Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Stavanger - les mer.

Korleis skape betre relasjonar i klasserommet?

Det å ha gode relasjonar og interaksjonar i klasserommet mellom lærarar og elevar påverkar kva elevane lærer, kor engasjerte dei er og kva dei lærer. Men for å lykkes, bør arbeidet vere systematisk og langsiktig, meiner forskar.

Relasjonen mellom lærar og elev er viktig for at elevane skal lære best mogleg.
Publisert

Dei fleste lærarar veit når dei har ein god relasjon med elevane sine. Samstundes er det ofte utfordrande å sette ord på kva det er som gjer at det skjer.

– Relasjonar kan opplevast som noko litt diffust, seier professor Sigrun Ertesvåg ved Læringsmiljøsenteret på Universitetet i Stavanger.

For å få grep om relasjonar, forklarar ho at ein bør rette søkelyset på interaksjonar. Altså dei handlingane ein gjer, som ein kan identifisere og måle, og snakke om som praksis i klasserommet.

Podcast: Korleis få til samspelet mellom lærar og elev?

I ein ny episode av podkasten Læring for livet frå Universitetet i Stavanger (UiS) møter du assisterende rektor Anita Brun ved Hauketo skole i Oslo i samtale med professor Sigrun Ertesvåg og programleder Maria Gilje Strand. Episoden tek føre seg korleis ein kan styrke det viktige samspelet mellom lærar og elev.

Sjå heile episoden her.

Korleis kjenne att ein god relasjon?

– Det skjer mykje i eit klasserom med 30 elevar. Det er viktig for læraren å få formidla fag. Men i tillegg er relasjonane noko av det viktigaste ein kan jobbe med som lærar, for at elevane skal lære best mogleg. 

Men kva er det ein gjer, som gjer at ein veit at det er eit positivt klima i klassen? Det handlar interaksjonen om. Ho forklarar: 

– At ein smiler til kvarandre, at ein nyttar namn når ein snakkar med kvarandre, at ein fortel sånne små sosiale historier om kva som skjedde på fritida. Alle desse tinga er interaksjonar mellom læraren og eleven, som gjer at både opplever at dei har ein god relasjon.

Lærarane skulle oppleve å stå saman

Men korleis kan ein jobbe med dette? Ertesvåg meiner det er viktig å jobbe langsiktig og systematisk, og ein bør ta i bruk forskingsbaserte verktøy.

Dette har dei fått til på Hauketo skule i Oslo. Det fortel assisterande rektor Anita Brun. Lærarane på skulen ville sette av tid til å diskutere og reflektere over undervisninga. 

Skulen ønska òg at lærarane skulle få hjelpe og støtte kvarandre sånn at dei opplevde å stå saman om arbeidet.

– Dette skulle ikkje vere eit kontrollverktøy eller fungere som evaluering frå oss i leiinga. Vi har stor tru på at viss lærarane får jobbe saman, kan dei hjelpe kvarandre til å bli betre. Dette kan gjere dei meir motiverte, meir sjølvsikre og elevane kjem til å lære meir, seier Brun.

Eit presist og forskingsbasert verktøy er viktig

Samstundes var det krevjande å vite kor kritiske lærarane skulle vere, kva spørsmål dei skulle stille og korleis dei skulle rettleie kvarandre. 

Difor var skulen på jakt etter eit godt verktøy. Dei fann CLASS, som står for Classroom Assessment Scoring System. Det er eit verktøy som handlar om emosjonell støtte, organisering, struktur, rutinar og læringsstøtte. 

Skulen er òg opptatt av at det er lærarar som tar rettleiarutdanning som driv kollegarettleiinga.

Dette er ein nyttig måte å arbeide med interaksjonar og relasjonar på, seier Ertesvåg.

 – Ein må ikkje velje CLASS. Men for å jobbe systematisk og med gode resultat må ein bruke eit forskingsbasert verktøy som gjer at ein kan vere presis og få eit felles språk, seier ho.

Utviklar felles forståingar og eit presist språk

Brun fortel at når dei har jobba på denne måten, har lærarane mellom anna utvikla viktige felles forståingar av kva som er god klasseleiing og kva som er god kvalitet på undervisninga.

– Det har hjelpt oss å strukturere kva vi skal sjå etter når lærarane skal rettleie kvarandre. Klasserommet er så komplekst. Det skjer så mange ting der. Når vi klarer å få eit felles språk og ei felles forståing av kva som er kvalitet og kva som er god undervisning, så kan vi snakke meir presist.

Lurt å fokusere på styrkane

Brun fortel at undervisning kan vere personleg, og at det kan vere utfordrande å jobbe på denne måten.

– Viss ein opplever at ein ikkje lykkast eller at ein ikkje klarer å få ein god relasjon med elevane, så vil det vere ganske sårbart å få inn tre andre som skal inn og sjå kva som skjer i klasserommet. 

Ho meiner at ein stor del av oppgåva som leiar, er å trygge lærarane og vere tydeleg på intensjonane med arbeidet.

– Vi ser òg at det er ei stor oppgåve å vere ein god rettleiar, og at det er viktig å utdanne dei som har dette ansvaret.

Eit anna tips er å satse på styrkebasert rettleiing, meiner Sigrun Ertesvåg.

– Der fokuserer ein på styrkane til lærarane og på korleis dei styrkane du har, er profesjonelle handlingar som du kan vidareutvikle og bruke i andre delar av undervisninga di. Det er mykje lettare å byggje vidare på det du allereie meistrar og bruke det meir målretta og systematisk. Det er mange lærarar som ikkje er klar over alt bra dei gjer.

Sjå episoden i Læring for livet: 

Powered by Labrador CMS