Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Fiskestim sett fra havbunnen
Massedød høyrest ut som ein katastrofe for ein bestand, men det treng det ikkje vera.

Massedød treng ikkje vera ein katastrofe for ein fiskebestand

Med nye modellar kan forskarane føreseia korleis det vil gå med ulike artar når ekstreme hendingar tek livet av fiskeyngel og ungfisk.

Publisert

Fiskebestandar har alltid vore utsett for trugsmål. I tillegg til naturlege farar, som til dømes sjukdom og framvekst av konkurrerande artar, har menneska tilført risiko for oljeutslepp, forureining og hetebølgjer som fylgje av klimaendringar.

– Ekstreme hendingar kan gje massedød. Og det er ofte dei yngste gruppene som er mest utsett: larvar, yngel og ungfisk. Dei er meir sårbare for ytre påverknad. Samstundes kan dei vera mindre mobile, forklarar forskar Øystein Langangen ved Institutt for biovitskap på Universitetet i Oslo.

Massedød høyrest ut som ein katastrofe for ein bestand, men det treng det ikkje vera. 

Ofte kan ein populasjon byggja seg opp att. Men klarar han ikkje det, står vi overfor det forskarane kallar ein kollaps – ein størrelse som vert definert litt forskjellig. Det kan for eksempel vera at meir enn 75 prosent av bestanden forsvinn.

Populasjonen svingar frå år til år

– Frå ein bevaringsståstad er det nyttig å vita kva artar som er mest robuste for ein massedød. Og frå forskaren sin ståstad er det sjølvsagt interessant å utvida kunnskapen vår uansett, seier Langangen.

Derfor har forskarane utvikla modellar basert på observerte data for 39 kommersielt nytta fiskeartar. 

– At det er kommersielle artar, gjev oss ein skeivheit i modellane, men det er ofte desse artane vi har lange tidsseriar med data for.

Portrett forsker
– Vi har vi utvikla modellar basert på data for 39 kommersielt nytta fiskeartar, seier Øystein Langangen.

Modellane viser korleis populasjonen svingar frå år til år i periodar utan massedød. Oppå denne dynamikken kan forskarane simulera hendingar med massedød på egg-, larve- og ungfiskstadiet og studera verknaden på populasjonane.

Risikoen aukar med stor variasjon i kulla

– Vi har simulert massedødhendingar med ulik grad av dødelegheit: låg, middels eller høg. Vi har òg variert kor hyppig desse hendingane skjer, om fenomenet vert gjenteke med få års mellomrom eller om det berre skjer ein sjeldan gong, fortel Langangen.

Han fortel at dei så har variert lengda på massedødhendingane frå eitt til to–tre år. Hetebølgjer som varar så lenge, førekjem i havet. Det var mellom anna ei veldig stor hetebølgje i det austlege Stillehavet. Ho gav ein kraftig nedgang i stillehavstorsk.

Modellane viser fleire faktorar som påverkar risikoen for at ei massedødhending skal føra til ein kollaps. Artar som lever lenger, over fleire år, er mindre utsette enn fisk som er kortliva.

– Risikoen aukar vidare hjå artar der det er stor variasjon i kulla frå år til år. Dersom det skjer ei massedødhending i eit år med eit stort årskull, vil mykje av yngelen bli utradert. Dermed vil mykje av grunnlaget for å byggja opp igjen eller oppretthalda populasjonen igjen bli borte, seier Langangen.

Fleire moglege tiltak

– Vi har òg brukt mål på avhengigheita av tettheit hjå den enkelte arten. Dersom 50 prosent av larvane døyr, betyr det samstundes at det vert mindre konkurranse om ressursane for dei som overlever. Ein større del vil dermed ofte verta vaksne. For eksempel vert kanskje reduksjonen i talet på vaksenfisk frå kohorten som vart påverka, berre 30 prosent.

Modellane til Langangen kan føreseia kva bestandar som er mest utsette ved massedød. I dei tilfella kan det vera aktuelt å setja inn tiltak for å hjelpa bestanden på fote att for å unngå kollaps. 

Men kva tiltak det skal vera, vil ikkje forskaren forskottera.

– Det har vi ikkje forska så mykje på, så det kan vi ikkje slå fast. Sidan det er kommersielle artar vi har forska på, vil nok mange tenkja at ein reduksjon av fisket er ei nærliggjande moglegheit, seier Langangen.

– Men det er berre eitt av fleire moglege tiltak. Vi har førebels ikkje noko grunnlag for å seia kva tiltak som vil vera det beste.

Referanse:

Øystein Langangen og Joël Durant: Persistence of fish populations to longer, more intense, and more frequent mass mortality events. Global Change Biology, 2024. Doi.org/10.1111/gcb.17251

Powered by Labrador CMS