Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Når ein utviklar nye metodar, kan ein bli nøydd til å laga utstyret sjølv. Dette er utstyret Magnus Saed Restan har brukt til forsøka sine.

Snart kan du kanskje sjekke dosering av legemiddel heime

Feildosering av legemiddel kan få store følgjer. Pasientar som i dag må til fastlegen for å sjekke doseringa, vil kanskje på sikt kunne gjere dette heime.

For ein del legemiddel er det nødvendig å overvake innhaldet i blodet for å kontrollere at pasienten får riktig dosering. Dette gjeld til dømes enkelte blodtrykksmedisinar og immundempande legemiddel.

Medan pasientar i dag må ta prøve hos fastlegen eller på sjukehus, kan det i framtida bli muleg å kontrollere dette sjølv.

Stipendiat Magnus Saed Restan ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo forskar på ein teknikk som heiter elektromembranekstraksjon (EME). Dette er ein metode for å førebu biologiske prøver for analyse.

Prøva må reinskast

– Prinsippet for EME er ganske enkelt. Utgangspunktet er ei biologisk væske som inneheld eit stoff som vi ynskjer å måla mengda av. Den biologiske væska kan vera til dømes blod, spytt eller urin, seier Restan.

Før innhaldet kan analyserast, må prøva reinskast så mykje som råd, forklarer han.

– Det gjer vi ved å trekkje prøva gjennom ein membran ved hjelp av elektrisitet. Grumset vert liggjande att. Berre stoffet vi er interesserte i, slepper gjennom. Vi får eit veldig reint ekstrakt som kan analyserast.

Skisse av elektromembranekstraksjon. Når det går straum gjennom elektrodane, vert stoffet som skal analyserast trekt opp gjennom membranen.

Avansert utstyr

Dagens utstyr for EME er relativt omfangsrikt. For å vere sikker på at ein måler riktig nivå av stoffet som skal undersøkjast, må prøva ristast slik at innhaldet vert jamt fordelt.

– Du kan samanlikna det med å sleppa ein sukkerbit i ein kopp med vatn. Dersom han berre vert liggande i ro, tek det ekstremt lang tid før sukkermolekyla er jamt fordelte i løysinga. Men om du ristar eller rører i koppen, går det som kjent mykje fortare.

Ristinga skjer i eit analyseapparat der det samstundes vert sendt straum gjennom prøva. Sidan slike analyseapparat ikkje er noko for det alminnelege kjøkkenbord, ønskjer Restan å finne ein framgangsmåte som fungerer sjølv om prøva er heilt i ro.

Vil forenkle utstyret

– Vi leitar etter måtar å forenkle EME på og utvikle utstyr som er lett å frakte med seg. Då er det nærliggjande å fjerne ristemaskina, som er litt for tung å drasse rundt på.

– Dersom pasienten kan måla legemiddelnivået heime hjå seg sjølv, har dei antakeleg ikkje større hastverk enn at det går greitt å venta ein time, meiner Magnus Saed Restan.

Men framleis treng ein å sikre ei jamn fordeling av innhaldet i prøva, slik at ein måler riktig nivå av stoffet ein skal finne. Løysinga er å gjere prøvebehaldaren, som er rett under membranen, grunnare. Då kjem blodet, spyttet eller urinen tettare på membranen.

– Stoff beveger seg tregt gjennom sjølve prøva, men raskt gjennom membranen. Derfor ønskjer vi at så mykje av prøva som råd skal vere i kontakt med membranoverflata.

Fungerte betre enn venta

Restan fortel at teknikken fungerte betre enn han trudde.

– Når ting er stilleståande, går det veldig treigt. Men etter ein time hadde vi eit resultat som kunne brukast.

Han understrekar at risting likevel er litt kjappare og meir presist enn den nye metoden.

– Men dersom dette set pasienten i stand til å måla legemiddelnivået heime hjå seg sjølv, slik diabetikarar måler sitt eige blodsukker, har dei antakeleg ikkje større hastverk enn at det går greitt å vente ein time.

Han understrekar at det står att mykje forsking før ein kjem så langt. Forskarane har no vist at teknikken er muleg å bruke, men det inneber ikkje nødvendigvis at han vil fungere i praktisk bruk.

Referanse:

Restan mfl: Towards exhaustive electromembrane extraction under stagnant conditions, Analytica Chimica Acta, 2020. Samandrag

Powered by Labrador CMS