– Med doktorgraden min i 2014 viste eg veldig tydeleg at nokre elevar i vidaregåande brukar frykteleg mykje tid på alt anna enn skule: sosiale medium, spel og den type ting.
Det fortel forskar Marte Blikstad-Balas.
Ho skreiv kronikkar og vitskaplege artiklar om problema med det digitale.
– Dermed vart eg sett på som utruleg teknologifiendtleg.
I dag trur ho mange synest at ho er ganske overoptimistisk på vegner av teknologi og digitalisering og altfor oppteken av moglegheitene dei gir, sjølv om ho meiner akkurat det same no.
– Jau, ein blir veldig fort plassert i den såkalla skjermdebatten her i landet. Og det er fordi han er veldig polarisert, spissa og dessverre til tider ganske kunnskapslaus, seier Blikstad-Balas.
Podcast: Om skjermbruk i klasserommet og lesevanar
I denne episoden av podcasten Universitetsplassen kan du høyre Marte Blikstad-Balas blant anna snakke om lesevanane våre.
Polarisert debatt eller ei, professoren i norskdidaktikk er ikkje redd for å dele tankar om korleis vi kan handtere både digitaliseringa og generativ kunstig intelligens.
Ho tvilar på at dei store problema med digitalisering i norsk skulesamanheng handlar om at ungane våre brukar heile skuledagen på plattformer som YouTube og TikTok.
Ho plasserer heller ein del ansvar for utfordringar i skulen hos lærarutdannarar, som ho sjølv også representerer.
– Læreplanen har skyhøge ambisjonar for kva vi skal lære elevane digitalt. I praksis gjer vi likevel noko anna. Og det handlar ikkje om sosiale medium, seier ho.
Funna derfrå tyder på at nordiske elevar får god undervisning på skulen. Vidare tyder det på at undervisninga er til å kjenne att på tvers av dei nordiske landegrensene.
– Men vi har også kanskje fått stadfesta enkelte artige fordommar, som at det er høgare temperatur i diskusjonane hos danskane enn hos svenskane. Dessutan les islendingane meir sagalitteratur enn oss andre, seier ho.
Leseopplæring i ei digital tid
Blikstad-Balas er no i gang med å sjå på korleis digitaliseringa påverkar leseopplæringa til ungane våre.
I eit eige prosjekt skal ho undersøkje leseopplæringa i norskfaget. Og det på nye måtar og i ordinære klasserom.
– Vi skal bruke fleire typar videokamera for å fange heile klassen og undervisninga som skjer. Og ekstra mikrofonar for å få data på så mykje lyd som mogleg.
Annonse
Ho fortel at dei i tillegg har tenkt å gjere skjermopptak på dei digitale einingane elevane brukar, også det med lyd. Målet er å få med så mykje som mogleg av dei digitale aktivitetane og den digitale lesinga.
– Vi er opptekne av at lesing og leseopplæring på tvers av medium må studerast der det skjer, ikkje berre i isolerte eksperiment, seier Blikstad-Balas.
Kva professoren har å seie om kontroversane rundt det nye norskfaget, sitt doble statsborgarskap, eigne lesevanar og kor viktig skulen var for henne sjølv i oppveksten, det høyrer du i episoden her: