Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Sørøst-Norge - les mer.

29 prosent av barna utviklar skulevegring allereie i første klasse

Skulevegring: 8 av 10 opplever skulen som utrygg

Forskarar har sett på kva som kjenneteiknar elevar som slit med ufrivillig fråvær frå skulen.

Publisert

Skulevegring blir ofte kalla «ufrivillig fråvær frå skulen». Professor Marie-Lisbet Amundsen på Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) forklarar:

– Dette er fordi barna det gjeld, eigentleg vil vere på skulen – og føresette deira vil også at dei skal gå. Men dei engstar seg i så stor grad at dei rett og slett ikkje klarer det.

Med andre ord er både føresette og barn, ifølgje forskaren, i ei fortvilt situasjon og barnas sjølvkjensle er låg. 

– Dei same barna som utviklar skulevegring, trivst og hadde vener i barnehagen, seier professor Marie-Lisbet Amundsen.

– Dei opplever nederlag fordi dei ikkje klarer å leve opp til skulen sine krav og forventningar. 

Amundsen har spesialkompetanse om barn med samansette læringsvanskar og sosiale og emosjonelle problem.

Likevel blir ofte samleomgrepet «bekymringsfullt» eller «problematisk skulefråvær» brukt om alle elevar som er borte frå skulen, uavhengig av kva som er årsaka til fråværet.

– Det er uheldig at ein på denne måten skjer alle over ein kam sidan årsakssamanheng varierer sterkt. Det er til dømes stor forskjell på kva tiltak som bør setjast i verk dersom det er snakk om langvarig sjuke, skulk av ulike årsaker eller om barn er borte frå skulen fordi dei opplever at skulen er ein altfor utrygg oppvekstarena, seier Amundsen.

Opplever skulen som ein utrygg stad  

Amundsen leier USNs forskingsgruppe i profesjonskunnskap om vald, overgrep og sosiale- og emosjonelle vanskar. Forskarane der har som mål å få større innsikt i kva som kjenneteiknar elevar som slit med ufrivillig fråvær frå skulen/skulevegring.

Saman med forskarkollegaene Geir Møller og Jens Grøgaard har ho også gjennomført fleire studiar.  Her er noko av det dei fann for barn med ufrivillig skulefråvær:

  • Åtte av ti opplever skulen som ein utrygg stad.
  • Åtte av ti har låg tillit til eigen meistring.
  • Sju av ti slit med prestasjonsangst.
  • Seks av ti slit fagleg.
  • Meir enn halvparten er utsette for mobbing.
  • Halvparten har ikkje gode relasjonar til nokon lærarar eller andre vaksne på skulen.
  • Fire av ti har ingen vener på skulen.
  • Fire av ti er under ti år.

Trivst i barnehagen – slit på skulen 

Studiane deira viser vidare at 29 prosent av barna utviklar skulevegring allereie i første klasse. Fire av ti av alle dei som slit med ufrivillig fråvær frå skulen, er under ti år gamle.

For gutar gjeld dette for halvparten av alle som vegrar seg for å vere på skulen. For jenter oppstår utfordringane ofte noko seinare og ofte når dei byrjar på ungdomsskulen.

– I Noreg går dei fleste barna, cirka 93 prosent, i barnehagen før dei byrjar på skulen. Med dette i tankane er det verdt å merke seg at dei same barna som utviklar skulevegring, trivst og hadde vener i barnehagen. Med andre ord er det på skulen problema ser ut til å oppstå, forklarar Amundsen.

Sårbare grupper

Professor Amundsen har også tjue års erfaring frå praksisfeltet som leiar av ei rehabiliteringsavdeling og som pedagogisk-psykologisk rådgjevar. 

Ikkje uventa fann ho skilnader mellom elevar med ADHD, autisme og psykologiske utfordringar, og elevar utan diagnosar som også slit med skulevegring.

– Samanlikna med elevar utan ein diagnose strevar autistiske elevar meir sosialt og har høgare risiko for å vere utan vener på skulen. Elevar med ADHD er meir utsette for mobbing, strevar meir sosialt og færre av dei har gode relasjonar til lærarane. Nesten fire av ti utviklar skulevegring allereie i første klasse, seier Amundsen.

– Hjelper lite å leita etter feil hos barna 

– Eg ønsker tiltak som ikkje forsterkar barna sitt inntrykk av at det er dei det er noko gale med. Det hjelper lite å fokusere på kva som er gale med barna eller foreldra når vi veit at problem med skolen kan vere årsaka til det uønskte fråværet, seier Amundsen.

Ho framhevar særleg at mange av barna som slit med uønskt fråvær, melder at dei ikkje har nokon gode vaksenkontaktar på skolen, at mange av dei ikkje har venner, at mange av dei har vanskar med skolearbeidet i tillegg til at mange blir mobba. 

Når mobbinga blir oppdaga, så opplever dei fleste dessutan at det ikkje blir gjort noko for å stoppe dette.

Tru på praktisk orientert undervising 

– For å løysa desse problema må vi sjå på korleis vi kan endre skolen, ikkje barna eller foreldra deira. Gode relasjonar til lærarane og at det blir lagt til rette for fagleg meistring i skolekvardagen, har stor tyding for om barna skal føle seg velkomne på skolen igjen, seier Amundsen.

Ho legg til at det i denne samanhengen er det verdt å merke seg at tre av fire føresette meiner barna deira ville ha hatt fordel av meir praktisk orientert undervisning.

Referansar:

Marie-Lisbet Amundsen og Jens B. Grøgaard: Skolevegring og bekymringsmeldinger til barnevernet. Psykologi i kommunen, 2023.

Marie-Lisbet Amundsen og Jens B. Grøgaard: Elever med skolevegring: Hvilke faktorer kan ha betydning for at de kommer tilbake til skolen? Nordisk Tidsskrift for Pedagogikk & Kritikk, 2023. 

Marie-Lisbet Amundsen og Geir Holtan Møller: Faglig mestring og prestasjonsangst hos elever som strever med skolevegringTidsskrift for Velferdsforskning, 2022. Doi.org/10.18261/tfv.25.4.

Marie-Lisbet Amundsen mfl.: School Refusal and School Related Differences Among Students With and Without DiagnosisNordisk Tidsskrift for Pedagogikk og Kritikk, 2022. Doi.org/10.23865/ntpk.v8.3514 .

Marie-Lisbet Amundsen og Geir Holtan Møller: Kjønnsforskjeller i undervisningstilbud hos elever som strever med skolevegringPsykologi i kommunen, 2021. 

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS