Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Nordlandsforskning - les mer.

Over 40 prosent av dei spurde i ei undersøking oppgjer manglande tilrettelegging som årsak til at dei unngår naturbaserte opplevingar.

Personar med redusert funksjonsevne kjøper ikkje naturbaserte opplevingar

Eit stort fleirtal av personar med funksjonsnedsettingar har aldri kjøpt naturbaserte opplevingar på ferieturane sine. I ein ny rapport avslører forskarar kvifor slike aktivitetar ikkje treffer blink.

Publisert

Hundekøyring, kvalsafari, fugletitting, klatring og kiting. Sykling på sti og fotturar i fjellet. Surfing, rafting, kajakk og kano. 

Norsk reiseliv har mykje på menyen når det kjem til opplevingar i naturen. Men likevel klarer dei altså ikkje å freiste folk med funksjonsnedsettingar, ei temmeleg talrik marknadsgruppe.

– Berre 15 prosent seier at dei har kjøpt naturbaserte opplevingar siste to år, seier forskar Karin Marie Antonsen. 

Ho viser til ei spørjeundersøking om erfaringar med å reise i Noreg. Undersøkinga har vore gjennomført i samband med forskingsprosjektet ACCESSTOUR. Resultata blir tidlegare i haust presentert i ein rapport.

– Målgruppa for spørjeundersøkinga har vore personar med funksjonsnedsetting. Dei fortel at få tilgjengelege opplevingar og utilstrekkeleg informasjon er hovudgrunnane til at dei ikkje kjøper naturbaserte opplevingar, seier Antonsen.

Manglande hjelpemiddel

Over 40 prosent av dei spurde oppgjer manglande tilrettelegging som årsak til at dei unngår naturbaserte opplevingar. Forskarane trur at talet eigentleg er høgare. Mange orkar ikkje ein gong prøve å delta. Dei er vand med å ikkje bli tatt omsyn til.

– Mange peikar på utfordringar knytt til manglande åtkoma grunna trapper, manglande heis eller ramper. Det kan også vere tronge døropningar eller ueigna underlag for rullestol, seier Antonsen.

Ho fortel at fleire trekker òg fram manglande tilgjengelegheit til hav og vatn for å kunne bade, fiske, padle eller ro. Avstand frå parkering til aktivitet og feilaktig informasjon er også nemnt som årsaker.

Og om nokre likevel tar sjansen på å prøve ei naturbasert oppleving, kan manglande hjelpemiddel sette ein stoppar for aktiviteten. 

Aktivitetshjelpemiddel er utstyr som er spesielt utvikla for at personar med funksjonsnedsetting skal kunne delta i leik- og sportsaktivitetar. Hjelpemidla er ofte ein føresetnad. 

Døme på slik utstyr er spesialsyklar og skiutstyr som piggekjelkar og sitski.

– Heile 72 prosent av dei spurde seier at dei ønsker og pleier å leie slike hjelpemiddel på reisemålet. Men om no opplevingsaktørane har hjelpemiddel tilgjengeleg, noko som ofte ikkje er tilfelle, er sjansen stor for at dei ikkje veit korleis det skal brukast, seier Antonsen.

Essensielt behov

Informasjon er ei anna utfordring når folk med funksjonsnedsetting skal ut på tur. Det er svært viktig å vite om fasilitetar som parkering, åtkoma og at rom og bad er brukbare.

– Over 75 prosent av utvalet i undersøkinga oppgjer desse punkta som den viktigaste informasjonen, seier Antonsen.

– Òg informasjon om naturopplevingar, kulturopplevingar, serveringslokala og fellesareal er viktig for mange.

På førehand venta forskarane å høyre at personar med funksjonsnedsetting har liten tillit til informasjon frå tilbydarar om tilgjengelegheit. Men det viser seg at over halvparten har stor tillit til informasjonen som blir presentert på nettsider og delt i samtalar med familie og vener.

– Likevel tar om lag like mange kontakt med reisemålet for å forsikre seg om at informasjonen er riktig, påpeiker Antonsen.

Ho meiner at det kan ha samanheng med manglande tilgang på tilstrekkeleg informasjon på heimesider og bookingsider.

I tillegg kan dette vere eit uttrykk for kor essensielt behovet for informasjon er for personar med ulike funksjonsnedsettingar.

– Før man reiser, må man for eksempel vite om det i heile tatt er mogleg å nytte aktuelle transportmiddel, om det finst nødvendige hjelpemidlar, om det er moglegheiter for å få eventuell assistanse under reisa og om rom, og eventuelt planlagde opplevingar er tilgjengeleg ut frå eigne behov, seier Antonsen.

Referanse: 

Karin Marie Antonsen mfl.: Tilgjengelig reiseliv i Norge – Erfaringer og preferanser. Funn fra prosjektet ACCESSTOUR – Accessible tourism for inclusion and value creation (PDF). Rapport fra Nordlandsforskning, 2023.  

 

Powered by Labrador CMS