– Eg vart litt overraska over at dei ikkje trekkjer
inn i skogen, men heller vel å lage bol i hagar og nær husa til folk. Men når
dei skal i vinterdvale, finn dei seg helst ein bolplass under ei stor trerot i
skogen.
Det seier zoolog Beate Strøm Johansen ved Universitetet
i Agder (UiA).
Dei siste åra har bestanden minka. I 2021 vart piggsvin raudlista. Piggsvin er ein truga dyreart i Noreg og fleire andre europeiske land.
I ein ny studie har Johansen og forskingsgruppa hennar følgt livet til ein gjeng urbane piggsvin i Kristiansand.
– Vi har følgt ni piggsvin, men dei er jo ikkje ein
gjeng. Dei lever ikkje i flokk. Piggsvin er som dei fleste andre pattedyr. Dei
lever einslege og har sin eigen heimplass der dei overnattar.
Einsleg vandrar
– Svært få pattedyr er flokkdyr. Vi trur dei lever i flokk fordi løver
og ulvar får så stor merksemd på tv, seier zoologen.
Ho minner om
mårdyr-artane. Dei er einslege dyr, eller solitære som forskarane seier.
Under fururota har piggsvinet laga eit solid bol for å overvintre. Piggsvinet har bora seg djupt innunder rota og dratt med seg gras og laug. Her er piggsvinet beskytta mot kulde og rovdyr gjennom vinteren. Det er ikkje lett å gjette at det ligg eit piggsvin her.(Foto: Beate Strøm Johansen)
– Det vanlege er at
pattedyr vandrar omkring åleine. Einslege dyr møtest berre når
dei parar seg og når ungane vert fostra opp. For ho-piggsvinet dreiar det seg
om fire til seks intense veker med ungar, seier Johansen.
Feltarbeid i bystrok
Den nye studien er basert på feltarbeid dag og natt. Nattarbeidet vart utført av bachelorstudentar ved Universitetet i Agder (UiA). Men også på dagtid var studentane omkring for å peile seg fram til piggsvin som låg og sov.
I perioden august-november – rett før dvalen – følgde dei med på liva til ni piggsvin omkring universitetet i Kristiansand. Det ligg i eit område med bustader i nærleiken. Det ligg også tett ved skogen og det populære friområdet Jegersberg.
Det vart montert radiosendarar på dyra. Seks av dei heldt såpass lenge på sendaren at dei vart med i studien.
Her er piggsvinet med radiosendar på ryggen.(Foto: Beate Strøm Johansen)
Vaknar om kvelden
Piggsvin er nattdyr. Om kvelden livnar dei til. I ellevetida stavrar dei seg av stad. Da skal dei ut og finne mat.
Piggsvin er ikkje så nøye på menyen sett med auga våre. Meitemark og tusenbein gnafsar dei i seg. Det er vanleg mat.
Lars Mørch Korslund er zoolog ved UiA og hadde ansvaret for all statistikk om leveområde og vandringa til dei urbane piggsvina i Kristiansand.(Foto: UiA)
Biller, sniglar og larvar er gnafs-gnag-gnav det
også.
Egg og bær, nam-nam. Døde fuglar, pattedyr, amfibium
og krypdyr – nam.
Annonse
Ein skulle tru dei toler alt mogleg. Men det gjer dei
ikkje. Zoologen åtvarar:
– Dei drikk mjølk viss dei kjem over det, men det
vert grøn og slimete diaré av det, og dei vert skikkeleg dårlege.
Ikkje gi dei mjølk
– Ikkje set ut mjølk til piggsvina. Set heller ut ei
skål med vatn, seier forskaren.
Ho minner om at både piggsvin, grevling, ekorn, fugl
og alle andre dyr set pris på vatn i ei skål. Ein sommar kan vere tørr og
solrik. Det kan gå to–tre månader utan regn.
Studentane Milla Mona Sophie Albertsen og Marius Stener Floden har peila seg fram til eit piggsvin som har laga bol mellom hagereiskapane under ein veranda.(Foto: Beate Strøm Johansen)
– Da vert det tynt med mat for mange. Meitemakkar og
sniglar går ned i bakken og kapslar seg inn. Dei kjem ikkje opp ein gong. Da
kan det vere bra å setje ut vatn til dyra og kanskje legge ut tørrfôr til katt
eller hund. Det liker både grevling og piggsvin.
Dei går heim utpå morgonsida
Ikkje før i tretida om natta har dei fått nok dei fleste piggsvina. Nokon av dei held likevel ut til i fem-sekstida på morgonkvisten. Da må dei heim og sove.
Piggsvina frå Kristiansand og den nye studien var som regel heime og i seng klokka fem.
Det hender at utelivet handlar om meir enn mat. Det
hender piggsvina er ute etter ein partnar viss det er tida for slikt.
– Dei parar seg om våren og kan få opptil elleve
ungar, men det vanlege er fire–fem, seier Johansen.
Overtrøytt piggsvin-mor
Annonse
Om du treffer eit piggsvin som er ute om dagen, er det sikkert ei nokså
overtrøytt piggsvin-mor du har møtt. Ho er på leiting etter mat. Ho vert skrubbsvolten
fordi ho ammar ungane.
Etter rundt fire veker byrjar ungane å fotfølgje mora
på leit etter mat utanfor bolet. No går det raskt. Ei til to veker til, så
kjenner ungane at dei kan klare seg sjølv. Da vandrar dei av garde på eiga
hand.
Dei forlét mora og finn seg sin eigen stad. Ein av
dei finn ein plass under terrassen i nabohuset. Ein annan går til vedstabelen
bortmed garasjen til den andre naboen. Der byggjer dei sine eigne bol.
