Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - les mer.
Barn og unge vil trenge hjelp når Gaza skal byggast opp igjen
Mange barn og unge i Gaza slit med posttraumatisk stress, angst og depresjon. – Ei heil gruppe unge skal byggje meistringsstrategiar og prøve å leve fullverdige liv, seier forskar.
Unge i Gaza hadde høg førekomst av PTSD (posttraumatisk stressliding), stress og angst. Angstsymptom som mareritt, var vanlege.
(Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB)
Kva skjer med barn og unge som veks opp i
konflikt og krig? Korleis klarer dei å gå vidare med liva sine og kva kan
samfunnet rundt gjere for å hjelpe?
Forskarane Randi Tofthagen og Hedda Bøe
Nyhus ved OsloMet har studert situasjonen blant barn og unge i Gaza før 7.
oktober 2023. Det var dagen då Hamas angreip Israel. Gazas unge hadde levd i konflikt lenge.
I studien har dei samarbeida med éin norsk og to palestinske kollegaer.
– Vi veit at ting ser heilt annleis ut i
dag. Etter at det braut ut fullskala krig, har mange døydd. For dei som er
igjen, er hjelpebehovet enda større enn det var, seier Nyhus.
Likevel har krigen berre gjort
forskingsresultata viktigare, meiner Nyhus og Tofthagen.
Kvart fjerde valdsutsette barn kan få
PTSD
I studien samla forskarane eksisterande studiar
på krigsrelaterte traume blant unge i Gaza og kva konsekvensar dette har for
psykisk helse. Dei såg dessutan på meistringsstrategiar og såkalla resiliens, altså
motstandskraft – evna til å handtere stress og katastrofar.
Mellom anna fann dei at unge i Gaza hadde
høg førekomst av PTSD (posttraumatisk stressliding), stress og angst.
Angstsymptom som mareritt, var vanlege.
Etter hendingar i Gaza det siste året er
førekomsten truleg langt høgare, påpeikar forskarane.
– Mange barn har blitt vitne til bomber,
øydeleggingar av bustadområde og svolt. Dei ser menneske bli drepne i krig. Vi
veit at barn som opplever mellommenneskelege konfliktar, krig og terror, er
meir utsette for PTSD enn barn som til dømes mistar foreldre i ulykker, seier
Tofthagen.
Deira eigen studie presenterer ikkje
eintydige tal. Ut ifrå tidlegare forsking kan ein rekne med at kvart fjerde valdsutsette barn
utviklar PTSD. Til samanlikning har rundt ein til to prosent av folk i Noreg dette
til kvar tid.
Jenter kan vere ekstra sårbare
I Gaza-studiane forskarane såg på, skåra
jenter jamt over høgare enn gutar for subjektiv livskvalitet. Det vil seia kor nøgd dei var med livet.
Likevel: Ifølgje fleire av studiane var
det å vere jente, eldre ungdom mellom 16 og 19 år, ha ein far som står utan jobb samtidig som
du blir eksponert for krigshandlingar, dei viktigaste risikofaktorane for å utvikle
PTSD i Gaza.
Det å vere jente og eldre ungdom var også
viktige risikofaktorar for angst. Å vere jente var den einaste merkbare
risikofaktoren for depresjon.
– At jenter og også kvinner truleg er meir
utsette, er kjent også frå tidlegare. Studiar synest å vise at jenter i større
grad enn gutar opplever mellommenneskelege traume. Jentene kan klandra
seg sjølve meir enn gutane gjer. Men temaet er samansett, seier Tofthagen.
Å klare å handtere kjenslene
Tofthagen og Nyhus har i tillegg undersøkt
kva som gjer at nokon barn og unge ikkje utviklar psykisk sjukdom sjølv om dei
opplever grufulle ting.
Ein førebyggjande faktor forskarane fann, var
at barna fekk tilfredsstilt sine grunnleggande psykologiske behov. Dette
spenner breitt. Det betyr mellom anna å bli anerkjent, elska, få uttrykke seg og
oppleve håp.
Ein annan førebyggjande faktor er gode
strategiar for å regulere kjensler.
– Slike strategiar handlar om at du er
bevisst på kva som triggar reaksjonar hos deg, korleis du reagerer og kva du
bør gjere for å regulere reaksjonane dine: å finne måtar å takle kjenslene på,
seier Tofthagen.
I hjelpearbeidet må ein støtte barn og
ungdom sine ressursar og ikkje definere dei som offer, legg ho til.
Gruppesamtalar og psykisk helsehjelp
To av forskarane bak studien er
palestinske. Ein av dei bur i Palestina og er sjølv på flukt med familien sin.
Samarbeidet har gjort Tofthagen og Nyhus ekstra opptekne av å følgje opp med
fleire studiar. Det er dei no i gang med.
– I Gaza finst det i dag ei heil gruppe
unge som skal byggje meistringsstrategiar og prøve å leve fullverdige liv.
Mange har opplevd grufulle ting, seier Nyhus.
Eitt mogleg tiltak som omverda kan bidra
med, er såkalla intervensjonsprogram. Slike tiltak kan vere gruppesamtalar for å styrke
sosial støtte blant unge eller psykisk helsehjelp retta mot grupper med
spesifikke behov, forklarer ho.
– Intervensjonar må bli bygde opp etter
dokumenterte behov som det er støtte for i studien. Her treng vi enda meir
kunnskap, men vi veit at det trengst både akutt behandling og langsiktig
arbeid, og det må skje både på individ- og samfunnsnivå, seier Hedda Bøe Nyhus.
Studien vart nyleg tildelt pris frå tidsskriftet Mental Health & Prevention på grunn av den potensielle påverknaden han kan ha på mental helse, førebyggingspraksis og vidare forsking på temaet.
Referanse:
Abdallah Abudayya mfl.: Consequences
of war-related traumatic stress among Palestinian young people in the Gaza
Strip: A scoping review. Mental Health & Prevention, 2023.
Les også disse sakene fra OsloMet:
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER