Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - les mer.

Kristiansund er regionsenter for Nordmøre med omfattande handelsverksemd og tenesteyting for heile regionen.

– Mindre byar er ryggrada i Distrikts-Noreg

Noreg er eit av landa i Europa med høgast del personar som bur i småbyar. Likevel får dei mindre byane lite merksemd.

Publisert

Rundt 35 prosent av nordmenn bur i mindre byar. Det vil seia tettstader med mellom 1000 og 50.000 innbyggjarar.

Ifølge SSB er det 990 tettstader i Noreg. Sjølv om dei mange mindre byane i Noreg ligg spreitt, har dei viktige roller og funksjonar i utviklinga av berekraftige og attraktive regionar. Det gjeld særleg i fylke utan storbyar.

– Småbyregionane er ryggrada i Distrikts-Noreg. Dei har ei nøkkelrolle i å nå nasjonale mål om regional utvikling og berekraftige regionar i heile landet, seier Knut Onsager, forskar hos By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved OsloMet.

Likevel har dei mindre byane fått lite merksemd, både i forsking og politikk.

Målet til forskingsprosjektet «Mindre byregionar – utvikling, robustheit og berekraft», er å gi ny kunnskap om utviklinga og utfordringane til småbyregionar.

Ifølgje forskar Knut Onsager er småbyane viktige for berekraft og utvikling i Distrikts-Noreg.

Dei små under radaren

Saman med forskarar frå Nordlandsforskning skal NIBR særleg sjå på småbyane i Noreg og korleis regionane dei hører til, fungerer og er organiserte. 

Småbyane, med 5000 til 20.000 innbyggjarar, er den største undergruppa av mindre byar.

Forskarane ønskjer å få meir systematisk kunnskap om kva som kjenneteiknar samfunnsutviklinga og drivkreftene i småbyregionar i ulike delar av landet. Dei skal også sjå nærare på kva som hemmar og fremjar berekraftig og robust utvikling av småbyregionane.

Felles for alle regionane er at dei står overfor fleire utfordringar, som til dømes fråflytting, mangel på arbeidskraft og behov for omstilling av næring og grønt skifte.

– Utfordringane dreier seg om kva som er attraktive og gode samfunn for ulike grupper å bu i. På toppen av det er jo økonomien til mange kommunar under press, seier Onsager.

Men det finst også unike moglegheiter på små stader.

– Me høyrer gjerne ein del om utfordringar, men sjeldnare om nyskapinga og moglegheitene som gjer småbyregionane til attraktive stader å bu, seier Heidi Bergsli, forskar hos NIBR ved OsloMet og deltakar i prosjektet.

Ho påpeikar at når me tenkjer på innovasjon, kreativitet og mangfald, tenkjer me helst på storbyane.

– Men det går føre seg mykje interessant i desse småbyane som går under radaren. Me ønskjer derfor å finna ut meir systematisk kva denne gruppa byar og regionar bidreg med og får til, seier Bergsli.

Viktig utviklingstrekk

Forskarane skal først kartleggja utviklingstrekk ved befolkning, arbeidsmarknad, næringsliv, areal- og naturtypar, klimagassutslepp og sosiale forhold. Så skal dei samanlikna småbyregionar med andre regiontypar, som storbyregionar og spreiddbudde regionar.

– Me høyrer gjerne ein del om utfordringar, men sjeldnare om nyskapinga og moglegheitene som gjer småbyregionane til attraktive stader å bu, seier Heidi Bersgli.

Deretter dykkar dei ned i åtte småbyregionar i dei fire fylka Nordland, Møre og Romsdal, Agder og Innlandet for å sjå på dynamikkane bak utviklingstrekka.

– Først då kan me kasta lys over kva utfordringar og handlingsmoglegheiter kvar enkelt region faktisk har, seier Onsager.

Moglegheitene er mellom anna avhengig av samarbeid mellom mange ulike aktørar.

– Me skal derfor finna ut kva som hemmar eller fremjar god leiing og tettare samarbeid i småbyregionane, seier han, og legg til:

– Då nærmar me oss kjernen i korleis småbyregionar kan bli attraktive ved faktisk å få til ei berekraftig utvikling i praksis.

