Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - les mer.

Vestland er det tredje største fylket i landet, målt i folketal og arbeidsplassar. Korleis blir framtida her?

Olja kan sinka det grøne skiftet i Vestland i fleire år. Korleis skal dei løysa det?

Vestland er største fylke målt i eksportverdi, men også størst i klimagassutslepp. No skal forskarar foreslå løysingar på utfordringane.

Publisert

– Hovudmålet har vore å setje søkjelys på berekraftsutfordringar i Vestland, for å sikra at komande planar betra kan sikra ein berekraftig regional utvikling, seier prosjektleiar Heidi Bergsli, forskar ved NIBR på universitetet OsloMet.

Vestland er det tredje største fylket i landet, målt i folketal og arbeidsplassar. Men det er det største fylket målt både i eksportverdi og klimagassutslepp. 

Vestland har store naturressursar og unike naturlandskap og naturverdiar å forvalta.

Fylket har utfordringar knytt til aukande klimagassutslepp, nedbygging av natur og areal for matproduksjon og dessutan negativ utvikling i natur- og artsmangfaldet.

Alt dette blir påverka av utvikling innan næringsliv, reiseliv, transport og utbygging.

– Samproduksjon gir moglegheit til å forstå problema på nye måtar, sier Heidi Bergsli.

– Samfunnsendringar me skal gjennom for å møta klima- og naturkrisane, vil krevje nye måtar å jobba og samhandle på, seier Liz Eva Tøllefsen i Vestland fylkeskommune.

Fylkeskommunen sambeider no med forskarar frå By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved OsloMet for å utarbeida kunnskap om moglege utviklingsretningar framover.

Ujamn utvikling

– Delar av samfunnsutviklinga i fylket dei seinare åra har gitt auka utfordringar med å nå enkelte mål om berekraftig og balansert utvikling, seier Knut Onsager, forskar ved NIBR og ansvarleg for ein regional analyse utarbeidde for Vestland.

Fylket har til dømes ei svært ujamn geografisk utvikling i befolkning og arbeidsplassar.

Storbyregionen Bergen og nokre småby-regionar har litt tilvekst.

– Resten av fylket består av mange distriktskommunar med svært ujamn utvikling, mange med befolkningsnedgang og aukande utfordringar med å oppretthalde velferdsteinestar og servicetilbod, seier Onsager.

Fylket har dessutan nettoutflytting av unge vaksne til Austlandet. Det er negativt påverka av enkelte sentraliserings-prosessar nasjonalt.

Aukande utanforskap

– Fylkeskommunen kan sjølv satsa ytterlegare på å stimulera det grøne skiftet, sier Knut Onsager.

Fylket har berekraftsutfordringar knytt til utanforskap for unge vaksne og innvandrarar, og ellast for høgt fråfall i vidaregåande skula.

– Her er store ubrukte menneskeleg ressursar. Det er og stor mangel på arbeidskraft til velferdsteinestar, det grøne skiftet og nye framtidsretta næringar i ulike delar av fylket, seier han.

Det skjer samtidig som det er full gass og sterk sysselsetjingsvekst i olje- og gass-sektoren med relaterte næringar - blant anna som følgje av skattepakken til stortinget til næringa for tre år sidan.

Den nasjonale olje- og gasspolitikken kan framleis bidra til å svekkje omstillingsevna i Vestland i fleire år. Det kan også hemma tempo i det grøne næringsskiftet som er nødvendig for er meir framtidsretta berekraftig næringsstruktur i fylket, seier Onsager.

Vestland har ein plan

Bergsli og Onsager har jobba med å utvikla eit kunnskapsgrunnlag for den regionale utviklingsplanen i Vestland. Dette er ein regional strategi for framtida.

Vestland fylkeskommune har med det teken i bruk heilt nye metodar for å sikra ein meir heilskapleg plan for fylket.

Ved å samarbeida med forskarar, konsulentar og samfunnsaktørar, og henta inn brei innsikt gjennom spørjeundersøkingar, har Vestland skapt eit nytt grunnlag for ein kunnskapsbasert, inkluderande, og berekraftig regional utvikling.

Samproduksjon, som metoden heiter, brukast spesielt innan utfordrande styringsområde, og samarbeidet har til dømes gitt Vestland innsikt i berekraftsutfordringar som klimaendringar, demografi, sosial ulikskap og økonomi.

– Tilnærminga gir moglegheit til å forstå problema på nye måtar, seier Bergsli.

Kunnskapsgrunnlaget for Utviklingsplanen omfattar tre hovuddelar:

  • Data, statistikk og analyse av regionale utviklingstrekk (regional analyse)
  • Folkehelseoversikt etter folkehelselova (folkehelseoversikt)
  • Samanstilling av utfordrings- og moglegheitsbilete (utfordringsdokument)

Å skape saman

  • Samproduksjonen eller samskaping er ein metode for å auke kunnskapsnivå og forståing for ulike faglege ståstadar og samfunnssektorar, både for lokale og regionale samfunnsaktørar. 
  • Alle vil ha inngåande kjennskap til kva for aktørar og hendingar som driv utviklinga i klimagassutslepp, kva for konfliktar og løysingar fornybar energi utløyser og kva for samarbeid som bør utviklast for å fremje løysningar.
  • Forskarane har bidrege med systematiske metodar for å innhenta ny eller manglande djupnekunnskap. Dei bidreg òg med formidling av forsking om samanhengar, målkonfliktar og dilemma.

NIBR har hatt ansvar for den regionale analysen, medan fylkeskommunen sjølv har utarbeidd folkehelseoversikta.

Kunnskap om utfordringane er utvikla av alle partar på grunnlag av ein framsynanalyse (scenarioa, sjå lengst nede i saka), ei spørjeundersøking og bruk av eksisterandande plankunnskap frå Vestland fylkeskommune.

