med idrettshistorikar Matti Goksøyr gjev forskar Gudmund Skjeldal lyttarane av NIH-podden eit overblikk over historia til barneidretten i Noreg.

Høyr heile episoden her.

Turn var den fyrste idretten for barn

Utover 1800-talet blei det også diskusjonar rundt bruken av barn i desse arrangementa. 

Henrik Wergeland var ein av dei som kasta seg inn i debatten, der enkelte meinte at sirkusbarna nærmast levde under slavekontraktar.

Den aller fyrste organiserte idretten for barn i Noreg var turntreningar rundt 1858 i Kristiania. Her var det parti fleire gonger i veka for både gutar og jenter.

Utover 1800-talet meinte fleire vaksne at barn ikkje måtte arbeide. Leiken som barn dreiv med, blei meir og meir viktig i seg sjølv. 

– I biletframstillingane av leik heilt konkret handlar det meir og meir om fysisk utfalding. Det byrjar kanskje med målaren Tiedemann. Han måla barn som leikar på ski rundt juletider, fortel Skjeldal. 

1846 måla Adolph Tiedemand dette bilete av barn som leika på ski.

Laga for unge vaksne menn

Der den organiserte idretten i dag er spesielt oppteken av å legge til rette for at alle barn skal få moglegheita til å drive idrett, var det langt i frå slik på starten av 1900-talet. 

– Den frivillige idretten var hovudsakleg laga for unge menn. Altså den tida etter at dei var konfirmert og før dei gifta seg. Det var den klassiske idrettsmannen på den tida, seier Matti Goksøyr.

Idrettshistorikar Matti Goksøyr har mellom anna gjeve ut boka Historien om norsk idrett.

Men også skulen og staten hadde blitt oppteken av idrett og fysisk aktivitet. Kroppsøving kom på timeplanen, men langt i frå for alle. 

– I byrjinga var det berre for gutar som budde i byane. Så blei det utvikla opplegg og ressursar også for gutar på landsbygda. Gradvis kom jentene inn i bildet. Det var ikkje før eit langt stykke ut på 1900-talet (1939) at dette blei obligatorisk for både gutar og jenter, fortel Goksøyr.

20 års aldersgrense for skirenn

Lærarane ville gjere det på sin eigne pedagogiske måte. Dei ville ikkje stresse konkurranseelementet for mykje. Dermed blei idretten som blei drive på skulen, annleis enn den frivillige. 

Det gjorde også sitt til at det blei ein dragkamp mellom skulen og idretten om kven som skulle drive med idrett for barn. 

– Før andre verdskrig stod lærarane sterkt. I landsnemnda for skuleidrett var det elleve medlemmer. Berre ein kom frå Idrettsforbundet. Barneidretten blei derfor prega av tankane til skuleverket, fortel Goksøyr. 

Det gav seg mellom anna utslag på aldersgrensene for kor gamle barna kunne vere for å konkurrere. 

– Det var særforbunda som fastsette dei, og dei var overraskande høge. Skiforbundet diskuterte faktisk om gutar skulle få gå langrenn om dei var under 20 år, seier Goksøyr og fortel om ein episode frå eit ski-ting på 1930-talet.

– Det blei reist innvendingar som me nok hadde smilt litt av i dag. På ski-tinget reiste folk seg og fortalte at dei visste om folk som hadde døydd tidleg fordi dei hadde fått hjarteproblem av å få gå for mykje langrenn før dei var 20 år. 

Delte barna inn etter fysisk alder

Norsk idrett var også splitta i to på denne tida. AIF (Arbeidernes Idrettsforbund) var meir oppteken av at idretten skulle vere for alle. Dei ville rekruttere nye grupper inn i idretten, som kvinner og barn. 

Som for lærarane var det ikkje konkurranseelementet som var det viktigaste. Idretten skulle vere annleis og spesiell for barna, meinte dei. 

Dei lanserte også omgrepet fysisk alder. Der skulle ikkje barna berre bli delt inn etter årskull. AIF ville at vekt og høgd skulle spele inn. Argumentet var faktisk sosialpolitisk. 

– Dette var i dei harde 30-åra, og det var særleg dei store forskjellane i Oslo som påverka dette. Det gav seg særleg utslag i storleiken på barna. På vestkanten blei dei større og sterkare enn på austkanten. Da blir det jo ikkje rettferdig konkurranse, meinte dei, fortel Goksøyr.

Denne inndelinga var derimot ikkje like populær blant barna. Leiarane forstod ikkje at, eller rekna ikkje med at, idrett også er ein sosial aktivitet der barna vil vere med vener frå klassene sine.

Medaljane viser at bestemmingane om barneidrett er vellukka

Det var mykje, blant anna dette, som leia opp til den viktige avgjerda som blei tatt i norsk idrett i 1987. 

Noko av det som i dag gjer norsk barneidrett unik.

Barnidrettsbestemmingane kom på plass. 

Dei seier mellom anna at barn ikkje skal konkurrere før dei er seks år. Det gjeld i eigen klubb og lokale konkurransar. Vidare skal det ikkje brukast resultatlister før dei fyller elleve år, og dei skal ikkje konkurrere utanlands før tolv år. I Norden og Barentsregionen frå elleve år.

Det er stadig kritiske røyster mot desse reglane. Til dømes at dei hemmar utviklinga for dei beste. Goksøyr meiner likevel dei norske resultata desse åra viser ei anna historie.

– Dei siste 30 åra har Noreg stått fram som eit veldig vellukka idrettsland når det gjeld talet på medaljar. Og det interessante er jo at desse utøvarane har vakse opp og blitt gode under desse barneidrettsbestemmingane, seier Goksøyr.

Gudmund Skjeldal forstår ikkje kvifor dagens foreldre står på sidelinja og ser på barna trene. Kvifor spelar dei ikkje fotball eller trenar på andre måtar sjølv?

Kvifor står foreldre og ser på barna trenar?

Men kvar er barneidretten i dag i 2024? Dei aller fleste norske barn er innom barneidretten. Over 500.000 barn under 12 år er medlemmer i eit idrettslag.

Likevel meiner Gudmund Skjeldal at det er nokre trekk ved dagens barneidrett som er verdt å diskutere. 

Han meiner me har snudd idretten nærmast på hovudet i dag.

– Som Matti var inne på, var idretten laga for unge, vaksne menn, men nå er nærmast alt sentrert rundt barna. Ofte er det slik at barna held på, medan foreldre står på sidelinja og ser på, og spør om dei er tørste. For meg viser det korleis me har blitt for opptatt av å passe på ungane, seier Skjeldal. Han legg til at han her ikkje uttalar seg som forskar.

For snart ti år sidan skreiv han kronikken Ti bod for ein betre barneidrett etter fleire år som vaksen i barneidretten.

Den tidlegare langrennsløparen er uroa for at barna ikkje får leika utan at vaksne organiserer leiken.

– Me er for overvakande og for organiserande. Ei av dei store utfordringane både for foreldre, idretten og for oss som forskarar er å gje rom for den uorganiserte leiken. Ein er eksempelvis ikkje ein dårleg forelder om ein ikkje har sett på ein heil kamp ungane spelar. Tvert om. Eg trur barn treng å utfalde seg i lag med andre barn og for så vidt i lag med andre vaksne, utan foreldreblikket. 

Høyr heile episoden her: 

 

Powered by Labrador CMS