Velferdstenester under press

Dei siste tjue åra har folketalet i småbyregionane samla vakse litt. Veksten kjem i all hovudsak av innvandring. Fødselsoverskotet har vore lite, og det har vore ei utflytting til større byregionar innanlands. Det er her snakk om nettoutflytting.

– Men innvandring hjelper ikkje på strukturelle forskjellar. Småbyane får ein større del eldre samanlikna med større byregionar, og det blir født færre barn der, seier Bergsli.

Nettoutflytting

Med utflytting siktar denne artikkelen til nettoutflytting.

Nettoutflytting betyr at fråflyttinga frå dei mindre byregionane til storbyregionane er større enn innflyttinga frå storbyregionane til dei mindre byregionane. Det går alltid straumar begge vegar, men ofte går det i negativ retning for mindre byregionar.

Aldringa og fødselsunderskotet er mest markant i kommunane som ligg rundt småbyane. Småbyane har ofte ei yngre befolkning og fleire fødslar enn omlandskommunane.

I tillegg finst utfordringar med utanforskap. Innbyggjarar står utanfor arbeid, utdanning, tiltak og aktivitetar, noko som også verkar inn på sosial ulikskap i helse og levekår.

– Kommuneøkonomien er under press, så arbeidet med å sikra gode velferdstenester og livskvalitet for alle grupper er utfordrande i ein del av regionane, seier Bergsli.

Ein mellomstor by har mellom 20.000 og 50.000 innbyggjarar.

Omfattande næringsomstillingar

På toppen av dette møter regionane også eit krav om reduksjon av klimagassutslepp. Småbyregionane har ein vesentleg del av den samla verdiskapinga i landet innanfor landbruk og foredlingsindustri, sjømatnæringar, maritime næringar, metallvarer, høgteknologi, reiseliv og oppleving.

– Kvar region er gjerne spesialisert innanfor enkelte næringar. Men dei står overfor eit aukande konkurranse- og omstillingspress for å utvikla fleire framtidsretta bedrifter og næringar. Dei skal vera miljømessige og sosialt berekraftige og samtidig økonomisk slitesterke over tid, seier Onsager.

Det krev omstilling og innovasjon innanfor etablerte bedrifter og næringar, og dessutan utvikling av nye bedrifter og fleire attraktive jobbar. Å tilpassa seg auka krav til naturomsyn, berekraftig arealbruk, energiøkonomisering, fornybar energibruk og sirkulærøkonomi vil bli meir avgjerande.

– Det aukar mellom anna behovet for kompetanse som matchar samfunns- og næringsbehova i kvar enkelt småbyregion. For å få til det må regionen opplevast som attraktiv for dei som har kompetansen som trengst, seier Bergsli.

Samfunnsutviklinga

Det er også eit mål å læra av småbyregionar som får til samfunns- og næringsutvikling som er grøn, sosialt og geografisk inkluderande.

– Me har som mål å få kunnskap om og formidla kva verkemiddel og forbetringar småbyregionane eventuelt har behov for. Kunnskapen er viktig når dei skal utvikla attraktive stader for næringsliv og befolkning og som er berekraftige for både natur og menneske, seier Bergsli.

Om prosjektet

    «Mindre byregionar – utvikling, robustheit og berekraft» (SMACREG) er finansiert av Noregs forskingsråd (NFR).

  • Det er eit kompetanse- og samarbeidsprosjekt som varer frå 2023 til 2026.
  • Eit mål er å utvikla ny kunnskap og byggja kompetanse som samfunnet eller næringslivet treng for å møta viktige samfunnsutfordringar (definisjon frå NFR).
  • Det er NIBR ved Knut Onsager (prosjektleiar) og Heidi Bergsli som leier prosjektet. Med seg har dei Marianne Tønnessen og Geir Orderud (NIBR) og Aase Kristine Lundberg og Mathias Brynildsen Reinar ved Nordlandsforskning. Fylkeskommunane Nordland, Møre og Romsdal, Agder og Innlandet er viktige partnarar i prosjektet.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS