DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.
Kulde kan påvirke de indre klokkene i kroppens celler
Ny forskning på mus kan tyde på at kulde har potensial til å forstyrre døgnrytme og helse. Det kan være nyttig kunnskap for å vurdere effekten av skiftarbeid.
Arbeid i kalde miljø kan ha ulike påverknadar på helsa. Men det finst framleis lite kunnskap om samanhengane mellom kulde, arbeid og helse.
(Illustrasjonsfoto: STAMI)
Når vi merkar at det blir kaldt, set vi aktivt i gang responsar for å tilpasse oss denne endringa. Vi kan ta på oss varmare klede eller slå ei god, gammaldags floke.
I tillegg set kroppen i gang fysiologiske responsar for å halde oppe kjernetemperaturen til kroppen.
Til dømes reagerer kroppen raskt på kulde ved at blodet trekkjer inn frå hender og føter for å verne indre organ. Verkar ikkje det, er neste respons at vi byrjar å skjelve.
Når kroppen tilpassar seg frå sommarvarmen til haust og vinter, endrar vi bestemte genar for å klare det.
– Over tid slår cellene på spesielle genar for å tilpasse seg kulde meir varig. Og vi har ikkje visst om slike responsar kan skje allereie i løpet av åtte timar, som også svarer til ein arbeidsdag. Det har ingen studiar vist før, seier Fred Haugen. Han er forskar på Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).
Mange arbeider skift i kulde
Resultata i denne studien er relevante for alle som arbeider i kulde, og eigentleg relevante for alle uavhengig av arbeid. Men studien er del av eit større prosjekt som undersøker korleis skiftarbeid i kulde og mørketid i nord påverkar helsa.
I det norske arbeidslivet rapporterer 32 prosent at dei arbeider skift, medan 17 prosent rapporterer om at dei blir eksponerte for kulde på jobb.
Arbeid i kalde omgjevnadar kan gi frostskadar. Det kan også auke risikoen for ulykker og er sett i samanheng med fleire helseplager og sjukdomar.
Enkelte funn tyder på at kuldeeksponering, både akutt og langvarig, kan ha innverknad på sjukdomar i pustesystemet, hjarte- og karsjukdom, muskel- og skjelettplager og andre kroniske sjukdomar.
Det har lenge vore kjent at temperaturreguleringa vår er endra om natta. Men kva slags mekanismar som gjer at arbeid i kulde kan påverke helsa, finst det lite kunnskap om.
Og det har ikkje før vore forska på korleis arbeid i kulde, kombinert med skiftarbeid, kan påverke helsa.
I denne studien har Haugen og kollegaer på STAMI undersøkt korleis temperaturendringar påverkar bestemte celler i mus. Dei har også sett på om desse cellene reagerer ulikt på ulike tider på døgnet.
Ulike reaksjonar på dag og natt
Forsøka har vist at åtte timar er nok til å setje i gang mange responsar hos musene, spesielt i brunt feittvev.
Cellene i brunt feittvev har eit protein (UCP1) som kan generere varme. I menneske er det spedbarn som har mest brunt feittvev under huda. Det er for å kunne motverke varmetap. Men også vaksne menneske har litt av dette.
Tid på døgnet påverkar også aktiveringa av hormonet FGF21. Det blir produsert i levra og i brunt feittvev.
– Denne studien viser at tid på døgnet er viktig for musene, og at nokre av responsane er ulike på ulike tider av døgnet, seier Haugen.
Dette har ikkje vore kjent før.
– Det er nytt at det skjer så fort og at tid på døgnet påverkar kor stor aktivering det får. Proteinet UCP1 i brunt fettvev er studert mykje, så det er morosamt at vi har gjort nye funn på dette, seier forskaren.
Kulde kan påverke dei indre klokkene
I same studien har forskarane studert klokke-gen i cellene i lever og brunt feittvev hos musene. Alle cellene i kroppen har klokker. Også vi menneske.
Desse er styrt frå eit område i hjernen som har samband med netthinna til auga. Det er fordi lys er ein avgjerande faktor for døgnrytmen.
Her fann forskarane at kulde påverkar klokkegena i cellene og kan dermed påverke døgnrytmen deira.
– Vi ser i denne studien at kulde kan ha ein slags «jet lag-effekt» på døgnrytmen i cellene til musene. Dei indre klokkene i brunt feittvev og nervane som går ut til huda, var særleg påverka. Ein kan spekulere om dette også påverkar forbrenning og sensitivitet gjennom døgnet, seier Haugen.
Resultata i denne studien er ikkje direkte overførbare til menneske. Men no veit forskarane at det er mykje å hente av å undersøkje korleis tid på døgnet påverkar genar som gir tilpassing til kulde i menneske.
Derfor er dei i gang med nye prosjekt som kan hjelpe oss nærare ei forståing av korleis skiftarbeid i kalde omgivnader påverkar helsa.
Referanse:
Phong KT. Chau mfl.: Timing of acute cold exposure determines UCP1 and FGF21 expression - Possible interactions between the thermal environment, thermoregulatory responses, and peripheral clocks. Journal of Thermal Biology, 2024. Doi.org/10.1016/j.jtherbio.2024.103938
Les også disse sakene fra STAMI
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER