Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

– Etter tre år med avlyste eksamenar har vi moglegheit til å sjå vekk frå noko som vi før tok for gitt at måtte vere der, seier skuleforskar Sverre Tveit.

Kan pandemien ha fjerna eksamen for alltid?

Tre år utan eksamenar vil få ringverknadar, meiner skuleforskar. – Vi står framfor eit skifte i skulesystemet, seier han.

Vi har alle vore der. Etter fleire års skulegang skal det heile avsluttast med den store finalen – eksamen.

Nervepirrande for mange, som ein siger for nokon – og ein nedtur for andre. For dei fleste ein uunngåeleg del av ungdomstid og oppvekst.

Men må det vere slik? Nei, meiner skuleforskar Sverre Tveit.

– Under pandemien blei eksamenar avlyste globalt. Her i Noreg skjedde det i tre år. Eg meiner vi no står framfor ei fundamental endring i skulesystemet, for no kan vi for første gong snakke om eit norsk skulesystem utan eksamenar. No har vi moglegheit til å sjå vekk frå noko som vi før tok for gitt at måtte vere der, seier han.

Ifølgje Tveit er eksamen ein del av ein tung tradisjon som vi har slutta å reflektere over.

– Mitt syn er at åra utan eksamen har gitt oss innsikt i kva eksamen ikkje er. Kva er det vi mister, om eksamensordninga slik vi har ho i dag går ut? Noko skulane sakna under pandemien var kvalitetssikring av standpunktvurderingane, men det kan vi få til også på andre måtar.

Aktuell med ny bok: Daniel Tröhler og Sverre Tveit.

Utfordringar knytt til karaktersetting og testing

For tida er Tveit aktuell med boka «The Nordic Education Model in Context. Historical developments and current renegotiations» der han er medforfattar og medredaktør.

Boka har open tilgang og er eit resultat av UiO:Norden-forskargruppa Den nordiske utdanningsmodellen (NordEd).

– Skal eg framheve eitt einskild resultat av forskingsprosjektet vårt, så er det denne boka, seier han.

Sjølv har Tveit bidratt med eit kapittel om utfordringar knytt til karaktersetting og testing i norsk og svensk grunnskule, saman med professor Christian Lundahl ved Örebro universitet.

Etter andre verdskrig vart karakterar i grunnskulen i stor grad fjerna i barneskulen både i Noreg og Sverige, men med åra er det blitt innført på nytt på mellomsteget i Sverige.

Som ei sitkagran i nordisk skule

Nasjonale prøvar og PISA-testar høyrer til ein testkultur som i stor grad er importert frå det amerikanske skulesystemet, der privatisering og konkurranse mellom skulane står sterkt.

– Importen av desse testane har endra utdanningssystema i Norden, fortel Tveit.

Ikkje ulikt sitkagrana poengterer Tveit. Desse hardføre trea som i store monn blei planta i nordisk jord etter andre verdskrig, og som sidan har teke over store område av norske og svenske skogbotnar.

Forskaren meiner at på same måten som ein har «lånt» framandarta plantar frå Nord-Amerika, som 50 år seinare dominerer skoglandskapet i både Noreg og Sverige, har importen vår av standardiserte testar frå USA endra den norske og nordiske vurderingskulturen – med store konsekvensar for skulekvardagen til elevar og lærarar.

Sitkagran i svensk skog.

Gledeskarakterar

– Det finst forslag til korleis vi kan organisere kvalitetssikring av læringa til elevane og vurderingane til lærarane annleis, seier Tveit.

Skuleforskaren meiner det er på tide å vurdere ei ordning der ein held fram med standpunktvurdering som i dag, men med nokre nasjonalt utarbeidde oppgåver og ei ekstern vurdering av standpunktvurderingane til nokre av elevane.

Målet er å styrke kvalitetssikringa av kunnskapsnivået til elevane og karaktergjevinga til lærarane. Framleis ei form for ekstern sensur, men av grunnlaget for heile standpunktkarakteren til nokre av elevane i staden for å ha ekstern sensur av alle elevane, for berre éi prøve.

– Det blir snakka om at ein ser inflasjon i karakterane som følge av eksamensavlysingane. Stemmer dette?

– Ja, vitnemåla til koronagenerasjonen har høgare snitt enn for elevane i kulla før. Dette har dels samanheng med at elevar i snitt gjer det betre på standpunkt enn på eksamen. I tillegg er det grunn til å forvente at fråværet av kvalitetssikringa som eksamen representerer, har ført til at det sklir litt ut, seier Tveit.

Han fortel at det er det dei i Sverige kallar «glädjebetyg» – gledeskarakterar.

– Det blir forska mykje på dette i Norden. Resultata som eg forventar frå den forskinga, er ei av grunnane til at eg meiner at pandemien har endra skulen for alltid.

Ein modell med fem unntak

Men la oss løfte blikket ut frå sitkagranas grøne skogar. For det er ikkje berre slik at det nordiske utdanningssystemet er påverka utanfrå.

Tidlegare er det også gjort forsøk på å overføre element frå nordisk utdanning til andre land.

På 1970-talet fekk «den nordiske utdanningsmodellen» global merksemd då han blei løfta fram av OECD, men røtene strekk seg lenger tilbake. Nordiske idear om likskap, gratis grunnutdanning for alle og ein kristen tradisjon er like trekk mellom skulesystema i dei nordiske landa.

Men dette er ikkje einstydande med at utdanningssystema i dei nordiske landa er like. Det poengterer professor og medredaktør Daniel Tröhler i boka.

For det nordiske er også ein kulturell konstruksjon, og det finst både forskjellar og fordommar mellom dei nordiske landa. Og på skulen lærer vi å bli ein del av kulturen og ikkje minst av nasjonen, som vi veks opp i.

Tröhler siterer samfunnsforskar Mary Hilson, som skriv at vi må forstå den nordiske utdanningsmodellen som ein modell med fem unntak. Og unntaka? Det er dei fem nordiske landa.

På randen av noko nytt

Med andre ord – det er vanskeleg å bruke «det nordiske» som ein mal andre stader i verda. Og vi skal passe oss for å tenkje på ein bestemt utdanningsmodell som beste løysinga for alle, meiner Tröhler.

– På den eine sida risikerer ein å hylle dei gamle, gode tider. Det er farleg å tenkje at alt var betre før. Samtidig vil det vere problematisk å kritisere alle tilbakeblikk til fortida som rein nostalgi, sa Tröhler då boka blei lansert.

Både Tveit og Tröhler ønskjer seg no meir utveksling av erfaringar på godt og vondt, for å styrke skulen i framtida. Dei siste tre åra har verda vore prega av unntakstilstand. Eksamens- og testkulturen som i lang tid har prega skulen, fekk ein tvungen pause.

No håpar Tveit at vi får sjå nye idear spire.

– Kanskje må ikkje eksamenssystemet halde fram slik som vi alltid har gjort det. Eg trur vi står på randen av ein ny internasjonal samtale der vi kan lære av kvarandre om ulike vurderingskulturar og utdanningssystem, seier Tveit.

Referanse:

Daniel Tröhler mfl. (red.): The Nordic Education Model in Context Historical Developments and Current Renegotiations. Routledge, 2022. Doi.org/10.4324/9781003218180. Samandrag.

Powered by Labrador CMS