Prismessig kan det vere rasjonelt å handle hos Temu, meiner forskar Lisbeth Løvbak Berg.
– Tinga ein handlar på Temu er sjeldan det ein faktisk treng, men heller ting ein har lyst på. Då er Temus utforming ein stor del av forklaringa, seier ho.
Plattforma legg opp til at det skal vere moro å handle – såkalla «gamification».
– Det gjer dei gjennom rabattkupongar, spel og tidsavgrensa sal. Det gjer at ein rett og slett kan bli avhengig, meiner Løvbak Berg.
Kvifor fortset vi å handle frå slike butikkar?
Dei fleste av oss veit at Temu ikkje er berekraftig – kvifor
fortset vi å handle der?
– I kvardagen er det mange val ein skal
ta, ikkje berre som forbrukar, men som forelder, husøkonom, medmenneske. Ein
har rett og slett ikkje kapasitet til å tenke gjennom dei større og meir
langsiktige konsekvensane av alle val, seier Løvbak Berg.
Ho trur heller ikkje at eit enkelt kjøp
av ei lita vare blir opplevd som så viktig i det store bildet for forbrukaren. Risikoen ved å kjøpe er låg. Det er ikkje så farleg om produktet er dårleg. Det kostar
såpass lite.
Lisbeth Løvbak Berg forskar på klesforbruk ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO.(Foto: Eivind Røhne)
– Nokre produkt er gode, mens andre er dårlege – får ein eit
dårleg, så har ein heller ikkje brukt store slanten, seier ho.
Enkel tilgang til mange varer på éin stad er også veldig
høveleg.
Vanskeleg for forbrukarane
Løvbak Berg forskar på forbruk av klede og berekraft. Ho er
opptatt av at forbrukarar skal ta gode og berekraftige val.
– Produkta som blir selde frå Temu, er laga under forhold ein
ikkje har god oversikt over med ein leverandør ein kan kontakte og stille til
ansvar, seier ho.
Som forbrukar kjenner ein då ikkje til dei sosiale eller
miljømessige forholda under produksjonen.
– Ein må hugse at Temu ikkje er ein produsent, men ein
marknadsplass, seier ho.
Dei unge ønsker å vere miljøbevisste
Det har vore mange saker i media om Temu og «fast fashion»
generelt. Kjennskapen til baksidene med desse varene er etter kvart ganske
god.
Løvbak Berg held foredrag på skolar og bibliotek. Ho har inntrykk av at
dei unge ho snakkar til, ønsker å ta miljøbevisste val.
Annonse
– Det er vanskeleg å seie kor mykje detaljkunnskap dei har om
miljøkostnader og miljøgifter. Mange av dei eg møter når eg held foredrag
på skolar og bibliotek veit mykje og lurer på kva dei kan gjere sjølv for å
vere miljøvennlege.
Dei unge meiner også at dei er meir miljøbevisste enn tidlegare
generasjonar.
– Unge i Noreg meiner at dei er meir miljøbevisste enn foreldra
sine. Og ein kan sjå nokre positive endringar i klesforbruket som ein auke i bruktkjøp og sal blant unge, seier ho.
Forbruket i Noreg aukar
Sjølv om dei unge ønsker å vere miljøbevisste, aukar stadig
forbruket blant nordmenn generelt.
– Det er vanskeleg å vere meir miljøvennleg enn foreldra sine
når forbruket i Noreg stadig går opp, generasjon for generasjon og dei sosiale
krava til kva ein skal ha blir endra, seier Berg.
Ho trekker fram sosiale krav til visse plagg, slik som jakker og
idrettstøy.
– For eksempel til spesifikke idrettar der den same shortsen
tidlegare blei brukt til alle.
Korleis er kvaliteten på plagg frå Temu?
– Kvaliteten varierer sterkt – kva som blir rekna som kvalitet, er også ganske subjektivt. Ikkje minst så vil folks forventningar vere låge
til så billige produkt – men plagga blir kjenneteikna ved at dei er laga av
plast, gjerne polyester med litt elastan, seier Løvbak Berg.
Polyester er sterkt og vil halde lenge, mens elastan er mindre
varig, noko som forkortar levetida til plagga.
– Plastplagg har også mange ulemper, som komfort. Dei kan
kjennast veldig tette, halde på vond lukt og ikkje minst forårsakar
plastforsøpling som mikroplast. Dei kan også innehalde giftstoff, seier ho.
Annonse
Tempoet plagga er produserte på, kan også bety at
kvalitetskontrollen glepp.
Kva giftstoff er du bekymra for?
– I desse plagga risikerer ein å komme i kontakt med giftstoff
som BPA, PFAS og ftalat, som blir brukte i plastproduksjonen. Andre stoff kan
vere bly, arsenikk, kobolt, allergiframkallande fargestoff og muggmidlar, seier
Løvbak Berg.
Ho påpeikar at mange av desse stoffa er regulerte eller
forbodne å bruke i EU.
– Men ein ser at varer som blir produserte andre stader og blir
eksportert til EU, likevel inneheld desse. Særleg er det vanskeleg å regulere
når varane blir importert privat, seier ho.
Kva gjer desse giftstoffa med oss?
– Når ein blir eksponert for desse stoffa, vil ein i første
omgang oppleve kløe, svie, irritasjon, allergiar. Fleire av dei er dessutan stadfesta hormonhermande. Dei påverkar det endokrine systemet i kroppen, fortel
Løvbak Berg.
Det endokrine systemet er nettverket av kjertlar og organ i kroppen som produserer og frigjer hormon direkte i blodet.
Ho fortel at det kan føre til helseeffektar ein ikkje heilt
forstår per i dag.
– Det er alt frå ekstreme vektendringar og trøyttleik til lågare
fruktbarheit og kronisk sjukdom, seier ho.
Ved mykje eksponering for desse stoffa vil dei takast opp i
kroppen og miljøet.
– Nokon blir brotne ned og blir borte igjen når eksponeringa
forsvinn. Andre, som PFAS, kallar vi ævekjemikaliar, seier Løvbak
Berg.