Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Stavanger - les mer.

Redusert karaktergiving verker positivt inn på velferda til studentane, på risikoviljen og evna til å lære av feil, men gir også lågare motivasjon for enkelte elevar.

Er det betre om skulen droppar karakterar? Forsking seier både ja og nei

Vil dempa karakterpress skape mindre stressa og meir motiverte elevar og studentar?

Publisert

Norske elevar og studentar blir vurdert med tal eller bokstavar frå dei startar på ungdomsskolen og til dei går ut av høgare utdanning. 

Karakterdemping

Samtidig er det både ein nasjonal og internasjonal trend å redusere bruken av karakterar. På norsk blir det kalla «karakterdemping». 

Målet med karakterdemping er å fremje læring, gi betre tilbakemeldingar og auke motivasjonen til elevane og studentane. Meir eller mindre bruk av karakterar er også eit heitt politisk tema. Men me veit lite om kva som skjer når lærarane sluttar å gje karakterar. 

– Karakterdemping er ikkje eit enkelt verkemiddel å ta i bruk, seier Henning Fjørtoft. Han er professor i norsk fagdidaktikk ved NTNU.

Blanda resultat

Fjørtoft er prosjektleiar for prosjektet Going Gradeless. Det undersøker kva erfaringar lærarar og elevar har med karakterdemping i vidaregåande skole. 

Forskarane har analysert 23 studiar som utforskar karakterdemping. Studiane ser på både høgare utdanning, ungdomsskolen og mellomtrinnet i barneskolen. Dei fleste er gjort i USA og Europa blant studentar og lærarar i høgare utdanning.

Resultata er delte: Karakterfri skule kan auke studentmotivasjon og læring ved å redusere ytre press og fremje sjølvstendig tenking. På same tid finn forskarane forvirring rundt nye vurderingsmetodar. Lærarane er bekymra for dårlegare studievanar og motivasjon hos studentane med karakterfri skule.

Mindre karakterbruk

Vurderingsforskarane ved NTNU var interesserte i to ting: Kva slags forsking byggjer redusert karaktergiving på? Og kva kjenneteiknar redusert karaktergiving i vurdering?

Ifølgje Fjørtoft legg vurderingssystemet i norsk skole vekt på den profesjonelle autonomien og dømmekrafta til lærarane. 

– Lærarane har store moglegheiter til å legge til rette for ein vurderingspraksis som best passar elevane, seier han.

– Samtidig har Noreg også vektlagt læringsstøttande vurdering helt sidan innføringa av Kunnskapsløftet i 2006. Dette har gjort at mange lærarar sjølv har vald å dempe karakterbruken, fortel Fjørtoft.

Vurderingsforskarane var interesserte i korleis dette artar seg i praksis: Korleis påverkar det læringsmiljøet i skolen? Kva slags konsekvensar kan det ha for vurderingssystemet?

Bør me kutte karakterane?

Forskinga fremjar fleire grunner til å redusere bruken av karakterar. Det kan forbetre tilbakemeldingspraksisar. Det kan auke motivasjon for læring. Det kan forbetre sjølvreguleringa til elevane. Det kan redusere konkurransepress, og det kan fremje samarbeid. 

Nokre studiar viste forbetra studentprestasjon og læring. Andre rapporterte inga endring eller til og med negative effektar. 

Auka motivasjon vart ofte rapportert, særleg når studentane vart oppmoda til refleksjon og sjølvregulering. I tillegg viste mange studiar at redusert karaktergiving hadde positiv innverknad på velferda til studentane, på risikoviljen og evna til å lære av feil. Men det vart også identifisert uventa problem slik som lågare motivasjon for enkelte elevar. 

Fjørtoft synest det er vanskeleg å svare på om norsk skole bør kutte eller dempe karakterar som vurderingsform.

For å nå ulike mål

– Me fann at karakterdemping skjer i mange samanhengar og blir brukt for å nå ganske ulike mål, fortel han.

– I nokre samanhengar vil lærarane redusere ikkje ønske negative trekk, som konkurranse mellom elevar eller stress. I andre samanhengar vil dei forbetre positive trekk, som å styrke tilbakemeldingskulturen i skulen, sjølvreguleringa til elevane eller evna til livslang læring. 

Fjørtoft slår fast at fråværet av karakterar også kan vere ei kjelde til nye og negative endringar som lågare motivasjon. 

– Dette viser at karakterdemping ikkje er eit enkelt verkemiddel å ta i bruk. Skular må drøfte kva slags endring de eigentleg søker å oppnå dersom karakterdemping skal vere eit av verkemidla, seier han.

Ulike måtar å dempe karakterar på

Forskinga viser at karakterdemping blir gjort på ulike måtar. Skulen kan gå over til eit bestått/ikkje bestått-system. Han kan slutte med eller redusere bruken av karakterar. Han kan gi tilbakemelding før karakter, eller han kan utsetje karaktergiving til seinare. 

Strategiane varierte i korleis dei vart sett i verk, men ofte blei karakterar bytta ut med detaljert, formativ tilbakemelding. Fjørtoft er varsam med å seie noko om kva slags system som fungerer best.

– Me kan ikkje seie på generelt grunnlag at mappevurdering er betre enn skriftleg skoleeksamen eller at munnlege prøver er betre enn fleirvalstestar, seier han.

– Då må me heller undersøke om vurderingsforma gir eit godt bilde av kompetansen til elevane eller studentane innanfor det området som vi skal vurdere. Så må me diskutere om me har en klar idé om korleis me skal bruke resultata frå vurderinga. 

Henning Fjørtoft peiker på at når forskarane bedømmer kvaliteten i ei vurdering, så er det alltid opp mot formålet. Så må dei balansere formålet med vurderinga opp mot kva som gir det beste bildet av læringa til eleven eller studenten og mot kva slags kostnader denne vurderingsforma har.

Undersøker i Noreg

For å finne ut meir om korleis karakterdemping fungerer i praksis, skal Going Gradeless undersøke erfaringar som lærarar og elevar har med eit karakterdempa løp i sju utvalde norske vidaregåande skular. Hovudvekta skal ligge på norsk, engelsk, matematikk og programfag i yrkesfagleg opplæring. 

– Me samlar inn kvantitative og kvalitative data på skolane for å sjå korleis karakterdempinga påverkar skulemiljø og vurderingssystem. Me vil blant anna samanlikne erfaringar frå ulike fag på studiespesialiserande og yrkesfaglege program, undersøke samtaler mellom lærarar og elevar og sjå nærmare på korleis lærarar vurderer elevsvar, seier Fjørtoft.

Målet er at prosjektet skal gje kunnskap både om den profesjonelle praksisen til lærarane på klasseromnivå, om skuleutvikling og skuleleiing og om forvaltninga av vurderingssystemet.

Referanse: 

Dan-Anders Normann, Lise Vikan Sandvik og Henning Fjørtoft: Reduced grading in assessment: A scoping review. Teaching and Teacher Education, 2023. Doi: 10.1016/j.tate.2023.104336

Powered by Labrador CMS