Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Athar Mahdieh utnyttar at kreftceller er negativt lada.
(Foto: UiO)
Gen som verkar mot brystkreft, vert effektivt frakta til svulsten
Små bitar av RNA hemmar eit viktig kreftgen, men fyrst må dei kom seg til staden der dei skal verka.
Brystkreft er den vanlegaste typen kreft
blant norske kvinner. Om lag ei av ti kvinner vil få brystkreft ei gong i løpet
av livet.
Det finst fleire typar behandling, men ingen av dei er utan ulemper.
Forskar Athar Mahdieh ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo
arbeider med å redusera ulempene for ein av desse metodane.
– STAT3 er eit gen som stimulerer cellevekst i kreftsvulsten. STAT3 kan òg føra til metastase, altså at kreften spreier seg til andre delar av kroppen, forklarar Mahdieh.
– Men det går an å hindra STAT3 sin aktivitet vesentleg ved hjelp av det som heiter siRNA. Det er små bitar av RNA som har som oppgåve å deaktivera eller hemma andre gen i å uttrykkja seg.
Frakta legemiddel fram til svulsten
Problemet er å få siRNAet fram til
svulsten. Dersom det vert injisert i rein from, vert det berre skild ut att frå
kroppen utan å gjera nokon nytte. Det let seg heller ikkje løysa i vatn, som er
ytterlegare eit hinder for å bruka det i behandling.
– I forskingslitteraturen finn vi nokre
populære transportørar, men som medfører nokre problem i denne samanhengen,
seier Mahdieh.
Forskarane har tidlegare vist at dei kan frakta legemiddel fram til ein kreftsvulst ved å bruka det som heiter
polyuretanar. Les meir om det i denne artikkelen: Slik kan kreftcellene tiltrekkje seg cellegift
Negativt lada kreftceller
Polyuretanar er ein type syntetisk
framstilte polymerar, kjemiske forbindelsar som består av kjedeforma molekyl. Dei
har mange ulike bruksområde. Til dømes kan både kjøkkensvampar og sykkeldrakter
lagast av polyuretanar.
– Som transportør for siRNA brukar vi ei
spesiell form av polyuretan. SiRNA er negativt lada og transportøren positivt lada, så dei
festar seg elektrostatisk til kvarandre, fortel Mahdieh.
– Kreftcellene er òg negativt lada, så når
transportøren kjem fram til svulsten, har han lett for å trengja inn i cella. Positivt
lada transportørar har lettare for å bli tiltrekt av dei negativt lada
kreftcellene. Friske celler er nøytrale eller svakt positive, så dei vert i
liten grad påverka.
Mykje meir treffsikker
Transportøren med siRNA har Mahdieh kapsla
inn i hyaluronsyre, som nok ein del kjenner til som hudpleieprodukt.
Hyaluronsyre finst naturleg i kroppen som ein viktig del av bindevevet.
Eggceller er beskytta av eit lag hyaluronsyre, som sædcellene berre er i stand
til å trengja gjennom ved hjelp av eit spesielt enzym.
– I vårt tilfelle brukar vi hyaluronsyre
for aktiv målretting av transportøren. Hyaluronsyre bind seg til spesielle
reseptorar, mottakarar på cellemembranen, som er overrepresenterte i
kreftceller, seier Mahdieh.
– Dermed vert transportøren mykje meir
treffsikker innkapsla i hyaluronsyre enn utan. Hyaluronsyra bidreg òg til at
effekten på friske celler vert ytterlegare redusert.
Referanse:
Athar Mahdieh mfl.: Novel polyurethane-based ionene
nanoparticles electrostatically stabilized with hyaluronic acid for effective
gene therapy. Colloid and Surfaces B:
Biointerfaces, 2024. Doi.org/10.1016/j.colsurfb.2024.113802
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER