Styving er ein
urgammal måte å skjere tre på for å stimulere til ny bladvekst. Det blir framleis gjort
mange stader – særleg på Vestlandet.
Det er fleire grunnar til det. Det har mellom anna blitt innført tilskot for styving av tre som eit ledd i å verne
kulturlandskapet og ta vare på biologisk mangfald.
Forskarane har no sett nærare på den moderne styvingspraksisen i Vestland
fylke. Studien kombinerte intervju og spørjeundersøkingar retta mot bønder som
styvar i regionen.
Tradisjonelt
gav styving ekstra fôr frå tresjiktet. Det gjorde det mogeleg å utnytte
ressursar frå områder som ikkje eignar seg for beite og hausting av gras. Blada
vart fôr og greinene vart brukte til verktøy, staur og ved.
– I dag er den
økonomiske avkastninga av fôrproduksjon frå styving likevel for låg til at det
er lønnsamt for bonden, fortel NIBIO-forskar og samfunnsøkonom Anna Birgitte
Milford.
Forskarane ville finne ut kva som motiverer bønder til å halde fram med
styving. Styvar dei fordi dei får tilskot for å gjere det, eller er det andre
forhold dei ser på, som viktigare?
Forskarane
har også vore opptatte av å undersøkje kva økosystemtenester styving bidrar
med. Det er mellom anna bioressursar, kulturell verdi og bevaring av biomangfald.
Utfordringar knytt til styving vart òg adresserte.
Se video om styving.
Ein
del av kulturarven vår
Forskarane fann at motivasjonen for å halde ved like styvde
tre for nokon ligg i at trea kan forhindre erosjon og gi dyra ly.
For dei
fleste bøndene derimot var verdiar knytte til kulturarv og estetikk trekt fram
som viktigare.
– Fleire
av bøndene vi intervjua, fortalde at dei set pris på eit landskap med styvde tre. Det representerer kulturarven vår. For desse var det hovudårsaka til at
dei held oppe styving som praksis, fortel NIBIO-forskar Jørund Johansen som
gjennomførte dei aller fleste intervjua.
Forskarane
fann ut at motivasjonen til bøndene for å styve strekk seg forbi tilskota dei
får.
– Gardbrukarane
såg få ulemper med styving. Sjølv om tilskotet dei får for å styve er absolutt velkomme,
uttrykte dei aller fleste ein vilje til å halde fram med styving uavhengig av
økonomisk støtte, legg Johansen til.
Styving
bidrar til auka biomangfald
Gamle tre er svært viktige for biologisk mangfald. Eit
styvd tre har auka sannsyn for å bli gammalt grunna den estetiske verdien og
fysiologien til treet.
– Styva
tre har ei relativt lita krone på ei låg og tjukk stamme. Det gjer treet
meir robust mot vêr og vind. I tillegg blir styvde tre ofte uthola i midten i
yngre alder enn tre som ikkje er skjøtta. Uthola lauvtre er eit spesielt verdifullt
leveområde for ei rekkje artar, fortel NIBIO-forskar og økolog Fride Høistad
Schei.
Ho legg til at styvde
tre i jordbrukslandskapet er viktige levestader for lav, mosar, sopp og insekt. Det fremjar dermed biomangfaldet i området.
– Nettopp biomangfald vart framheva av
fleire bønder som ein viktig faktor for å føre vidare praksisen, seier Schei.
Annonse
Studien
avslørte også at fleire bønder som styvar, gjerne lar greiner og kvistar bli
liggjande i haugar på utsida av åkeren. Kvisthaugane gir struktur til
landskapet og gir dyr mogelegheiter for å etablera bo- eller hi-områder.
– Det som
er interessant å merke seg her, er at gardbrukarane gjer dette trass i råd om
det motsette frå fylkesmannen som utskriv tilskot til styving. Han oppmodar til
å halda det styvde området «ryddig og fint», seier Schei.
– Det kan
verke som om måla om å verne biomangfald sat opp mot det estetiske aspektet ikkje
heilt går opp her. Det er ikkje uvanleg for forvaltninga av kulturlandskap.
Ho fortel
at dette er eit tema forskarane har diskutert med representantar frå
statsforvaltaren i Vestland, med ei oppmoding om at det blir gjort endringar i
framtidige råd.
Tilskotsordninga
bør haldast oppe
Anna
Birgitte Milford seier at studien har vore nyttig av fleire grunnar. Han har mellom
anna kunnet seie noko om framtida for styving som tiltak. Det har også
gitt forskarane mogelegheit til å peike på måtar som aukar effekten av
tiltaket.
–
Resultata tyder på at å dele kunnskap om styving som ein del av kulturarven
vår, og opplyse både gardbrukarar og andre om fordelane styving kan ha for
biomangfaldet, kan vere ein god strategi for å halde oppe styving som praksis,
seier ho.
– Dei eksisterande
økonomiske støtteordningane har nok også ei betydning her. Det kan hende at
nokon hadde styva uansett, men utan tilskotet hadde det kanskje skjedd meir
sporadisk og utan særleg stor etablering av nye styvde tre.
Forskarane
trur dermed at det er nødvendig å halde oppe tilskotsordninga for gardbrukarar
som styvar.
– Og så
kan ein jo vurdere å forandre litt på tilrådingane knytt til rydding av
kvisthaugar frå landskapet. Det er absolutt betre for biomangfaldet å la desse
liggje i staden for å brenne dei, legg Schei til.
Bruk av tradisjonell kunnskap for å stoppe tap
av biodiversitet i skog (Application of traditional
knowledge to halt biodiversity loss in woodlands) er eit større tverrfagleg
samarbeidsprosjekt mellom tsjekkiske og norske forskarar.
Målet med ROTATE er å støtte det
biologiske mangfaldet av organismar knytt til tradisjonelle former for skogbruk
som har opphørt eller er i rask tilbakegang. Gjennom tverrfagleg samarbeid
innan forsking og praktisk gjennomføring søkjer prosjektet å gjenopplive
tradisjonelt skogbruk for å verne og styrkje dette biologiske mangfaldet.
Prosjektpartnarar er NIBIO, the Czech
University of Life Sciences Praque, Biology Centre (CAS) og IBOT. Norsk
prosjektansvarleg er Fride Høistad Schei, forskar ved NIBIO.
Animasjonsfilmar om tradisjonell drift av lauvtre og skog
Som ein del av formidlinga frå prosjektet ROTATE, har det blitt produsert tre animasjonsvideoar. Den første omhandlar styving, medan dei to andre omhandlar raking av lauv og stubbelauving. Sjå videoane her eller på NIBIOs YouTube-kanal: