–
Resultata er oppmuntrande for eldre. Vi veit frå før at fysisk form, konsentrasjon og oppfatning av språk vert
gradvis redusert med alderen. No veit vi også at det går an å motverke det ved
å trene.
Det seier Linda Ruth
Wheeldon, professor i språk ved Universitetet i Agder (UiA).
Ho har undersøkt samanhengen mellom kondisjon og oppfatning
av språk hos eldre kvinner og menn. Med seg har ho hatt forskarar innan språk
og idrett frå UiA og universitetet i Birmingham.
Ifølgje Wheeldon er studien den første som tydeleg viser at god kondisjon kan påverke språkforståinga hos eldre på
ein positiv måte.
Testa før og etter halvt års trening
Data frå 160 friske eldre personar i alderen 60 år og
oppover vart analysert i undersøkinga.
Linda Ruth Wheeldon er professor i språk ved Universitetet i Agder.(Foto: UiA)
80 av dei eldre var frå Birmingham i England og
beherska eitt språk. Dei andre 80 var frå Kristiansand og beherska to språk. Desse hadde norsk som førstespråk og gode evner i engelsk som andrespråk.
Halvparten av deltakarane frå dei to byane
gjennomførte kondisjonstrening i eit halvt år. Den andre halvparten trente
ikkje. Det gav forskarane eit godt grunnlag for å samanlikne framgangen mellom
dei eldre i trenings- og kontrollgruppa.
Språk og kondisjon vart testa før og etter at
perioden med trening var over.
Treninga vart følgt opp
Idrettsforskar Sindre
Herskedal Fosstveit og kollegaer ved UiA står bak treningsprogrammet og
testane av kondisjon i eksperimentet.
Treninga var heimebasert. Dei eldre loggførte øktene.
Alle hadde fått delt ut pulsklokker og pulsbelte. Via klokkene sjekka Fosstveit puls og andre data frå
treninga. I tillegg fekk alle individuell oppfølging ein gong i månaden.
Intervall opp bakkar og sirkeltrening med kroppsvekt
Det var lagt opp til
tre økter i veka med individuelle tilpassingar. Kvar økt varte i 40–60 minutt. Det inkluderte oppvarming og nedtrapping.
Ei av øktene var
intervalltrening to gonger i veka. Dei eldre gjekk raskt oppover ein bakke i
to minutt før dei tok pause og gjentok øvinga. I starten gjekk dei fem gonger
opp og ned. Intervalla vart auka etter kvart som dei kom i betre form.
Idrettsforskar Sindre Herskedal Fosstveit og kollegaer ved UiA står bak treningsprogrammet og testane av kondisjon i eksperimentet.(Foto: UiA)
Den andre økta var
sirkeltrening éin gong i veka. Der var målet å kombinere styrkeøvingar med
auka puls. Dei eldre gjennomførte seks ulike styrkeøvingar repetert tre gonger à 45 sekund.
Hovud, hjarte og
musklar treng luft
Sirkeltrening er ei
treningsform som både kan betre kondisjonen og gjere musklane meir uthaldande.
Annonse
– Ved å veksle
mellom ulike øvingar med korte pausar vert kroppen utfordra til å halde oppe
innsats og intensitet over tid. Det gjer musklane meir uthaldande, seier
idrettsforskaren.
Han minner om at
maksimalt oksygenopptak er eit mål på kondisjonen til den enkelte. Dess meir oksygen kroppen klarer å transportere til musklane og utnytte under
fysisk aktivitet, dess betre er kondisjonen din.
Forskjell på dei éin- og tospråklege
– Treningsgruppene i
begge byane følgde opplegget. I gjennomsnitt auka dei kondisjonen, altså det
maksimale oksygenopptaket med sju prosent samanlikna med kontrollgruppene, seier
Fosstveit.
Kontrollgruppene som ikkje trente,
hadde liten eller ingen framgang. Mange fekk dårlegare resultat på den andre
testen av språk og kondis.
Heller ikkje deltakarane i den tospråklege gruppen som trente, fekk nokon framgang på
språktestane. Det var stikk i strid med det forskarane hadde trudd.
Resultatet på
språktestane var altså ulikt mellom gruppene som trente i Kristiansand og Birmingham.
Meir krevjande med to språk?
Dei éinspråklege i
Birmingham hadde framgang, mens dei tospråklege i Kristiansand ikkje hadde
framgang.
Forskarane meiner forskjellen kan kome av at det krev
meir å behandle fleire språk samtidig. Dei som kan to
språk, må alltid undertrykkje forstyrringar frå det andre språket for å løyse ei
oppgåve.
Språkforskar Eunice Fernandes er klar på at vi treng meir forsking om dei med fleire språk for å forstå denne samanhengen.(Foto: UiA)
Språkforskar Eunice
Fernandes hadde ansvaret for språkstudien ved UiA. Ho er klar på at vi treng meir forsking om dei med fleire språk for å
forstå denne samanhengen.
– Vi veit at tospråklege treng ekstra
evner for å kontrollere språkbruken. Det kan ta lenger tid enn å
tenkje med eitt språk, seier Fernandes.
Annonse
Dei oppdaga
nøkkelorda kjappare
Språktestane gjekk ut på å vere
konsentrert og markere ulike ord i munnlege setningar. Forskarane sa på
førehand ifrå om kva for ord det galdt å identifisere raskt.
Setningane var
konstruert slik at orda var lette eller vanskelege å kjenne igjen. Nokon gonger
kom orda i lister med tilfeldige ord. Andre gonger var orda ein del av
setningar som var formulerte med normal grammatisk struktur. Og andre gjorde
setningane at orda vart lettare å oppdage rett før dei kom.
Enkelt sagt bidrog dei ulike setningane
til at forskarane kunne undersøke fleire forhold: Kor kvikt dei eldre oppfatta
struktur i teksten, og kort fort dei forstod meining.
7 prosent raskare med betre kondisjon
Treningsgruppa i Birmingham vart 30
millisekund (7 prosent) raskare til å identifisere og forstå ord i munnlege
tekstar. Kontrollgruppa der vart berre 8 millisekund raskare (1,8 prosent).
– 7
prosent er eit signifikant funn, sjølv om 30 millisekund høyrest lite ut. Eg
trur framgangen på språktestane hadde vore enda større om deltakarane hadde
vore i dårlegare form før vi starta treningsperioden,
seier Fernandes.
Ho vil gjerne at fleire skal verte merksame på
samanhengen mellom trening og språk.
– Forskinga handlar også om å nå fram med kunnskapen om at fysisk trening
har betydning for mental trening og ein god kvardag for dei som er eldre, seier
Fernandes.