Denne artikkelen er produsert og finansiert av Nord universitet - les mer.
Sørsamisk i skulen: Korleis kan vi blåse liv i eit språk som mange har gløymt?
Korleis skape eit sterkt sørsamisk språksamfunn når språket har hoppa over ein generasjon? Korleis er det å vere sørsamisk språklærar i eit slikt miljø, og kva treng desse lærarane for å styrke si språklæraridentitet?
Våren 2024 blei dei første sørsamiske grunnskolelærarane uteksaminert ved Nord universitet. Frå venstre Ramona Kappfjell Sørfjell, Maja-Kristine Bransfjell og Vanja Tørresdal saman med David Kroik.(Foto: Ole Johan Ramfjord)
Øyfrid S.KnudsenKommunikasjonsrådgiver
Norduniversitet
Publisert
Har sjølv revitalisert språket: David Kroik vaks opp i Borgafjäll i Sverige, eit område med sterkt samisk preg. Men heime snakka dei berre svensk. Han lærte seg sørsamisk som vaksen og bruker det no som kvardagsspråk i familien. Revitaliseringa av det sørsamiske har blitt hass livskall.(Foto: Øyfrid S. Knudsen)
Dette er blant temaa som no skal bli forska på gjennom prosjektet «RePrEd» - Revitalisation Processes in Education.
Frå undertrykking til oppblomstring
– Gjennom den historiske fornorskingsprosessen var det i stor grad skuleverket som fekk oppdraget med å «utrydde» det samiske språket og lære borna å snakke godt norsk.
Det fortel David Kroik, leiar for RePrEd. Prosjektet fekk i haust nesten 9 millionar kroner frå Forskingsrådet.
– No skal skuleverket vere med på å bidra til oppblomstring og gjeninnføring av det same språket. Vi ønskjer å følgje nokre lærarar som står midt oppi dette, frå dei er lærarstudentar og ut gjennom praksisen sin.
Etter ein lang periode med marginalisering av sørsamisk språk og kultur, har det sidan 1950-talet vakse fram ei rørsle som ønskjer å lære seg språket att og bruke det i nye samanhengar.
Kroik sjølv er ein av dei. Han vaks opp i ein sørsamisk familie der dei berre snakka svensk, sjølv om det ikkje var faren sitt morsmål.
– Min far snakka sørsamisk som barn, men til oss snakka han svensk. Eg har lært meg sørsamisk som vaksen, og no snakkar eg det heime med mine eigne born, fortel han.
David Kroik saman med andre forskarar i Samisk forskingsgruppe ved Nord universitet. Frå venstre: May-Lisbeth Bjerke Brew, Viktor Johansson, David Kroik, Inger Johansen, Siri Ellen Nystø Ráhka, Hanna Danbolt Ajer og Maidi Steinfjell.(Foto: Hanne Gravrok)
– Vi lever i ei tid no for ei slik oppblomstring og gjenopptaking av språket. Og det er mange som gjer ein stor innsats for å bringe språket vidare. Mange av desse er foreldre som søkjer støtte i utdanningssystemet, og det er her vi treng lærarar som er i stand til å gi desse borna det som trengst, seier han.
Studerer gjenopptakingsprosessen
Prosjektet RePrEd skal difor drive forsking i skular der ei gjenopptaking av sørsamisk finn stad. Saman med nyutdanna og erfarne lærarar skal dei undersøkje korleis språklæraridentiteten utviklar seg i dag, og korleis arbeidsmåtar, reglar og normer frå lærarar og myndigheiter påverkar undervisninga.
Dei skal òg finne ut korleis det gjenopptatte sørsamiske språket liknar og skil seg frå det språket som vart snakka av eldre generasjonar.
– Vi veit frå forsking på andre slike revitaliserte språk i verda, at dei vert annleis enn det opphavlege språket. Dei vert tekne i bruk i nye samanhengar og til andre føremål, seier Kroik.
Forskninga skal føregå i ein kommune der sørsamisk er ein del av undervisninga og alle lærarane er mogelege informantar. Gruppa skal òg tilsetje ein av desse lærarane i ei 20 prosent stilling i sjølve prosjektet.
– Nord universitet vart valt ut til å leie dette prosjektet sidan vi har ei sørsamisk grunnskulelærarutdanning. Det er ei unik mogelegheit til å undersøkje kva som skjer i overgangen frå å vere student til å bli lærar, og kva språklæraridentitet desse lærarane utviklar, forklarar Kroik.
– Det er ein måte å følgje litt opp den innsatsen Nord universitet har gjort på dette feltet.
Innovative forskingsmetodar
Grunnen til at Forskingsrådet løyvde pengar til dette trur Kroik handlar om timing og nytenking.
Annonse
– Det finst ein del global forsking på feltet, men innanfor det sørsamiske området er det ikkje skrive mykje om temaet dei siste tjue åra.
Dekan Rosemary Martin ved Nord universitet skryt av arbeidet som forskar David Kroik har gjort.(Foto: Adrian Svendsen Bensvik)
– Det at vi tilset ein lærar i prosjektet gir oss òg ei unik mogelegheit til å veksle mellom akademia og praksis heile tida, seier han.
Dekan ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag ved Nord Universitet, Rosemary Martin, er svært nøgd med arbeidet som David Kroik har gjort for å få midlar til dette prosjektet.
Ho meiner prosjektet er viktig både for Nord universitet og for samisk forskning generelt. Ho håpar fleire leiande forskarar vil la seg inspirere.
– RePrEd er et fantastisk prosjekt, og David har gjort alt meget bra. Han har fått med seg andre sentrale personar, og fikk full score på alle kriterier i søknaden. Det tyder at dette er topp kvalitet, seier Martin.
Vil bidra til styrking av språksamfunnet
Hovudmåla med prosjektet er å bidra til kunnskap om å bygge sterke urfolkssørsamiske språksamfunn, og å støtte fagleg utvikling av lærarar i det sørsamiske miljøet.
– Det er veldig ressurskrevjande å gi ungar ein oppvekst med sørsamisk som førstespråk, og det krev mykje av skulen og lærarane. Å sjå kvar dei største utfordringane ligg kan bidra til å støtte ei vidare utvikling her, seier David Kroik.
«RePrED» - Revitalisation Processes in Education
Prosjektet har to hovudmål:
Bidra til kunnskap om å skape robuste sørsamiske språksamfunn.
Analysere og støtte den profesjonelle utviklinga til lærarar i det sørsamiske samfunnet.
Andre mål:
Produsere teoretisk kunnskap om oppblomstring i sørsamiske lærarsamfunn.
Utforske, utvikle og dele empiriske, metodologiske og teoretiske verktøy for å forske på språkrevitalisering i ein sørsamisk kontekst.
Utvikle anvendbar kunnskap for sørsamisk undervisningspraksis gjennom samarbeid med lærarar.