Denne artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - les mer.
Forskar Andrea Ficke leiar arbeidet med å undersøke samanhengen mellom resistens i plantepatogene sopp og resistens i Aspergillus fumigatus. Her saman med overingeniør Jafar Razzaghian (til venstre) og ein brasiliansk internshipstudent, Mateus Morais.(Foto: Silje Kvist Simonsen)
Forskarar er bekymra for at resistent sopp skal spreie seg
Soppmiddel er viktig i kampen mot skadelege soppar. Resistens mot soppmiddel er ein trussel mot helsa til menneske, dyr og planter.
Sopp kan forårsake sjukdom i både menneske, dyr og planter. Kvart år døyr 1,5 millionar menneske av soppinfeksjonar. Soppangrep i matplanter truar matproduksjonen.
For å beskytte oss har me utvikla kjemiske middel i form av medisinar eller plantevernmiddel. Dei drep skadelege soppar.
Det mest effektive verkemiddelet mot soppinfeksjonar er ei gruppe stoff som går under fellesnemninga azoler.
– Det er livsviktig at azolene vi bruker mot patogene soppar, har god effekt, fortel forskar Ida Skaar ved Veterinærinstituttet.
Azoler blir nemleg hyppig brukt som medisin til menneske og dyr. Det er for å hindre soppsjukdomar i matplanter og på golfbaner, for å bevare treverk, for å hindre mugg i blomsterløk og rundballefôr, og for å bevare prydplanter.
Lista er lang. Den hyppige bruken bekymrar forskarar. Den skadelege soppen utviklar nemleg resistens.
Eit lite utforska tema
Antibiotikaresistens er ei problemstilling som vekker bekymring hos mange. Til samanlikning er resistens mot soppmiddel eit lite utforska, men svært relevant, tema.
Verdas helseorganisasjon (WHO) har mellom anna vald ut soppen Aspergillus fumigatus som ein sopp som kan utgjere ein helsemessig trussel framover. Dette er ein veldig vanleg sopp som finst overalt.
Han er ikkje farleg for friske folk. For personar med svekt immunsystem kan han gi infeksjonar som må behandlast. Då er det livsviktig at medisinen, som vanlegvis er basert på azoler, er effektiv.
– A. fumigatus som er resistent mot azoler, er eit aukande problem i verda, fortel Skaar.
Ho fortel vidare at me ikkje kjenner til korleis situasjonen er i Noreg, men med det våtare og varmare klimaet som me truleg kan vente oss framover, vil problemet bli større.
– Kunnskap om situasjonen i Noreg er heilt nødvendig. Me må vere føre var. Me må ha nødvendig kunnskap før problemet blir for stort. Mellom anna må me vite kor mykje resistens me har, kva slags måte soppen har utvikla resistens på, og i kva miljø resistens lett kan oppstå – såkalla «hotspots».
Éin helse – alt heng saman
Skaar leier prosjektet NavAzole. Der har dei som mål å kartleggje og forstå utviklinga av azolresistens i Noreg. Denne kunnskapen trengst for å kunne ta kloke avgjerder for å halde resistensnivået så lågt som mogleg. Dette krev samarbeid mellom fleire ulike sektorar.
– Azolresistens angår fleire område. I det vidare arbeidet må me ha eit éin helse-perspektiv. Det betyr at me må sjå den viktige samanhengen mellom menneskehelse, dyrehelse og miljøet rundt, seier ho.
Ho fortel at det handlar mellom anna om at dei må ta i betraktning alt me bruker azoler til og undersøke «hotspots» for resistensutvikling. Vidare må dei sjå på korleis resistensen spreier seg vidare.
Leiter etter resistens i jordlevande sopp
Annonse
Ein potensiell «hotspot» for resistensutvikling er bruken av azol-baserte sprøytemiddel i landbruket. Dette skal blant anna forskarar i NIBIO sjå nærare på.
Andrea Ficke er ekspert på soppsjukdomar i korn. Ho forklarer korleis ein kornåker kan vere ein «hotspot» for resistensutvikling:
– A. fumigatus er ein jordlevande sopp som også finst i åkeren. I konvensjonelt landbruk blir kornet sprøyta mot ulike soppsjukdomar. Mange av soppmidla er basert på azoler. Noko av soppmiddelet vil ende opp i jorda. Då kan det påverke A. fumigatus. På same måte som at høgt forbruk av antibiotika kan føre til at bakteriar utviklar resistens, kan jamn eksponering for azoler gi resistens hos A. fumigatus.
