Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - les mer.
Viss legen har gode grunnar til å tenke at pasienten inst inne ønsker noko anna enn det han eller ho ser ut til å helle mot, kan det vere ansvaret til legen å sørgje for at pasienten følger dei djupare ønska eller verdiane.(Foto: Johner Images)
Er det greitt at legen overtalar pasienten til å velje ei bestemt behandling?
Mange pasientar slit med å ta val om si eiga behandling. Da møter legen eit etisk dilemma.
– Det er heilt klart situasjonar der eg no meiner det er riktig at legen overtaler eller overtyder pasienten, seier Anniken Fleisje.
Ho har forska på etiske dilemma i kommunikasjonen mellom lege og pasient.
Fleisje har analysert 200 videoar av samtalar
mellom lege og pasient. Der såg ho at mange pasientar strevde med å ta val om
eiga behandling.
– Det eg observerte, var at det var vanskeleg for mange å ta avgjerder i den situasjonen dei var i, seier ho.
– For det første har ikkje pasientane den same medisinske kompetansen som legen. For det andre kan det vere vanskeleg å ta gode avgjerder når du er sjuk eller har plager fordi det er så mykje kjensler i spel.
Forskaren endra syn
Fleisje gjekk
inn i forskingsprosjektet med ei sterk tru på at pasienten har rett til å
bestemme. Ho endra syn undervegs:
– Det er
heilt klart situasjonar der eg no meiner det er riktig at legen overtaler eller
overtyder pasienten.
– Det kan
for eksempel gjelde viss pasienten er overvelda av kjensler, som frykt.
Fleisje
fortel at filosofien skil mellom overflatiske og djupare ønske eller
verdiar.
– Sjølv
om ein pasient med sprøyteangst har eit direkte ønske om å sleppe å ta
sprøyta, kan han likevel ha eit djupare ønske om å bli beskytta mot sjukdom.
Viss
legen har gode grunnar til å tenke at pasienten inst inne ønsker noko anna enn
det han eller ho ser ut til å helle mot, kan det vere ansvaret til legen å sørgje
for at pasienten følger dei djupare ønska eller verdiane.
– For dei
fleste er det slik at når du først går til legen eller ein
sjukehustime, så har du gått inn i eit slags kontraktforhold. Grunnen til at du
går dit i utgangspunktet, er at du har eit eller anna som du vil at
helsevesenet skal hjelpe deg med. Da er det kanskje grunnar til at legane eller
helsevesenet også skal kunne pushe litt, seier ho.
– Om
pasienten derimot har eit heilt grunnleggjande verdi- og livssyn eller ei
religiøs haldning som tilseier at ho ikkje skal ta behandlinga, kan det hende
at ønsket om ikkje å ta imot behandling, er i tråd med dei djupare verdiane og
preferansane.
Dette kan
til dømes gjelde eit ønske om å ikkje ta imot blodoverføring eller å ikkje ville
ta vaksinar.
Fleisje
påpeiker at dette er uvanleg. I slike tilfelle må lege og pasient ha ei
ordentleg samtale for å finne ut av det. Ho er også open for at nokre
pasientar kan ha sjukdomar eller plager der pasienten sjølv veit best kva som
er best for henne.
Idealet om å ta val saman
Fleisje
trur det kan vere på tide å justere idealet om samval mellom pasient og lege.
Annonse
Samval
betyr at lege og pasient skal ta avgjerder saman ut frå pasienten ønska og preferansane til pasienten. Prinsippet fekk fotfeste på 1990-talet. Det har vore nedfelt i
helsepolitikken sidan 2000-talet.
– Samval
kan fungere veldig godt i situasjonar der det finst minst to gode
behandlingsval, seier Anniken Fleisje.
Ho trekker fram eit eksempel med ein pasient der valet står mellom ei behandling som kan
føre til diaré og ei anna som truleg vil gi nomne hender og føter.
Legen
foreslår den siste behandlinga, men pasienten arbeider i barnehage og seier ho treng
å kunne kneppe knappar og bruke hendene aktivt. I kvardagen hennas vil nomne
hender vere ei større ulempe enn mogleg diaré.
– Dette
er ein illustrasjon på at det i kvart enkelt tilfelle er nødvendig å ta omsyn
til pasienten: preferansar, interesser, hobbyar og yrkesliv.
Kven sit med ansvaret?
Eit anna
spørsmål er kva det gjer med ansvaret for behandlinga når pasienten skal velje.
Ei
undersøking blant legar viste at ein av fordelane dei såg med samval, var at dei opplevde at dei delte ansvaret viss noko gjekk gale.
