Denne artikkelen er produsert og finansiert av Nord universitet - les mer.
Norske styresmakter har stramma grepet for å ta vare på den sårbare naturen på Svalbard. Men det er fleire og meir politiske grunnar til innstramminga, ifølge Tiril Vold Hansens forskning.(Foto: Privat)
– Noreg brukar miljøvern for å halde på Svalbard
– Noreg strammar grepet om Svalbard, og dei bruker miljøpolitikken som eit middel, seier forskar Tiril Vold Hansen.
Mange av problema som verda står ovanfor, blir sette på spissen på Svalbard. Det handlar om energi, klima og auka geopolitisk spenning.
– Ved å forstå kva som skjer på Svalbard, kan ein lage betre politiske løysingar.
Det seier Tiril Vold Hansen, som er forskar ved Nord universitet.
På Svalbard heng alt dette tett saman. Når produksjon av kolkraft etter kvart blir erstatta, treng Noreg ein annan grunn for å sikre at Svalbard held fram med å vere norsk.
Og det er her miljøpolitikken kjem inn.
Protestar
Produksjon av kol har vore grunnlaget for dei viktige norske busetnadane på Svalbard. Når kolet blir borte, korleis skal Noreg då sikre råderetten der?
– Løysinga til norske styresmakter er å bruke miljøregulering for å oppnå dette målet. Norske reglar og lover gjeld – det er Noreg som bestemmer, seier Vold Hansen.
Strengare miljølovgiving på Svalbard har ikkje kome utan protestar. Reiselivet har fått mindre spelerom, mellom anna med krav om at turistane må halde større avstand til isbjørn og kvalross.
Ønsket frå norske styresmakter om å ta vare på naturen er ekte, men ikkje heile forklaringa på innstrammingane, meiner Vold Hansen.
– Samtidig har det kome endringar også på andre område, og dette må vi sjå i samanheng, seier ho.
Strammar grepet
Tradisjonelt har samfunnet på Svalbard vore prega av mangfald. Meir enn 30 prosent av innbyggjarane er internasjonale.
Også der har det skjedd endringar: For å kunne røyste og stille til val i lokalstyret på Svalbard, kom det i 2022 krav om minst tre års butid på norsk fastland. Det ramma fleire hundre av dei 2.500 innbyggjarane på øya.
Det har i tillegg blitt vanskelegare å vere privat tilsett. I motsetnad til offentleg tilsette har ikkje dei rett til bustad.
– Longyearbyen har vore kjent for å vere eit raust samfunn. No føler mange at desse signala gjer at fellesskapen slår litt sprekkar. Det blir eit skilje mellom norske og ikkje-norske og mellom statlege og private tilsette.
– Men dette er ein del av den overordna politikken. Noreg strammar grepet om Svalbard, seier Vold Hansen.
Manglande openheit
Annonse
Ho meiner norske styresmakter kan vere meir opne om grunnen til at dei endrar politikken. Samtidig har ho forståing for at politikarane fryktar diskusjonar om Svalbardtraktaten.
Då er miljøpolitikken ein måte å oppnå dette på. Ved å sørgje for reglar som tek vare på sårbar natur og samtidig støttar norsk råderett, unngår styresmaktene å opne opp for den debatten.
Det var studiar i nordområda ved Nord universitet som sette i gang Hansens interesse for Svalbard. Målet no er å jobbe vidare med Svalbard-tematikk.
– Ein kan lære veldig mykje som er relevant for dei store problemstillingane andre stader, ved å studere Svalbard-politikk. Eg vil gjerne halde fram med same tema, seier Tiril Vold Hansen.
Referanse:
Tiril Vold Hansen: Power and Interests in Norway’s Svalbard Policies. Doktorgradsavhandling ved Nord universitet, 2024. (Nettside på Nord om avhandlingen)