I prosjektet ønsker forskarane difor å undersøke om dei finn resistent A. fumigatus i kornåkrar som blir sprøyta med azolbaserte middel. Vidare vil dei sjå om det finst ein samanheng mellom resistensutvikling i plantepatogene sopp og resistensutvikling i A. fumigatus.
I prosjektet skal forskarane studere to soppar som gir bladflekksjukdomane kveitebladprikk (Zymoseptoria tritici) og kveiteaksprikk (Parastagonospora nodorum).
– Angrep frå desse soppane kan føre til betydelege avlingstap, seier forskaren.
Ficke har arbeidd med bladflekksjukdomar i korn i 10–12 år. I løpet av desse åra har ho ikkje observert ein bekymrande auke i resistens mot soppmiddel.
Forebels har heller ikkje forskingsgruppa til Skaar funne resistens hos A. fumigatus frå åkrar. Dette betyr ikkje at me kan kvile på laurbæra, snarare tvert imot.
Viktig med førebyggjande arbeid
– Her i Noreg er me svært heldige som ikkje har store problem med soppmiddelresistens i landbruket, seier Ficke.
Sjølv om Skaar fortel at dei har funne meir enn venta av resistent A. fumigatus i ulike norske miljø, meiner også ho at problemet er relativt lite i Noreg.
– Men du skal ikkje lenger enn til Danmark før problemet blir større, legg ho til.
Annonse
Begge forskarane understrekar at det difor er viktig å ha fokus på denne problemstillinga i Noreg.
– Den førebyggjande innsatsen me legg ned er avgjerande. Me må forstå omfanget av problemet i Noreg og iverksette tiltak som kan redusere utviklinga av resistens.
Å redusere unødvendig bruk av soppmiddel speler ei viktig rolle i dette. I tillegg bør ein vurdere i kva situasjonar det er nødvendig å bruke soppmiddel.
– Noreg er gode på å unngå unødvendig bruk av antibiotika. Me bør ha like stort fokus på å unngå unødvendig bruk av soppmiddel. Dersom me først får etablert mykje resistens i landet, er det svært vanskeleg å bli kvitt han. Difor gjeld det å vere føre var, konkluderer Skaar.
Slik utviklar sopp resistens
I alle populasjonar av sopp er det ein viss genetisk variasjon. Denne variasjonen kan gjere at nokre individ i større grad toler å bli utsett for soppmiddel enn andre.
Når populasjonen vert utsett for soppmiddel, vil det vere desse individa som overlever, og som kan reprodusere seg.
Resistensen mot soppmiddel er genetisk og dermed arveleg. Det kan også oppstå tilfeldige mutasjonar i DNA-et til soppen. Det kan gjere at han blir resistent. På denne måten vil bruk av same type soppmiddel over lang tid selektere fram sopp som er stadig meir resistente. Desto raskare soppen reproduserer seg, desto raskare kan resistens oppstå.
Ulike soppmiddel har ulike strategiar for å drepe eller hemme sopp. Eit individ som har utvikla resistens mot ein type soppmiddel, er ikkje nødvendigvis resistent mot eit soppmiddel som verkar på ein annan måte.
Difor er det viktig å unngå einsidig bruk av soppmiddel med same verkemåte. I tillegg bør ein i planteproduksjon bruke såkalla integrert plantevern for å redusere behovet for soppmiddel og andre sprøytemiddel.
Integrert plantevern er kort sagt å ta i bruk alle teknikkar og metodar som lèt seg foreine for å holde mengda skadegjerarar under det nivået som gir økonomisk skade.
Forskingsprosjektet NavAzole
NavAzole (Navigating the threat of azole resistance development in human, plant and animal pathogens in Norway) er eit fem-årig prosjekt leia av Veterinærinstituttet. Det starta i 2021.
Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd (NFR), og er eit samarbeid mellom Veterinærinstituttet, NIBIO, Oslo universitetssjukehus, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, Norsk Landbruksrådgiving, Mattilsynet, Kreftforeningen, BAMA Gruppen AS og Radbound University Nijmegen Medical Center.
Prosjektet har som mål å kartleggje og forstå utviklinga av azolresistens i Noreg gjennom studiar av isolat frå tre soppar (Aspergillus fumigatus, Zymoseptoria tritici og Parastagonospora nodorum) frå ulike miljø.
Vidare skal prosjektet etablere metodar, nettverk og rutinar for diagnostikk og overvaking av azolresistens i Noreg.