Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - les mer.
Uthamnene frå seglskutetida i åra 1650–1900 representerer i dag ein attraksjon. Å sikra og verna desse har ei samfunnsøkonomisk nytte.(Foto: OsloMet)
Kan gamle skuter gi Kyst-Noreg eit nytt økonomisk oppsving?
– Det går an både å verna og utvikla kulturminne samtidig. Men då må kommunen leggja til rette for at vern også får ein samfunnsøkonomisk verdi, seier forskar.
Noreg er
rik på kulturminne som kan bli lønnsame for distrikta. Dersom kulturminne blir rett
brukte, kan dei by på meir enn berre nostalgiske minne, meiner forskar Arne Holm.
Det betyr
til dømes at kulturminnet blir ein attraktiv stad for turistar å besøkja. Det
kan gi grobotn til nye service-næringar. Samtidig kan det bidra til å gjera
lokalsamfunn til betre stader å bu.
Kulturarv
bidreg i samfunnsutviklinga
Holm er forskar ved By- og regionforskningsinstituttet
NIBR på OsloMet. Saman med kollega Gro Sandkjær Hanssen har han gjennomført eit
prosjekt på oppdrag frå Riksantikvaren. Der undersøkjer dei korleis kulturarv
og -miljø kan bli ein ressurs i utviklinga av lokalsamfunn.
Kulturbaserte
utviklingsprosjekt kan til dømes vera
prosjekt som tek utgangspunkt i kulturarv eller -miljø, og som ønskjer å skapa
noko nytt ut frå dette.
Det kan til dømes vera eit opplevingssenter
eller eit årleg kulturarrangement.
Bakgrunnen
for prosjektet er at fylkeskommunane dei seinare åra har fått auka ansvar for
samfunnsutviklinga. Det inneber også å leggja til rette for fleire
arbeidsplassar, vekst og busetjing i distrikta.
Der kan kulturmiljø
spela ei sentral rolle.
– Men
for at kulturmiljøa faktisk skal bidra til samfunnsutvikling, er det nokon
premissar og føresetnader som bør vera på plass for å letta arbeidet, seier
Holm.
Modell
for kulturutvikling
Det gjeld
i stor grad korleis kommunen og fylkeskommunen jobbar.
Forskarane
har laga ein modell
som viser korleis offentlege styresmakter kan leggja til rette for at prosjekt
med utgangspunkt i kulturarv kan bli både lønnsame og utviklande for
distriktet.
Ambisjonen
med modellen er å synleggjera korleis fylket eller kommunen i større grad kan jobba
meir formålstenleg for å inkludera kulturarv som ein ressurs i
samfunnsutviklinga.
– Kommunane
har ei viktig rolle. For at kulturarvprosjekt skal ha ein samfunnsøkonomisk
effekt, må dei samarbeide og skapa eit breitt nettverk lokalt, seier Holm.
Målet er
at modellen skal inspirera til fleire
verdiskapingsprosjekt, rettleia samarbeid og koordinering av verkemiddel.
Modellen skal også gjera det enklare å samanlikna og evaluera ulike
prosjekttilnærmingar.
Modellen består av fem fasar:
1. Å legge strategiske planar og bli samde om ei
politisk retning for prosjektet: Dette bidreg
til forankring og mobiliserer for godt samspel mellom aktørar og verkemiddel.
2. Å
sørgja for god tilrettelegging: Denne fasen skal operasjonalisera og etter
behov presisera politiske retning og sørgja for ein god start på
utviklingsarbeidet.
Annonse
3. Å
sørgja for verdiskaping: Denne fasen inkluderer mange ulike tiltak. Det kan til
dømes vere å etablere partnarskap og forpliktande avtalar og å koordinere
offentlege og private verkemiddel og innsats.
4. Å
måla resultat og effektar: Å identifisera og dokumentera resultat og effektar
av kulturmiljøbasert utviklingsarbeid er kompliserte, men kan mellom anna
målast i form av attraktive bu- og leveområde i lokalsamfunn, auka
arbeidsplassar og eigedomsverdiar, og berekraftig forvaltning av kulturmiljø.
5. Å lære av prosessen:
Kunnskapsutvikling og læring om sjølve prosessen er sentralt i arbeidet med verdiskaping, til dømes læring om aktørsamarbeid og samskaping, og om ulike
verkemiddel.
– Viss
ein følgjer opp særleg dei tre første fasane i modellen vår, legg ein betre til rette for å få gode resultat.
Ikkje berre ved å bevara sjølve kulturminnet, men også ved å skapa økonomisk lønnsemd
i lokalsamfunnet, seier Holm.
Inspirert av prosjekt om uthamner
Modellen vart
utarbeidd med inspirasjon frå kulturmiljø-prosjekt i Agder, Viken og Møre og
Romsdal. Eit døme Holm trekkjer fram er kulturmiljøprosjektet Uthamner i Verdsklasse i Agder.
Uthamnene
stammar frå seglskutetida i åra 1650–1900. Store skuter var den viktigaste
måten å frakta varer og folk frå land til land. Men på grunn av storleiken kunne dei ikkje gå heilt inn til fastland. Dei var nøydde til å leggja til der
det var djupt nok.
Uthamnene var dei ytste ankringspunkta i skjergarden. Der utvikla det seg eigne lokalsamfunn baserte på
sjømannskap, losing og ulike servicetilbod til skip og sjøfolk.
I Agder
ligg uthamnene som perler på ei snor langs kysten. Dei var ein viktig del av den
europeiske sjø-infrastrukturen.
– Uthamnene
representerer ein enorm attraksjon. Å sikra og verna uthamnene har i eit
større perspektiv ei utruleg stor samfunnsøkonomisk nytte, både for Agder og
for Noreg, seier Holm.
Det er derfor
viktig at dei blir utvikla på ein god måte.
Viktig
samarbeid
Annonse
Politikarane
i Agder har vedteke ein strategi for uthamnene. Dei har også oppretta eit eige
utviklingsprosjekt. Det involverer fleire regionale aktørar, til dømes museum,
reiseselskap og lokale historielag.
– Utviklingsarbeidet
har fått stor politisk merksemd over lang tid i Agder. Det har vore viktig for
framdrifta og legitimiteten for prosjektet, seier Holm.
Organisasjonar,
lag eller andre aktørar kan søkja om støtte til bevaring eller utvikling av
ulike delar av uthamnene. Bygningar og fartøy er til dømes sette i stand
gjennom tilskot frå fylkeskommunen og Kulturminnefondet.
– Det
er viktig å sjå vern av kulturmiljø i samanheng med omgivnadene for å
synleggjera den samfunnsøkonomiske nytta for prosjektet lokalt og regionalt, og
samtidig skapa entusiasme og bruk, seier Holm.
Fylkeskommunen
følgjer opp mottakarar av tilskot og andre interesserte
aktørar i eit nettverk dei kallar Innanskjers. Der møtest mellom anna turistinformasjonen
Visit Sørlandet, regionale museum og frivillige lag og foreiningar.
– Nettverket legg til rette for utveksling av kunnskap og erfaringar. Det skal vera ein arena
for å forplikta aktørane til å jobba vidare med å utvikla opplevingar som kan
gi fleire besøkjande i uthamnene, seier Holm.
Må få
eigarane med
Kulturminne
er ikkje nødvendigvis eigde av stat eller kommune. Dei er ofte eigde av private.
Fleire av dei gamle husa i uthamnene i Agder er til dømes i privat eige i
dag.
– Ei
gjennomgåande utfordring innanfor kulturminnevern er å få eigarane til å sjå
verdien i bevaring og utvikling. Derfor er det viktig for kommunane å
synleggjera kva verdi og nytte kulturminnevern har, både for eigar og for
lokalsamfunnet, seier Holm.
I
uthamn-prosjektet har dei mellom anna lagt vekt på kompetanseheving, utarbeidd
rettleiarar og nye reguleringsplanar i fleire av uthamnene.
Og sjølv
om husa i uthamnene i stor grad er i privat eige, har politikarane gitt
tydelege føringar for kva som er lov og ikkje lov å gjera med husa og det
tilhøyrande kulturmiljøet.
På den måten blir uthamnene sikra over tid.
Annonse
– Viss
me ikkje gjer det, mistar uthamnene særprega. Då kjem ikkje folk lenger dit for
å oppleva stader som Merdø og Lyngør, seier Holm.
Handbok
i kulturminnevern
Fylkeskommunen
har også samarbeidd tett med Visit Sørlandet. Saman har dei utvida besøkssesongen og utvikla fleire berekraftige besøksopplevingar i uthamnene. Nært samarbeid med
frivillige kystlag og velforeiningar har ført til auka merksemd i
lokalsamfunna.
Både
aktiviteten i seg sjølv, og resultata i form av fleire besøkjande og meir
merksemd, bidreg i sum til regional verdiskaping. Det har òg bidratt til målet om etablering av
ei europeisk kulturrute langs kysten fortel Holm.
– Det
aukar også attraktiviteten til stadene i seg sjølv – som stader å besøkja,
men også som stader å bu. Han legg til at:
– Modellen
vår er meint å vera til hjelp for kommunar og fylke i deira arbeid for å sikra
ei berekraftig utvikling av kulturminne. Eg håpar me kan fylla ein funksjon som
rettleiar og handbok i korleis leggja til rette for godt kulturminnevern.
Definisjon kulturmiljø og samfunnsutvikling
Kulturmiljø er eit område der kulturminne er ein del av ein større samanheng, til dømes eit bustadområde, eit fiskevêr eller eit område i ein by. Omgrepet kulturmiljø er dei seinare åra i aukande grad brukt i offentleg forvaltning. I stortingsmeldinga Nye mål i kulturmiljøpolitikken (2019–2020) vart omgrepet innført som eit samleomgrep for kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap.
Kilde: snl.no/kulturmiljø
Rolla som samfunnsutviklar frå fylkeskommunane handlar om korleis dei kan arbeida heilskapleg med mellom anna klima og miljø, folkehelse, kompetanse, kultur, ressursforvaltning, samferdsel og næringsutvikling.
Kilde: regjeringa.no
Ei større rolle som samfunnsutviklar kan til dømes innebera at kulturmiljøprosjekt bidreg til:
Arbeid
Næring
Miljø
Stadsutvikling
Lokalsamfunn
Deltaking
Livskvalitet og folkehelse
Kilde: Rapport Kulturmiljø som innsatsfaktor
Studien
er ein del av samarbeidsprosjektet Kulturmiljø i lokale og regionale utviklingsprosessar.