Kva
forventningar har folk til at vaksne barn skal stille opp for eldre foreldre
som treng hjelp? Og bør foreldre tilpasse livet sitt slik at dei kan hjelpe
vaksne barn som treng det?
Forskarane Hanna
Vangen og Katharina Herlofson ved Velferdsforskningsinstituttet NOVA på OsloMet har undersøkt samanhengen mellom
haldningar til hjelp og omsorg, og faktisk hjelp.
Dei utnyttar moglegheitene i NorLAG til å kunne følgje dei same personane over tid.
Først
undersøkte forskarane dei generelle haldningane personane i studien hadde til kva
ansvar vaksne barn har for å gi omsorg til gamle foreldre.
I neste omgang såg
dei haldningane i samanheng med kva omsorg deltakarane sjølv gir til eigne foreldre ti
år seinare.
Omsorga det er snakk om, kan vere både praktisk hjelp og personleg
pleie.
Forholdet mellom
foreldre og barn er viktigast
–
Resultata viser at tidlegare haldningar ikkje har noka betydning for om vaksne
barn faktisk hjelper foreldra på eit seinare tidspunkt, seier Vangen.
Det er
andre ting som synest å ha meir å seie for om barna gir slik hjelp.
Ein viktig
faktor er kvaliteten på relasjonen til foreldra.
– Dei som
ti år tidlegare oppgav å ha eit godt forhold til foreldra sine, gir meir omsorg
til foreldra enn dei som vurderte kvaliteten på relasjonen som dårlegare, fortel ho.
Forskarane
finn òg at det har noko å seie både for søner og døtrer om foreldra bur
åleine og kor langt unna dei bur. Det har også betydning kor stort behov
foreldra har for hjelp.
Eit anna
funn er at døtrer gir meir omsorg til mødrer enn fedrar.
Forskjell på biologiske
foreldre og steforeldre
NorLAG-dataa
inneheld mykje informasjon om ulike familiekonstellasjonar.
Annonse
Forskar Julia Sauter ved Universitetet i Genève har sett på forskjellar i
haldningar til familieomsorg mellom dei som har stebarn, dei som har eigne
barn og dei som har begge delar.
Ho finn at haldningane til omsorg og hjelp er ulik for biologiske foreldre og steforeldre.
Studien tek utgangspunkt i ein hypotese om at personar som har stebarn, har mindre
forventningar til at vaksne barn skal hjelpe eldre foreldre enn dei som berre
har biologiske barn.
Ho finn
ikkje støtte for hypotesen. Analysane viser at steforeldre i større grad
enn biologiske foreldre meiner at vaksne barn har ansvar for å hjelpe dei
gamle foreldra sine.
Ei av forklaringane kan
vere at steforeldra synest partnaren får for lite støtte frå dei biologiske barna sine,
ifølgje Sauter.
Men kva
med spørsmål om kva hjelp dei vaksne barna bør få frå foreldra?
Her skil også
steforeldre og dei som berre har eigne barn, lag. Steforeldra synest i mindre
grad at foreldre bør late etter seg noko til barna eller tilpasse livet sitt
dersom barna treng hjelp.
Viktig å studere
familierelasjonar
Begge
studiane viser betydninga av relasjonelle forhold for både haldningar til
familieomsorg og utøving av slik omsorg.
Forskingaviser at det kan vere
større grunn til å studere familierelasjonar enn å sjå på generelle haldningar
til omsorgsansvar viss ein er oppteken av potensialet for framtidig
familieomsorg i norske familiar.
Om NorLAG-studien
I Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG) følgjer forskarar kvinner og menn over tid frå 40-års alderen og oppover. Studien klargjer viktige livsområde som mellom anna arbeid, familie, bustad, omsorg og livskvalitet.
Det er samla inn data i fire rundar: 2002, 2007, 2017 og 2024.