I den regionale analysen er det nytta FN sine tilrådde handlingsområde. Desse er omset dei til den regionale konteksten i Vestland, der fem utfordringsområde er identifisert:

  • Regional, by- og bygdeutvikling
  • Klima og energi
  • Livskvalitet og like moglegheiter
  • Naturmangfald og areal
  • Verdiskaping og kompetanse

Frå kunnskap til handling

Kunnskapsgrunnlaget har definert ulike utfordringsområde for Vestland i framtida. Målet er å styrke fylkeskommunen som samfunnsutviklar og retta innsats mot grøn og rettferdig omstilling.

Vestland Fylkeskommune er bestemt på å gjere om kunnskapen til handling.

Funna frå forskarane skal inn i den kommande utviklingsplanen, der fylkeskommunen skal ha dialogmøte i dei ulike regionane.

– Der skal me gå i djupta på dei ulike utfordringsområda som kunnskapsgrunnlaget har definert, og utfordra kommunane på korleis me i fellesskap møter og finn løysingar på desse, seier Liz Eva Tøllefsen i Vestland.

Utviklingsplanen skal vere eit verktøy for å styra utviklinga til regionen i tråd med berekraftsmål og regionale behov.

– Det vil krevje organisatoriske endringar hjå oss, frå sektororganisering til heilskapleg samfunnsplanlegging som speglast både i regionalt planverk og verkemiddelapparatet, seier Tøllefsen.

Ny praksis

Onsager undertrekar at det ikkje treng å sjå så mørkt ut for Vestland. Fylkeskommunen har moglegheiter.

– Fylkeskommunen kan sjølv satsa ytterlegare på å stimulera det grøne skiftet, til dømes gjennom innovasjon i næringslivet og styrke satsinga på null utslepp i kollektiv transport, seier han.

Kartlegging med spørjeundersøkingar

For å innhenta breiare innsikt frå Vestlands innbyggjarar, har NIBR utført omfattande spørjeundersøkingar.

Bergsli og Monkerud ved NIBR har sett på kva tilsetja, sentrale aktørar og fagpersonar i Vestland meiner er dei viktigaste utfordringane, styrkane, svakheitene og moglegheitene i fylket.

Dei har vidare sett på korleis noverande utviklingsplan nyttast og korleis det arbeidast med berekraft, saman med Aase Kristine Lundberg ved Nordlandsforskning.

Bergsli er einig. Ho viser til at dei som ein del av prosjektet har utforska fire framtidsscenario (sjå lengst nede).

– Dei gjer grunnlag for å diskutera store samfunnsutfordringar, som me veit vil vere viktige, men som ikkje er føreseielege i korleis dei spelar seg ut, seier ho.

Samarbeidet og kunnskapsgrunnlaget er peika på som ei viktig løysing for å møta berekraftutfordringane, ved sidan av innovasjon i offentleg sektor og forsking.

– Får me til ein like god samskapingsprosess i utarbeiding av planen som av kunnskapsgrunnlaget, så kan det danna ny praksis for korleis me jobbar med komplekse problemstillingar i heile Vestland fylkeskommune, seier Tøllefsen.

Scenarioa for 2040

Prosjektet har utforska eksterne faktorar, truslar og moglegheiter gjennom framsynsverkstadar. Ein rekkje samfunnsaktørar frå Vestland deltok i å utvikla scenario. Arbeidet vart leia av konsulent Jan Dietz.

Resultatet er fire ulike scenario for Vestland anno 2040:

  • «Nøysame Vestland»
  • «Tryggleiksvestland»
  • «KI-drivne Vestland»
  • «Klimaherja Vestland»

Kvart scenario har sine unike utfordringar og moglegheiter.

Nøysame Vestland handlar om at Vestland og Noreg opplever ein tøffare røyndom etter å ha trekt i naudbremsen for å nå nullutsleppsmålet.

I scenarioet Tryggleiksvestland må fylket ta eit endå tyngre ansvar for norsk og europeisk energitryggleik og forsyningstryggleik i ei uroleg tid.

I KI-drivne Vestland har fylket mista unge med yrkesfagleg kompetanse og som satsar på kunstig intelligens for å redda velferda.

Medan i scenarioet Klimaherja Vestland, vert fylket råka av stadig fleire og meir brutale klimaendringar og naturhendingar, noko som utløyser forvirring og panikk.

Scenarioa gir eit djuptgåande innblikk i korleis Vestland kan utvikla seg dei neste tjue åra, og peiker retning for diskusjonen av korleis ein skal møta utfordringar i framtida.

Referanser:

Heidi Bergsli, Knut Onsager mfl.: Kunnskapsgrunnlag for regional utviklingsplan: perspektiv, metodar og analysar i ein samproduksjonsprosess i Vestland fylkeNIBR-notat 2023:107, 2023.

Knut Onsager: Vestland fylke og regionane - nokre eigenskapar og utviklingstrekk ved samfunn og berekraft. NIBR-rapport 2023:3, Issue, 2023.

Knut Onsager, Heidi Bergsli mfl.: Senterstrukturar, regionsenter og regional utvikling i Vestland fylke. NIBR-rapport 2022:15, 2022.Vestland fylkeskommune: Utfordringsrapport for utviklingsplan for Vestland 2024-2028 regional planstrategi. Vestland fylkeskommune, 2023.

Deltakare i prosjektet

  • Heidi Bergsli, Knut Onsager og Lars Monkerud ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved OsloMet
  • Jan Dietz ved Dietz Foresight AS
  • Aase Kristine Lundberg ved Nordlandsforskning
  • Vestland Fylkeskommune

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS