Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - les mer.

Forskarane samarbeider for å finne løysingar som kan redusere bruken av plantevernmiddel i skogplanteskular. Frå venstre: Melissa Magerøy, Kathrine Nielsen, Inger Sundheim Fløistad og Tage Thorstensen.

Forskarar vil verne granskogen med ei duft av sjasmin

Skal små granplantar bli til ein skog av stor gran, så må dei forsvare seg mot sopp. No hjelper forskarane småplantane med å bruke sitt eige forsvar i staden for å trenge kjemiske middel.

Publisert

Kvart år blir det planta ut 40 millionar grantre i Noreg. Skogplanteskulane er avhengige av kjemiske plantevernmiddel for å halde småplantene friske.

Forskarar i NIBIO har gått saman med skogplanteskulane for å finne alternativ som kan redusere behovet for kjemiske middel. Dei vil undersøke om dei heller kan ta i bruk «snille» bakteriar og plantene sitt eige forsvar.

For at eit grantre (Picea abies) skal kunne leve i hundrevis av år, treng det å kunne forsvare seg. Forsvaret til grana kan delast i to. Eit ståande forsvar er alltid aktivt. Det er snakk om slikt som bark og harpiks

I tillegg kjem det forsvaret som først blir aktivert når grana er under angrep: eit såkalla indusert forsvar. Forskarane har interessert seg for dette i fleire år. Dei har studert forsvarsmekanismane nøye. No ønsker dei å finne ut om me kan bruke dette velutvikla forsvaret i vår eigen produksjon av granplanter.

Melissa Magerøy leiar eit prosjekt som skal undersøke alternativ til kjemiske sprøytemiddel i skogplanteskular.

Førebur treet på angrep

Ein viktig del av det induserte forsvaret til grana er plantehormonet metyljasmonat.

– Når eit grantre er under angrep og har sett i gang det induserte forsvaret, skil det ut metyljasmonat. Dette er eit stoff som tre kan bruke til å kommunisere med kvarandre. Det fungerer som ei åtvaring til andre tre om at det er fare på ferde, forklarer NIBIO-forskar Melissa Magerøy.

– Eit tre som oppdagar metyljasmonat, får beskjed om å førebu sitt eige forsvar. Når treet faktisk blir angripe, kan det reagere raskt og aktivere heile forsvaret sitt. Dermed blir treet meir motstandsdyktig mot sjukdommar og skadedyr, utdjupar Magerøy.

Det er denne mekanismen forskarane no vil utnytte for å lage meir motstandsdyktige planter. Mekanismen har blitt studert i mange år, men Magerøy har fått sjansen til å setje teorien ut i praksis. 

I samarbeid med Skogplanter Innlandet leiar ho eit prosjekt som skal behandle både frø og småplanter med mellom anna metyljasmonat. Målet er at dette vil førebu forsvaret til plantene og gjere dei meir motstandsdyktige. 

Dersom dette er ein suksess, kan det redusere behovet på skogplanteskulane for å bruke kjemiske sprøytemiddel.

Eit besøk av gråskimmel kan vere fatalt for ein ung granplante.

Får problem med sopp

Behandling med metyljasmonat inneber ingen risiko for menneske eller miljø. Tvert imot luktar stoffet godt av sjasminblomar.

Kvart år blir det planta ut 40 millionar grantre i Noreg. På skogplanteskulane veks småplantene tett før dei vert planta ut. Sjukdom kan lett spreie seg frå ein plante til ein annan. Særleg soppen gråskimmel er problematisk.

– Gråskimmel finst verkeleg overalt, fortel NIBIO-forskar Kathrine Nielsen. 

– Eit angrep av gråskimmel kan vere fatalt for ei lita granplante.

Gråskimmel kan mellom anna etablere seg når plantene blir gjort klare for vinterlagring. Plantene vert då lagra tett ved låge temperaturar, og soppen overlever i dvalemodus. Om våren stig temperaturen att, og soppen blomstrar opp.

 – Det som er mest problematisk med gråskimmel, er likevel at den ganske lett kan utvikle resistens mot sprøytemiddel. Stadig fleire sprøytemiddel blir fjerna frå marknaden. Utan nye sprøytemiddel blir variasjonen i bruken av sprøytemiddel redusert. Dette aukar sjansane for at soppen utviklar resistens, forklarer Nielsen vidare.

Velduftande plantevern

Planteskulane er avhengige av kjemiske plantevernmiddel for å halde sjukdom og skadedyr under kontroll. I tillegg til faren for resistensutvikling fører dette til ein risiko for helse og miljø.

– Derfor treng skogplanteskulane gode alternative middel, understrekar Magerøy.

Ho håper at metyljasmonat kan vere eit slikt alternativ.

– Ikkje berre er stoffet ufarleg for menneske og miljø, men det luktar også godt av sjasminblomar, seier forskaren.

Snille bakteriar

Kan behandling med metyljasmonat og «snille» bakteriar gi meir motstandsdyktige granplanter?

I tillegg til metyljasmonat skal forskarane undersøke om snille bakteriar kan fremje helsa til granplantene. Dette er bakteriar som naturleg lever i jorda rundt grana. Dei har viktige funksjonar.

– Bakteriane kan hemme sjukdomsorganismar direkte. Dei kan også skilje ut stoff som stimulerer forsvaret til grana. I tillegg hjelper dei planta med å ta næring ut av jorda, forklarer forskar Tage Thorstensen ved NIBIO. 

Han er også medeigar i selskapet AgriBiotix. Dei arbeider med å utvikle produkt til biologisk kontroll av plantesjukdommar.

Thorstensen viser til førebelse resultat med snille bakteriar. Resultata viser at dei har eit stort potensial i plantevern.

– Basert på tidlegare forsøk har me stor tru på at metyljasmonat og «snille» bakteriar saman vil fungere godt til å nedkjempe gråskimmel, seier han.

Vil løyse verkelege problem

I prosjektet samarbeider forskarane tett med næringa for å løyse konkrete og relevante problem.

– Dette prosjektet handlar ikkje om at me skal forstå dei enkelte forsvarsmekanismane ned til minste detalj. Det handlar om å sjå på samspelet mellom ulike faktorar og komme opp med løysingar på reelle problem i skogplanteskulane, forklarer Magerøy.

– Mellom anna blir det viktig å sjå i kor stor grad aktiveringa av forsvaret til grana går ut over veksten. Det krev energi å aktivere eit forsvar. Det er energi som elles kunne blitt brukt på vekst. Me har allereie sett at frø som er behandla med metyljasmonat, får noko redusert vekst det første året, men at veksten tek seg opp att året etter.

– Ein annan ting me må undersøke, er om grana også vil hemme dei «snille» bakteriane når ho aktiverer forsvaret sitt.

– Me må ta omsyn til alle slike avvegingar for å kunne lage løysingar som skogplanteskulane ønsker å ta i bruk, seier forskaren.

Om prosjektet

Prosjektet MeJBakSkog er eit samarbeidsprosjekt mellom forskarar i NIBIO, AgriBiotix og Skogplanter Innlandet. Prosjektet er finansiert av Landbruksdirektoratet. Det har som mål å undersøke om bruken av metyljasmonat og «snille» bakteriar i skogplanteskular kan redusere bruken av kjemiske plantevernmiddel.

Prosjektet har oppstart no i mars 2024 og varer til desember 2025.

Du finner flere artikler fra NIBIO her.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS