Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Nokre pasientgrupper må gjennom omstendelege prøvetakingar for å finna riktig legemiddeldosering.

Raskare tilpassing av medisin med nye metodar 

Med nye metodar for modellering av legemiddel kan forskarar persontilpasse doseringar – raskare enn nokon sinne.

Folk tek ikkje opp legemiddel like raskt eller like effektivt. Ofte, som med mange reseptfrie legemiddel, har ikkje det så mykje å seia så lenge vi fylgjer rettleiinga på pakken og det legen har bestemt.

Men ein del legemiddel har eit betydeleg mindre terapeutisk vindauge, som det heiter. Det terapeutiske vindauga er den dosen der ein får i seg nok legemiddel til at det har ynskt effekt, men ikkje så mykje at det gjev plagsame biverknadar.

– For nokre pasientgrupper, nyretransplanterte til dømes, betyr det at dei må gjennom relativt omstendelege prøvetakingar, fortel forskar Markus Hovd som forska doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

Augeopnar i Los Angeles

– Dei må kanskje vera på sjukehuset heile dagen for å sjå korleis legemiddelet vert teke opp etter to timar, fire timar og så vidare.

– Den typen modellering som vi gjer no er noko heilt nytt, seier Markus Herberg Hovd.

I doktorgradsarbeidet sitt har Hovd arbeidd med modellar som skal gjera dette arbeidet lettare for både pasient og behandlar.

Matematiske modellar er abstrakte, matematiske representasjonar av verkelege fenomen. Slike modellar kan simulere fysiske og biologiske prosessar. 

– Verktøya eg ville bruka for å laga modellar, var ikkje bra nok. Vi har store datasett med pasientregistreringar, og måtte ta i bruk tungrekning for å køyra dei store, komplekse modellane våre, fortel han.

Slik tungrekning kan du lese meir om i denne artikkelen: Superdatamaskiner bidreg til persontilpassa medisinering

Men eit forskingsopphald i Los Angeles vart ein augeopnar. Han besøkte forskargruppa som hadde utvikla verktøyet han brukte, men som eigentleg ikkje var laga for hans bruk.

Undersøkte legemiddelopptak i hjernen

– Eg fekk mykje betre kontakt med dei då eg var der. Så no lagar vi eit verktøy som spinn ut av det førre. Det nye verktøyet gjer det mykje enklare å modellera. Det kan køyrast på ein vanleg PC og likevel gjera modelleringa raskare enn tungrekninga gjorde tidlegare, seier Hovd.

– Den typen modellering som vi gjer no er noko heilt nytt, seier han.

Modelleringa hans har tiltrekt seg interesse frå fleire samarbeidspartnarar undervegs i doktorgradsarbeidet.

– Saman med Per Kristian Eide, professor ved Institutt for klinisk medisin og seksjonsoverlege på Rikshospitalet, undersøkte vi legemiddelopptak i hjernen, fortel han.

Mange moglegheiter for samarbeid

Forskingsprosjektet har no fått midlar til å opna eit nytt K.G. Jebsen-senter for hjernevæskeforsking. Her har modellering av MR-kontrastmiddelet gadobutrol har ein helt sentral rolle. 

Markus Hovd har òg hatt eit samarbeid med Sjukehuset Vestfold og AstraZeneca om korleis kraftig vekttap påverkar opptak av legemiddel.

No arbeider han ved Nyrefysiologisk laboratorium på Rikshospitalet. Der har han også vurdert kor følsame modeller er for å bestemme nyrefunksjon.

– Eg er òg veldig nøgd med at modellen ikkje berre kan brukast i forsking på store populasjonar, men òg i pasientbehandling i klinikk. På labben vår på Rikshospitalet har vi utvikla ei nettside for å vurdera nyrefunksjonen til alle nyretransplanterte i Noreg, seier Hovd.

Referanse:

Markus Hovd: Clinical pharmacometrics with diagnostic probes. Non-parametric techniques in pharmacokinetic studies. Doktoravhandling, Universitetet i Oslo, 2024.

Powered by Labrador CMS