– Det er
betre at vi gir dei sjansen til å øve seg på å vere merksame i naturen framfor at lærarane skal seie kva dei skal sjå etter. Dei
må få undre seg på eiga hand og øve seg på å beskrive det dei ser.
Det seier forskar Anne Lien ved Fakultet for teknologi og
realfag på Universitetet i Agder (UiA).
Lien har sett
på kva læringsmetodar som eignar seg best når ein skal lære barn og unge om
biologisk mangfald. Metodane har praktisk betydning for lærarar som skal ha med
seg elevar ut i skogen eller til blomsterenga.
– Ved å øve seg på å vere merksame gjennom meir opne formar
for observasjon kan barna få rikare erfaringar i naturen, seier Lien.
Bruk
av hovud og kropp
Noko av
det viktigaste ho tar med frå dette forskingsarbeidet, er at barna kan lære å sjå
meir i naturen om læraren bruker fleire formar for observasjon i
naturfagsundervisinga.
Lien
peiker også på at læraren må gi barna anledning til å bruke alle sansane sine i
ei aktiv og gjentakande utforsking.
– I naturfagundervisinga må barna ta i bruk både hovud og kropp når dei skal lære å kjenne mangfaldet i naturen, seier Anne Lien.(Foto: UiA)
– Elevane
seier sjølv at når dei observerer ein plante eller eit insekt fleire gonger, så
ser dei fleire detaljar. Dei seier òg at dei ser meir når dei observerer ein
plante ute i naturen framfor å sjå på eit bilete inne i klasserommet, seier
Lien.
Ho fortel at observasjon i
naturen er eit samspel mellom å vite kva ein skal sjå etter og det å vere
merksam ved å bruke sansane.
– I
naturfagundervisinga betyr det at barna må ta i bruk både hovud og kropp når
dei skal lære å kjenne mangfaldet i naturen, seier ho.
Opne og
lukka metodar
Sjølv om
naturen byr på mangfaldige og verdifulle opplevingar må både elevar og lærarar øve seg på å vere merksame for å kunne oppdage dette.
– Det er ei form for dialog. Kva
ein ser i naturen endrar seg og er påverka av både kunnskap, tidlegare
erfaringar, aktivitetar vi deltar i og kva vi har lært er viktig,
seier Lien.
Ho forklarer
at det bør vere ein balanse mellom opne og lukka måtar å observere på i
naturen.
Når vi observerer opent bruker vi sansane i ei aktiv utforsking. Både elevane og læraren
er da med og diskuterer kva som er viktig når dei observerer.
I ein lukka
observasjons-metode fortel læraren kva elevane skal sjå etter.
Ulike formar
å observere på
Lien har følgt
og intervjua lærarar og elevar i naturfagsundervisinga i 5. trinn over ein
periode.
Annonse
Ho utvikla undervisningscase frå vitskapshistoria. Der fortel ho historia til fire forskarar som nærmar seg naturen på ulike måtar. Dei har òg ulike oppfatningar om kva som betyr noko.
Desse
tilnærmingane, saman med historiene til de fire forskarane, gav Lien til
lærarane for å teste ut på elevane.
Først
skulle elevane bruke ein metode for observasjon der dei samanlikna og så etter likskapar
mellom ulike insekt. Dei skulle til dømes samanlikne insekt. Kva var likt og ulikt i utforminga av bein, vengar og munndelar.
I den neste
metoden skulle elevane lære med heile kroppen gjennom å skape og vere merksame
med alle sansane sine. Elevane laga tredimensjonale modellar av livssyklus til utvalde
sommarfuglar ved å studere bilde og preparerte sommarfuglar.
I
den tredje metoden systematiserte og sorterte elevane plantar i ulike
kategoriar. Dei talde og målte ulike eigenskapar ved plantane, mellom anna
talet på kronblad og begerblad i blomen.
Den siste
metoden var ein slags undringsøving. Der skulle elevane finne forklaringar. Elevane
observerte og kunne spørje om kvifor vi har så mange plantar og dyr,
og kvifor dei ser ut som dei gjer. Elevane skulle forsøke å tolke det dei så og
spørje kva som kunne vere historia bak.
Lien såg at dei ulike tilnærmingane gav elevar og
lærarar ulike typar kunnskap om biologisk mangfald.
Mindre
kunnskap om mangfald
Ifølgje
Lien er det viktig med kunnskap om biologisk mangfald for både barn og vaksne.
Ho fortel at det er eit pågåande tap av artar i naturen. Samstundes er det eit tap av kunnskap om mangfaldet av artane blant både elevar og lærarar.
–
Naturen forsvinn bit for bit. Tapet av erfaringar i naturen gjer at vi kan
bli blinde for naturen og endringar som skjer. Det vil seie at det er mange som
ikkje lenger legg merke til artane som lever naturen og heller ikkje at dei
forsvinn, seier ho.
Om vi
derimot øver merksemda vår, kan vi få tilgang til dei mangfaldige og verdifulle
opplevingane i naturen og kanskje bidra til å stanse tapet av natur, ifølgje
Lien.
Annonse
Korleis kan du øve din merksemd på biologisk mangfald?
Gjeld både barn og vaksne:
1. Sit stille og bruk sansane utan at du har bestemt på førehand kva du skal sjå etter.
2. Sjå fleire gonger, og vær ute i naturen – ikkje sjå på bilete eller skjerm.
3. Beskriv det du ser og høyrer ved enten å teikne, skrive eller snakke om det – sjå etter detaljar.
4. Samanlikn, beskriv, systematiser og forklar det du ser (munnleg for nokon).