Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Stavanger - les mer.

Nærbilde av tre elevar som skriv og ser på pc. Forskarane finn mykje bra, men også veikskapar med alle verktøya for lesing og skriving.
Forskarane finn mykje bra, men også veikskapar med alle verktøya for lesing og skriving.

Dette blir for lite brukt i norsk skule 

Gode lese- og skriveverktøy kan gje god hjelp til elevar med lese- og skrivevanskar.

Publisert

Skrivehjelpemiddel er program som kan rette skrivefeil og hjelper deg med å finne og forklare ord. Om du har lese- og skrivevanskar, kan eit program hjelpe til om du blandar bokstavar som liknar på kvarandre. 

Hjelp til å finne neste ord vert kalla ordprediksjon. Då tolkar stavekontrollen kva som naturleg kan vere neste ord i samanheng med det du har skrive.

– Lese- og skriveverktøy har gjennomgått ei stor teknologisk utvikling dei siste åra. Når du no nyttar funksjonar som stavekontroll og ordprediksjon, syntetisk tale og tale-til-tekst oppnår ein mykje korrekt skriving – såframt ein kan nytta verktøya godt.

Det meiner forskar ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, Margunn Mossige. 

Ho har den siste tida undersøkt hjelpemiddel for elevar som strever med lesing og skriving. Funna er publisert i det vitskapelege tidsskriftet Dyslexia

Forskinga viser at det finns mange gode verktøy, men samtidig viser det seg at dei blir brukt mindre enn venta.

Ni populære program

  • Teknologiske lese- og skriveverktøy kan betre skrivinga for elevar med dysleksi, men blir mindre brukt enn venta. Forsking på relevante teknologiske funksjonar er sjeldan. 
  • Studien såg på behova til dyslektikarar og korleis skriveverktøy for tre nordiske språk møter desse. Forskarane undersøkte stavekontroll, ordprediksjon og tekst-til-tale i ni populære program. 
  • Resultata viser at avanserte stavehjelpemiddel kan gi nøyaktig staving for dei med moderate vanskar, men kan forstyrre skriveflyten.

Kan hemme skriveflyt

– Dei fleste elevane veit at det er viktig å prioritera ein gjennomgang med teknologiske skriveverktøy etter at ein tekst er ferdig, seier Helena E. Hallgren.

Verktøya kan altså gje god hjelp for elevar med lese- og skrivevanskar. At dei ikkje blir brukt, er det fleire årsaker til, ifølgje Mossige.

– Det er mange ulike verktøy og kvaliteten varierer. Standardløysinga er ikkje alltid den beste. Dessutan er det veikskapar med alle verktøya. Bruker ein til dømes stavekontroll, kan teksten bli nesten heilt korrekt, men den stadige påpeikinga av stavefeil som stavekontroll gir, kan hemme skriveflyten og forstyrre tenkinga til den som skriv.

Videre viser undersøkingane at tale-til-tekst-programma har blitt såpass gode at det er fullt mogleg å diktere norsk tekst, men at det framleis er slik at programma misoppfattar inntil ti0 prosent av det som blir sagt.

– Det er jo sjølvsagt irriterande for brukaren, men slike vanskar og andre kan motverkast med god opplæring, seier Margunn Mossige.

Forskinga er gjort gjennom forskingsnettverket Text Performers. Tilsvarande resultat føreligg også i Danmark og Sverige.

Stor nytte i gode hjelpemiddel

Hetland vidaregåande skule i Stavanger har lagt ned ein god innsats for å ta i bruk digitale skriveverktøy. Dei er einige i at mange av verktøya gjer eit godt utbytte for mange.

Margunn Mossige er dosent i lesevitskap ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking.

– Det me ser, er at det er litt høg terskel for å komma i gang med å nytta dei gode verktøya, sjølv om dei finns, seier lektor på Hetland, Helena Eracleous Hallgren.

Ho er, i tillegg til å vera spansk- og engelsklærar, spesialpedagogisk rådgjevar. Med i den stillinga er det satt av tid til å nettopp rådgje elevane i å nytta ulike funksjonar og verktøy for å få betre læringsutbytte i både lesing og skriving.

– I rådgjevarrolla rettleier eg elevar på heile skulen. Ofte set me av rettleiingstida for å sjå på funksjonalitet eller strategiar for bruk.

Ho erkjenner at det er tidkrevjande. Dei skulle gjerne hatt meir tid til kvar enkelt elev. Skulen har derfor også lagt til rette for at Hallgren har kurs for dei andre lærarane om korleis dei kan hjelpa og støtta elevane med verktøya.

– Alle har gode føresetnader for å kjenna til funksjonane når dei allereie er i program dei har vane for å bruka kvar dag, som til dømes i Word. Lesing og skriving er viktig i alle fag, så alle lærarane er med og drar lasset for å få til god tilrettelegging til dei som har lese- og skrivevanskar, legg Hallgren til.

Ho trekk særleg fram funksjonar som diktering, funksjonen engasjerande lesar og markering av spesifikke ord som nyttige funksjonar som finns i Word.

God planlegging har mykje å seia

Erfaringane Hallgren har fått gjennom å ha jobba tett på elevar med lese- og skrivevanskar i lang tid, er at ho ser at elevane også har ein jobb å gjera sjølv gjennom å planleggja betre i ein skriveprosess.

– For elevar som slit, er det fullt forståeleg at dei mot slutten av ein skriveprosess blir litt utmatta. Dei fleste elevane veit at det er viktig å prioritera ein gjennomgang med teknologiske skriveverktøy etter at ein tekst er ferdig. Det må me også hugsa på å minna dei om – sjølv om det kan opplevast vanskeleg.

Og gevinsten av å faktisk nytta verktøya godt, det undersøkte Hallgren sjølv i masteroppgåva si i spesialpedagogikk, som ho leverte i 2021.

– I masterstudia mi tok eg føre meg fire elevar på vidaregåande som alle hadde fått påvist sein dysleksi, og korleis dei opplevde det sjølv. I den samanhengen er det indikasjonar på at det å ta imot tiltak kunne ha ein positiv innverknad på elevane si eigen meistringstru og motivasjon. 

Måten Hetland vidaregåande skule prioriterer tid og ressursar til å rettleia elevane med lese- og skrivevanskar får skryt av Margunn Mossige: 

– Elevar med skrivevanskar har krav på å få tilrettelegging slik at dei kan få vise kva dei kan. Skal dette gjelde alle med skrivevanskar, må fleire skular leggja til rette for systematisk arbeid, til dømes slik som Hetland har gjort. Det er viktig med ressurspersonar som kan halda i arbeidet, og at alle lærarar er med og bidreg i opplæring og bruk av skriveteknologi, seier Mossige.

Referanse:

Margunn Mossige mfl.: How do technologies meet the needs of the writer with dyslexia? An examination of functions scaffolding the transcription and proofreading in text production aimed towards researchers and practitioners in education. Dyslexia, 2023. Doi.org/10.1002/dys.1752

Powered by Labrador CMS