– Men
samval var jo meint å skulle beskytte pasienten. Det å gjere pasienten
medansvarleg er ikkje nødvendigvis godt for pasienten, seier Fleisje.
Ho
understrekar at ho framleis meiner det er riktig at pasienten skal ha råderett
over eigen kropp. Men det betyr ikkje nødvendigvis at det er pasienten som
må ta den endelege avgjerda om behandling.
Uansett
har måten legen kommuniserer med pasienten på, mykje å seie.
Overdriven sympati kan
vere problematisk
Annonse
I
materialet Fleisje analyserte, såg ho at legane hadde ulike
kommunikasjonsstilar når dei prøvde å overtyde pasientane.
Nokre av legane kjempa for synet sitt med ein tydeleg og konfronterande stil. Andre brukte meir edruelege og rasjonelle argument. Ei tredje gruppe uttrykte sterk sympati og la vekt på
kjenslene til pasienten. Den siste gruppa fiska etter å få pasienten med
seg.
Fire kommunikasjonsstilar
Fleisje fann at legane brukte fire ulike kommunikasjonsstilar for å få pasienten med på den behandlinga dei meinte var riktig:
Fightaren kjempar for det ho meiner er riktig og kan vere konfronterande og insisterande i stilen når pasienten er ueinig: «Du må ha denne operasjonen.»
Advokaten er roleg og balansert og legg vekt på rasjonelle argument, men prøver framleis å overtyde pasienten: «No skal eg forklare for deg kvifor du bør ha denne operasjonen.»
Sympatisøren legg vekt på omsorg og empati med pasienten og appellerer til kjenslene til pasienten for å få han med på behandlinga: «Eg skjønar om du er engsteleg, men symptoma dine må vere veldig plagsame, og eg trur du vil føle deg betre etter ein operasjon.»
Fiskaren hintar om kva ho meiner er riktig behandling og fiskar etter samtykke frå pasienten: «Kva tenkjer du om operasjon? Eg trur det vil vere lurt å operere … Du er vel ikkje heilt negativ til operasjon …?»
Det overraska forskaren at det kunne oppstå situasjonar som var etisk
problematiske når legen viste sterk sympati med pasienten, men samtidig forsøkte å få gjennom synet sitt.
– Det er
mange gode grunnar til å vere empatisk og vektlegge kjensler når pasienten står
i vanskelege situasjonar. Men når det blir blanda med å overtale til
behandling, så kan det framstå manipulerande og nedlatande, seier Fleisje.
Ho meiner kombinasjonen gjer at
pasienten lett blir behandla som eit barn som ikkje kan ta gode avgjerder. Samtidig kan det vere ein litt snikete måte for legen å få gjennom viljen sin på.
Korleis kan legen
overtale på ein god måte?
Sjølv om
det ikkje finst nokon fasit på korleis legen skal opptre, meiner Fleisje at ein
nøkkel er samtalen mellom pasient og lege.
– Det er
viktig at pasient og lege snakkar saman slik at dei får fram verdiane til pasienten og forstår kva som er viktig for pasienten. Og så kan det likevel ende
med at legen bestemmer.
Ei god
tilnærming kan ifølge Fleisje vere å legge vekt på dei rasjonelle argumenta for
behandlinga. Det kan gi størst sjanse for at pasienten blir overtydd i staden
for overtalt.
Kanskje
bør legane også unngå dobbeltkommunikasjon – som å seie til pasientane at dei
kan bestemme sjølv, samtidig som dei pressar pasientane i ei bestemt retning. Fleisje såg fleire eksempel på akkurat det.
Bruker forskinga i
kommunikasjonskurs
Forskinga
til Fleisje er allereie tatt i bruk i kommunikasjonskurs på sjukehus.
Annonse
– Fleire
legar har tatt kontakt med meg og skrive at dei har lurt på om ikkje samval har
fått ein litt for høg status eller at det er innført på litt for tynt
grunnlag. Mange kjenner seg igjen i at det ikkje alltid fungerer så bra og at
det kan føre til gode resultat når legen får siste ordet i samtalar om
behandling.
Referansar:
Anniken Fleisje: Doctors pushing patients: communicative paternalism and
not-so-shared decision-making, Doktoravhandling ved OsloMet, 2023.
Anniken Fleisje har analysert 200 videoopptak av samtalar mellom legar og
pasientar på Ahus. Alle pasientane var vaksne, samtykkekompetente menneske med
fysiske sjukdomar eller plager.