Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Nord universitet - les mer.

Hånd som holder en vinflaske
Hybride organisasjonar som Vinmonopolet har fleire mål. I tillegg til økonomiske har dei også sosiale og miljømessige mål.

Vinmonopolet stoppa over 15.000 som var for unge til å kjøpe alkohol

Er det mogleg å selje ein vare og samtidig bidra til å førebygge skadar forårsaka av same produkt? Ja, meiner Husanboy Ahunov. Han har forska på Vinmonopolets førebygging av alkoholskadar.

Publisert

Husanboy Ahunov ville finne ut kva som skjer når bedrifter rapporterer på andre måloppnåingar enn dei reint økonomiske.

Han har studert alkoholindustrien i Finland, Noreg og Sverige.

Særleg har han sett på organisasjonar som har fleire mål samstundes, til dømes kombinasjonar av sosiale, miljømessige og økonomiske mål.

Vinmonopolet og Kirkens Bymisjon er kjende døme på denne typen organisasjonar.

– For å vise at dei skaper sosiale, miljømessige og økonomiske verdiar, utarbeider desse organisasjonane berekraftrapportar. I desse rapportane har dei begynt å nemne korleis dei bidrar til å nå FN sine 17 berekraftsmål, seier Ahunov.

Portrett forsker
Husanboy Ahunov har forska på korleis rapportering bidrar til auka fokus på ikkje-økonomiske verdiar.

Han forklarar at desse måla dekker alt frå å bekjempe fattigdom og svolt til å sikre god utdanning, likestilling og lågare miljøavtrykk.

Rapportering som verktøy

– Dersom vi skal få eit meir berekraftig samfunn, må vi ta i bruk moglegheitene som ligg i rapporteringsverktøy, meiner Ahunov.

Han fortel at ein ut frå Vinmonopolets årsmelding heilt konkret kan sjå kva tiltak som blir praktisert for å påverke alkoholforbruket. Dei bidrar dermed til ei helsegevinst.

– Det handlar om å redusere forbruket av alkohol, seier han.

Stoppa over 15.000 unge

I berekraftrapporten til Vinmonopolet er det talfesta kor mange kundar under 25 år som viste legitimasjon. Det er også tal på kor mange som blei avvist på grunn av alder. 

I 2022 var dette talet 15.278. 

Det blei òg sett i gang opplæringsprogram for å gjere dei butikktilsette tryggare i slike situasjonar.

I tillegg krev Vinmonopolet meir fokus på berekraft hos sine leverandørar. Dei vil ha meir berekraftige produkt, som mindre glas og attvinneleg emballasje.

– Det er interessant å sjå korleis mellom anna Vinmonopolet tar i bruk rapporteringsverktøy for å nå sine sosiale og miljømessige mål. Det er ein stor og imponerande infrastruktur som ligg i botnen. Det er desse prosedyrane som skaper tala, seier Ahunov.

Rapportering løfter fram verdiar

Det har blitt stilt spørsmål om Vinmonopolet klarer å oppretthalde balansen mellom dei sosiale, miljømessige og økonomiske verdiane.

Husanboy Ahunov meiner å ha grunnlag for å seie at rapportering som verktøy er med og løfter fram andre verdiar enn dei økonomiske.

– Ikkje-finansiell rapportering synleggjer den jobben som blir gjort. Det bidrar til å oppretthalde sosiale og miljømessige verdiar, seier Ahunov.

Referanse:

Husanboy Ahunov: Accounting for hybrid organizations: the interplay between hybridity and non-financial reporting. Doktoravhandling ved Nord universitet, 11. desember 2024. Om disputasen.

Powered by Labrador CMS