DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.

I heimetenesten arbeider ein tett på brukarar og pårørande.

Derfor er sjukefråvær i heimetenesten så høgt

Sterke kjensler i arbeidet kan forklare høgare risiko for å bli sjukmeldt i heimetenesten.

I heimetenesten er sjukefråværet nesten dobbelt så høgt som i resten av arbeidslivet. Og for å finne ut kva som er årsakene til det høge sjukefråværet, forskar STAMI på nettopp dette.

Frå før visste forskarane at halvparten av sjukmeldte i heimetenesten oppgir at sjukefråværet kjem av helseproblem som heilt eller delvis skuldast forholda på jobben.

Nasjonal statistikk (stami.no) om arbeidsmiljø og arbeidshelse viser at tilsette i heimetenesten generelt er langt meir utsette for psykososiale risikofaktorar i arbeidsmiljøet enn gjennomsnittet i den yrkesaktive befolkinga.

– Psykiske plager står for ein betydeleg del av sjukefråværet, seier Rigmor Knutsen, som forskar på sjukefråværet i heimetenesten.

Psykososiale utfordringar i arbeidsmiljøet

Spesielt skil heimetenesten seg ut med høge emosjonelle krav, uønskt seksuell merksemd, og vald og truslar om vald.

Men tilsette i bransjen opplever også i stor grad høge krav og låg kontroll i arbeidet. Dei opplever dessutan rollekonflikt og ubalanse mellom innsats og påskjønning.

– Psykiske plager står for ein betydeleg del av sjukefråværet i denne bransjen. Mykje av dette er relatert til psykososiale faktorar i arbeidet, seier Rigmor Knutsen ved STAMI. Ho forskar på sjukefråværet i heimetenesten.

Emosjonelle krav er viktig faktor

Knutsen og hennar kollegaar har samla inn informasjon om arbeidsmiljø frå tilsette i heimetenesten i 130 kommunar i Noreg. Dette har dei gjort for å kunne forklare samanhengen mellom psykososiale faktorar i arbeidet og legemeldt sjukefråvær. 

Informasjonen har dei så samanlikna med deltakarane sitt sjukefråvær som er registrert hos NAV. Då kunne forskarane sjå kva deltakarane rapporterte om psykososialt arbeidsmiljø. Vidare kunne dei sjå om dei hadde sjukefråvær dei neste to åra.

Her har dei funne samanheng mellom psykososiale faktorar i arbeidsmiljøet og legemeldt sjukefråvær der psykiske plager er oppgitt som diagnose.

– Her ser vi også at emosjonell dissonans og emosjonelle krav kan forklare opp til 30 prosent av sjukefråværet med psykiske helseplager som diagnose. Så dette er viktige risikofaktorar i arbeidsmiljøet i heimetenesten, seier Knutsen.

Emosjonell dissonans er det ein opplever når arbeidet krev at ein må uttrykke andre kjensler enn dei ein har sjølv, og undertrykke sine eigentlege kjensler.

Emosjonelle krav handlar her om kor vidt ein må forholde seg til sterke kjensler hos brukarar og pårørande.

Ein anna faktor som har samanheng med sjukefråvær, er kontroll over arbeidsintensitet. Det er for eksempel i kva grad ein kan kontrollere når ein kan ta ein pause.

– Å kunne kontrollere arbeidsintensitet førte til ein lavare risiko for sjukefråvær. Altså virkar dette som ein beskyttande faktor. Men det virkar også motsatt. Dersom ein har lite kontroll over arbeidsintensiteten kan det føre til høgare risiko for sjukefråvær, seier ho.

Kvinnedominert bransje

Resultata frå studien viser at emosjonelt arbeid kan påverke helsa negativt. Den viser at psykososiale faktorar i arbeidsmiljøet kan forklare høgare risiko for ein del av sjukefråværet i heimetenesten.

95 prosent av deltakarane i denne studien er kvinner. Forskarane meiner det er nyttig med meir kunnskap om viktige årsaker til sjukefråvær i kvinnedominerte yrker.

– Ein kan oppleve ein del fysiske påkjenningar i helse- og omsorgsyrke. Dei aukar risikoen for sjukefråvær. Denne studien understreker imidlertid at psykososiale faktorar også er noko ein må ta på alvor, seier Knutsen.

Kan bidra til god førebygging

Denne nye kunnskapen om sjukefråvær i heimetenesten kan gje eit betre grunnlag for å lage meir treffsikre tiltak som kan førebygge sjukefråvær.

– Emosjonelt arbeid vil det alltid vere når ein arbeider med menneske, så det kan ein ikkje førebygge. Men ein kan innføre tiltak for å redusere påkjenningane frå desse krava. Dermed kan ein førebygge sjukefråvær. Og her indikerer studien at det kan det vere lurt å rette tiltak mot emosjonelt arbeid, seier Knutsen.

Uavhengig av denne studien finst det gode metodar for å lage treffsikre tiltak, fortel ho.

Ein god praksis er at leiarar og tilsette i fellesskap kan finne ut korleis ein kan organisere og planlegge arbeidet. Slik kan emosjonelle krav og emosjonell dissonans verke mindre belastande for dei tilsette over tid.

I tillegg viser studien at det vil vere positivt å legge til rette for at tilsette kan påverke sitt eige arbeidstempo, i dei arbeidssituasjonane der det er mogleg.

Referanse:

Rigmor Knutsen mfl.: Impact of psychosocial work factors on risk of medically certified sick leave due to common mental disorders: a nationwide prospective cohort study of Norwegian home care workersBMC Public Health, 2024. Doi.org/10.1186/s12889-024-18299-y

Powered by Labrador CMS