Dei bur fleire stader
Piggsvin har tre typar bustader eller bol som det heiter.
Dei har enkle sommarbol der dei bur for seg sjølv. Dei har meir solide hekkebol der ungane veks opp med mora. Og om vinteren har dei solide dvalebol, der dei søv seg gjennom vinteren heilt åleine.
I bolet kan dei kvile og sove. Dei kan gøyme seg og hente seg inn. Til natta kjem.
Her eit typisk sommarbol. Det er laga av tørt gras, rulla som ein laus ball. Plasseringa av bolet er utrygg. Det ligg ikkje under noko eller inni eit buskas. Dermed kan hund, rev og grevling lett kome til bolet og ta piggsvinet.(Foto: Beate Strøm Johansen)
Dei har gjerne fleire bol på same tid også. Det vanlege
er rundt ti bol. Dei vel sannsynlegvis det eine framfor det andre berre fordi
dei er på dei kantane.
Beate Strøm Johansen forskar både på piggsvin, slettsnok, buorm og andre reptil og amfibium.(Foto: UiA)
Når søvnen melder seg, er det kjekt å ha eit krypinn
her og der. Dei kan òg trenge å søkje ly i full fart, forklarer zoologen.
28 bol til seks piggsvin
Dei seks piggsvina frå området rundt universitetet i
Kristiansand hadde til saman 28 bol.
16 av bola var under eller inne i ein bygning som garasje,
veranda eller terrasse.
Annonse
12 bol var i hagar og andre område med hekk, busk og
skog. Oftast var bola laga av gras
og lauv.
– Hagane til folk byr gjerne på ulik vegetasjon med plen, blomster, hekkar og litt gras og stein under terrassane. Det er eit leveområde som passar for piggsvinet. Her kan det både leite etter mat og gøyme seg i bolet sitt viss det vert truga, seier Johansen.
I 18 av dei 28 bola budde hannar. I ti budde det hoer. Kvart
enkelt piggsvin bytte bol frå null til 14 gonger da studentane overvaka dei.
Tre hoer bytte 15 gonger. Fire hannar bytte 21. Til saman bytte dei 6 piggsvina bol heile 36 gonger.
Men ingen av dei brukte bolet
til eit anna piggsvin.
Dei er fulle av parasittar
Dei deler helst ikkje på bola. Piggsvina er fulle av
parasittar og alt slags kryp. Forskarane trur det er grunnen til at dei ikkje deler
bol.
– Dei er vandrande økosystem desse piggsvina. Dei ville
nok gjerne ha vore utan parasittane. Piggsvina kan òg ha ringorm, ein sopp som
kan smitte folk viss dei handterer piggsvin utan hanskar. Dei kan hoste og nyse
mykje, og da har dei antakeleg lungeorm, seier Johansen.
Piggsvin er også mat
Det finst dei som kan tenkje seg å ete opp eit
piggsvin. Det er dumt for piggsvinet. Like dumt er det at piggsvinet ikkje er så
himla rask til beins. Det er langsamt også når det set fart.
Viss rev eller katt trugar, rullar dei seg saman og
set piggane ut. Da kan det gå som i desse historiene, basert på faktiske
hendingar, ifølgje forskaren:
Grevlingen kjem tassande bortover plenen. Piggsvinet
skulle ha sprunge for livet, men vert ståande. Det rullar seg saman til ein
ball og set piggane ut.
Grevlingen kunne ikkje brydd seg mindre. Han har sitt
eige triks og snurrar rundt pigg-ballen. Grevlingen tek tak i sprekken på
magesida og dreg piggsvinet fram. Snipp, snapp, snute. Piggsvinet er ute.
Reven arbeider meir tolmodig. Han legg seg eit stykke
unna piggsvinet og ventar. Han ventar til piggsvinet kjenner seg trygg. Da kjem
snuten til det vesle dyret litt fram mellom piggane. Auga gløttar fram. Da er
han der, reven. Og så er ikkje piggsvinet meir.
Annonse
Piggsvin går i dvale
– Frå gammalt av trudde vi at bjørnen gjekk i dvale
heile vinteren. Men det gjer han ikkje. Det er berre små dyr som går i dvale,
som piggsvin og flaggermus, seier forskaren.
Bjørnen og grevlingen søv gjerne om vinteren, men det
er ein lett søvn og ingen dvale. Dei har litt for store kroppar til å setje ned
kroppstemperaturen så mykje at dei kjem i dvale, forklarer zoologen.
– Piggsvina går derimot i dvale, og det er best for
dei om dei kan liggje under snøen. Problemet er berrfrost, seier ho.
Piggsvina søv seg gjennom heile vinteren, men dei vaknar
omtrent kvar ellevte dag, ofte berre for å slå fast at bolet er intakt og våren
enno ikkje er komen.
– Ein teori gå ut på at dei må vakne for å kunne gå
inn djup REM-søvn når dei går inn i ein ny dvaleperiode, seier Johansen.
Føretrekkjer store tre og robuste vinterbol
Omkring september byrjar piggsvina å tenkje på vinteren ser det ut til.
Dei bur seg på å gå i dvale. Da skal dei ha eit meir permanent bol. Dei treng nemleg eit bol som kan stå imot vinteren.
Eit viktig funn i studien er at piggsvina føretrekkjer å bu under store tre, ved røtene til eit furutre eller lauvtre.
– Dei ville ha villnis rundt soveplassen under trerota. Da kunne dei dra inn mose og lauvblad og lange grasstrå til å lage seg eit bol med, og til å tette dei igjen opninga på bolet. Da kan ingen ville dyr kome og dra dei ut. Dei vil ha bolet litt tett også, for å verne mot kulda, seier Johansen.