– Torstein Bae gjer det motsette av det læraren og
journalisten gjer. Han snakkar i lange setningar med mange underordna ledd.
Læraren og journalisten føretrekkjer korte setningar med få underordningar.
Det seier Elin Gunleifsen,
førsteamanuensis ved Universitetet i Agder (UiA).
Ho er språkforskar og sjakkentusiast. No har ho arbeidd
med to av favorittsyslane sine samtidig. Sjakk og språk.
Ho har skrive ein studie om kommentator-språket til
Torstein Bae, han som sit på NRK og forklarer førre trekk og det som kanskje
vert neste trekk når Magnus Carlsen speler sjakk.
Allereie 26. desember er det VM i hurtigsjakk igjen. Da
dukkar både Bae og Carlsen opp på NRK-skjermen. Bae for å kommentere. Carlsen
for å forsvare VM-tittelen sin.
Genial spelar krev kompetent kommentator
Carlsen har vunne alt som er verdt å vinne i sjakken.
Han vinn framleis der han stiller opp, som regel. Og han har betydd mykje for å
gjere sjakken populær.
– Men sjakk er eit komplekst spel. Ein kommentator
som Torstein Bae har gjort sjakken forståeleg for mange ved hjelp av klart
språk. Han skal òg ha ein del av æra for at sjakk har vorte populært, seier
Gunleifsen.
Og så legg ho til:
– Å kommentere geniale spelarar som Carlsen krev høg kompetanse.
Bae demonstrerer uvanlege sjakktrekk frå Magnus Carlsen for sjåarane. Det er
ingen tvil om at kommentarane hans bidreg til at sjåarane klarer å følgje med på
trekka, seier Gunleifsen.
Og mens Carlsen held orden på brikkene sine, held Bae
orden i setningane sine. Ofte er dei lange. Ofte har dei innskot. Ofte har dei
mange underordningar. Men alltid har dei eit poeng. Alltid vert hovudsaka
framheva.
– Han repeterer viktige ting og framhevar trekk og
samanhengar sjåarane må vere merksame på for å forstå gangen i spelet, seier
Gunleifsen.
Studerte språket under VM i 2019
Gunleifsen har sjølvsagt sett sjakkpartia da dei
gjekk direkte på NRK. Men etterpå har ho lytta seg gjennom om lag åtte og ein
halv time med kommentarar frå VM i hurtigsjakk i 2019.
Ho har spola att og fram. Ho har lytta og tenkt. Ho
har notert og analysert. Kva er det reint språkfagleg som gjer at Bae-språket
fungerer så godt?
– Språket hans er spontan tale og direkte
kommunikasjon med sjåarane. Bae kommenterer det som skjer her og no og konsekvensane
det kan ha for neste trekk, seier Gunleifsen.
Lange og klare setningar
Bae fekk Riksmålsforbundets mediepris i 2020. Han har
ein levande og entusiastisk språkbruk, heitte det i talen til Bae.
Annonse
Også
Riksmålsforbundet meinte som forskaren vår at Bae-språket er eit viktig bidrag
til at begeistringa for sjakk breidde seg over heile landet.
Gunleifsen seier Bae på ein enkel måte forklarer komplekse
samanhengar.
– Han snakkar i fullstendige setningar. Han mistar
ikkje tråden undervegs. Bae har er ei ufatteleg god evne til å halde strukturen
i lange setningar, seier Gunleifsen.
Det viktigaste først
Torstein Bae held sjåarane informert om det som har
skjedd, det som kan skje og det som faktisk skjer på brettet. Han har med andre
ord kontroll på fortid, notid og mogleg framtid.
For å halde orden på desse tidsaspekta kommenterer
eller presiserer han tidsaspektet på ein spesiell måte, ifølgje språkforskaren.
Her er eit døme på typisk Bae-språk som Gunleifsen bruker i studien sin:
«Magnus nå
har et ørlite overtak.»
Her er «nå» (adverbial) understreka. Ordet «nå» presiserer
«har» (verbalet). Dei fleste av oss hadde nok plassert «nå»-et etter «har». Men
forskaren seier at ved denne uvanlege plasseringa, framhevar Torstein Bae først
det viktigaste sjåaren må få med seg.
Framhevar hovudpoeng
– Bae er flink til å leggje vekt på den vesentlegaste
tingen i det som skjer. Han seier først det lyttaren må vite for å få med seg
resten av innhaldet i setninga. Plassering av ord og ledd kan verte uvanleg,
men det er likevel godt og klart språk, seier Gunleifsen.
I studien peiker ho på at nokre av språkvala til Bae
kan vere feil om vi vurderer dei etter reglar for grammatikk og syntaks. Men ho
konkluderer med at god språkbruk ikkje nødvendigvis er den grammatisk korrekte,
men det språket som fungerer.
– Godt språk gjer oppgåva si, og det betyr kort sagt
at det fungerer i samanhengen, seier Gunleifsen.
Annonse
Ho minner elles om at lingvistar vanlegvis ikkje er
så opptekne av riktig grammatikk som mange trur. Dei er meir opptekne av at
språket gjer oppgåva si eller er hensiktsmessig i samanhengen.
Magnus Carlsen er kanskje den største favoritten i Usbekistan i jula. Meisterskapen vert sendt på NRK 26.–30. desember.
Då kan det mogelegvis kome kommentarar som kan likne på denne frå Bae under VM i 2019: «Det
er nå han setter inn støtet, vår mester.»